Etter gymnaset jobba eg eitt år, og avtente deretter fyrstegongstenesta. Sidan vart det eitt år på jordbruksskule i Austfold og eitt år på bibelskule i Grimstad, der eg møtte ho som skulle bli kona mi. Saman flytte vi til Gjøvik og tok utdanning; ho som sjukepleiar, og eg som byggingeniør.
Då eg var ferdig med utdanninga, var det håplaust å få jobb som ingeniør, og det vart til at eg tok meg jobb som avløysar eitt år. Men så skulle far min operere kneet sitt, og vi pakka sakene våre og flytte til Bagn, der vi tok over garden. No vart eg bonde på heiltid, og det held eg fram med i nesten 20 år. Det var fyrst då eg vart med på ei samdrift i 2012 at eg kunne ta meg arbeid utanom, sidan eg no berre hadde att ungdyr, og dermed eit betrakteleg lettare stell på garden.

Og endeleg skulle eg få skikkeleg bruk for utdanninga mi, då eg for seks år sidan byrja i jobben som bygningsingeniør i planavdelinga i Sør-Aurdal kommune. Her har eg ansvar for nybygg og større vedlikehaldsprosjekt i kommunen, der det i det siste er Sør-Aurdalshallen og rehabilibteringa av Bagn kyrkje som har oppteke det meste av tida mi.Ved sida av denne jobben, har eg også ei lita stilling som klokkar i kyrkja.

Den tida eg var bonde på heiltid, var eg aktiv medlem av bondelaget i Sør-Aurdal. Då vart eg valt inn som representant i fylkesstyret, der eg var i fire år. Dessutan var eg med i meierisamvirket ei tid, og eg sat også ein periode i kommunestyret for Sp.
No driv eg med friviljugt barne- og ungdomsarbeid på bedehuset, for eg brenn for at borna i Bagn skal få ein fin oppvekst. Elles er eg glad i å reise og gå på tur, sumar som vinter. Men når eg kan setje meg ned med ein kaffikopp og har tid til å lese ei bok, ja då er livet som best!

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)