På vidaregåande gjekk eg handel og kontor, for eg hadde lyst til å bli revisor. Men far min fekk slag, og var ikkje lenger i stand til å drive firmaet sitt, Solheim Trevare. Så då eg skulle i militæret vart eg overflytt til HV, slik at eg kunne ta meg av firmaet. Dermed vart planane om å bli revisor lagt bort for godt.
Her på Solheim Trevare produserer vi alt av innreiingar til hus og hytte, og har no ti personar i arbeid. Det følgjer eit stort ansvar, men også stor fridom, med å drive for seg sjølv, og det er sjølvsagt kjekt å skape arbeidsplassar, og vere til nytte for samfunnet.
Eg vart med i støtteapparatet til SAFK i 1992/-93, rett før vi rykte opp til 4.-divisjon. Ti år seinare slo vi oss saman med Fagernes, og snart såg Valdres FK dagens lys. Det vart opprykk til 2.-divisjon, der vi heldt stand i sju sesongar. Av sportslege høgdepunkt vil eg nemne bortekampen mot Ham-Kam som sytte for opprykket til 2.-divisjon, og cupkampen borte mot Brann, med 1200–1400 valdrisar på tribunen.
Elles er eg interessert i musikk, særleg prog metal. Eg har mange fine konsertopplevingar å sjå tilbake på, men det er også fint å setje seg ned med ein øl ein laurdag etter ei hard arbeidsveke, ta på seg hovudtelefonen, og drøyme seg bort i musikken.
Då eg var 36 år fekk eg hjarteinfarkt, og det var ein real vekkjar. Fram til då hadde eg levd i eit fastgrodd mønster, der eg sa ja til alt. Det høyrest kanskje rart ut, men for meg var det ei lette å havne på intensiven, for då innsåg eg at eg ikkje var så usårleg som eg trudde, og at eg no hadde sjansen til å snu om. Så eg slutta å røykje, byrja å trimme, og la om på kosthaldet. Dessutan vart eg flinkare til å lytte på kroppen, så no kjenner eg mine eigne avgrensingar mykje betre.
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)