Med ein gong eg var ferdig på ungdomsskulen, reiste eg til Los Angeles som utvekslingsstudent. Sidan dette er verdas filmhovudstad, er det er mange kjendisar i området, og ein gong fekk eg handhelse på Paul Newman. Dessutan var to av jentene på skulen nieser av Charles Bronson. Det var eit spennande og lærerikt år, og eg har framleis kontakt med fleire av dei eg gjekk i lag med på skulen.

Eg vart ferdig utdanna spesialpedagog i 1994, og jobbar no ved Vang barne- og ungdomsskule. Her har eg hovudansvar for ein elev med spesielle behov, der eg jobbar mest med kommunikasjon, at vedkomande skal behalde fysikken, samt ADL-trening. Denne eleven har ikkje språk, og brukar ein Ipad med eit program som heiter «WidgitGo», for å kommunisere. Programmet har teikningar og stemme, slik at vi både kan sjå og høyre kva eleven ynskjer å formidle. Programmet er i stadig utvikling, og akkurat som andre elevar utviklar sitt språk, blir også dette programmet utvikla etter kvart.
Når ein har elevar med slike utfordringar, er det viktig å ha eit godt samarbeid med PP-tenesta, fysio- og ergoterapeut, assistentane ved skulen, og sjølvsagt dei føresette. Hjå oss fungerer samarbeidet heldigvis veldig godt, og assistentane ved skulen har vorte gode venninner.

Elles har eg norskundervisning for framandspråklege elevar, hovudsakleg i barneskulen. Det er naturlegvis ein overgang for dei å skulle venje seg til ein heilt ny kultur, og dessutan er mange traumatiserte. Men etter kvart som tida går vil tryggleiken ta ein større plass i liva deira, og dei vonde minna blir svakare.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)