På fritida er det skyting, jakt og fiske som er dei store hobbyane mine. Når det gjeld skyting, har eg vore med som deltakar på landsskyttarstemnet sidan eg var 11 år. Det har vorte finaleskyting fleire gonger, og eg har også fått medalje. For konkurranseinstinktet er det ikkje noko å seie på!
Når hausten kjem, er det elgjakt som gjeld. Eg er med på jaktlaget til far min, og i fjor haust skaut eg min fyrste elg, noko som var ei stor oppleving!
Sidan eg har vakse opp med elva Begna som næraste nabo, har eg ikkje reint få fisketurar bak meg, sumar som vinter. Det har naturleg nok vorte mest fisking i Begna, men eg likar også godt å reise opp på åsen for å fiske. Vi har hytte i Hedalen, og eg kan ikkje tenkje meg noko betre enn når eg tidleg ein fin sumarmorgon dreg ut til Buvassfaret eller Øyvassfaret for å fiske. Då har eg heile dagen heilt for meg sjølv, og alt eg høyrer rundt meg er naturens eigne lydar. Det er ikkje mykje som kjem opp mot det!
Eg må likevel vedgå at eg ikkje er så begeistra for å ete fisk, men fiskepinnar går greitt!

I fjor haust fekk eg fagbrev som tømrar. Læretida er på to år, og eg var så heldig å få lærlingplass hjå Valdresbygg, der eg også fekk fast jobb etterpå. Den største jobben eg har vore med på var bygginga av NAUS, og akkurat no held vi på å setje opp ein tomannsbustad på Heggenes. Når vi er ferdige der, skal vi til med bygginga av Øystre Slidre helsetun.

Det er langt frå den sørlegaste delen av Begnadalen til Øystre Slidre, så eg leiger ein stad i Rogne for å unngå all køyringa. Men eg reiser stort sett heimatt kvar helg, for å slappe av saman med familien. Og foreldra mine synest nok at det kan bli vel mykje avslapping, for eg synest det er godt å sove ut når helga kjem!

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)