Det er ikkje alle karar som er fødd og oppvaksne i Valdres som kan seie at dei har vorte «tvangsgifte», men det kan eg! Ho som skulle bli kona mi hadde nemleg sjukepleiepraksis i Tanzania, og ein gong eg reiste ned for å besøkje henne, fekk eg fyrste kvelden beskjed om at dagen etter skulle vi gifte oss! Eg visste ikkje noko om at ho hadde førebudd bryllaup til eg kom, så det var mildast tala ei stor overrasking.
Før vigselen fekk vi to timar ekteskapsrådgjeving, der kona mi mellom anna fekk beskjed om at ho skulle lystre sin mann! Vi vart vigde av ein lokal prest, og til stades var ei rekkje masaikrigarar, og 15-20 sjukepleiarstudentar frå Akershus. Forlovaren min var hovdingson og masaikrigar, og under kleda hadde han ein 50 cm lang kniv.
På festen etterpå spelte eit lokalt band, og minst 100 menneske frå landsbyen dansa og underheldt. Bryllaupsreisa gjekk til Zanzibar dagen etter, og vi køyrde 12 timar med buss for å kome oss dit. Vel framme reiste vi på safari, og fekk sjå det rike dyrelivet, og alt det fine som Afrika har å by på. Det var eit makelaust flott bryllaup, og eit minne for livet!

No, seks år seinare, har vi nett kjøpt oss hus i Ulnes. Her bur vi saman med sønene våre, som blir to og fire år seinare i år. Eg er eigentleg odelsgut på ein gard i Vang, men det er bror min som kjem til å ta over drifta. For tida arbeider eg ved fengselet i Slidreøya, og trivst veldig godt med det.
Ved sidan av jobbane våre driv vi og pussar opp huset og jobbar i hagen, og med to søner som er aktive og fulle av liv, er det full fart og mykje å henge fingrane i!

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)