Det var mykje slit då eg vaks opp, og knapt med pengar. I ungdomsåra dreiv eg i skogen, og jobba som tenestegut på eit par gardsbruk om sumaren. Dette var før krigen, og eg tente mellom ei og to kroner dagen, men spedde noko på inntekta ved å setje ut rypesnarar.
Etter krigen var eg mellom anna i tysklandsbrigaden, og jobba deretter eit par år som snikkar i Oslo. Då var lønningane mykje betre, og eg tente ni kroner timen då eg byrja, og hadde 13 kroner timen på slutten. Så tok eg over heimgarden på midten av femtitalet, og dreiv med mjølkekyr fram til sonen vår tok over i 1991. No har helsa vorte dårlegare, men eg var med i fjøset fram til for tre–fire år sidan, og køyrde møkk til eg var 88.
Ei stund på 1940– og –50-talet dreiv eg med skiskyting. Vi gjekk ei hard løype; frå skulehuset, ned til isen på fjorden og oppatt. Skytinga føregjekk med Krag, og blinkane var figurar som stod gøymt på vilkårlege plassar i skogen, så det gjaldt å ha augene med seg!
Elles brøytte eg skiløyper frå borna våre var små og fram til eg vart 86, og var dessutan tidtakar på klubbrenn. Den fyrste tida laga eg skispora ved å gå tre runder rundt løypa på ski, så det var ei stor lette då det vart kjøpt snøskuter i 1978. For innsatsen eg la ned, vart eg valt til æresmedlem i Skrautvål idrettslag i 2007.
Jakt og fiske har vore to av dei store lidenskapane mine i livet. Eg gjekk på elgjakt fram til eg var 85 år, og hadde då jakta i 63 år, og felt meir enn 70 elgar.
Men dei turane eg hugsar best, var når eg reiste til fjells med fiskestonga midtsumars. På turen gjennom skogen kunne eg høyre gauken som gol, og orrfuglen spele. Vel framme ved vatnet gjorde eg opp eit bål, og kokte meg kaffi. Då skal eg seie deg at eg kosa meg!
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)