Eg er ein fyr med skapartrong og mange ulike interesser. Som ung prøvde eg det meste av idrett og aktivitetar, men likte best fotball og ski. Å ha det moro har alltid vore det viktigaste, og eg har alltid vore for nysgjerrig og utolmodig med å prøve nye ting, til å bli skikkeleg god i ein spesiell grein.
På ungdomsskulen byrja eg å spele trommer i band med nokre kameratar. Dei neste 15 åra tok musikken det meste av fokuset og fritida, og eg var klart ein av dei minst ambisiøse idrettslinjeelevane på vidaregåande.

Eg er utdanna adjunkt med musikk og historie frå Høgskulen i Volda. Tidlegare jobba eg i kulturskulen og som aktivitetsleiar ved ungdomshuset i Ørsta, men no er eg ungdomskonsulent i Øystre Slidre. Ved sidan av jobbar eg i Valdresskigard, og syslar litt som møbelsnikkar. Det blir ikkje så mykje tid til musikk for tida, men det kan fort snu.

Eg ivrar for at ungdom skal få vere med på aktivitetar dei er opptekne av, der dei vert del av eit miljø, uansett interesser eller føresetnader. Som ungdomskonsulent er eg med å skape nye rammer for slikt arbeid i kommunen, gjennom oppføring av nytt ungdomshus, og i utforminga av tilbodet vi skal tilby frå hausten. Mitt ynskje er å skape ein arena der all ungdom kan oppleve meistring og samhald, med utgangspunkt i den enkelte sine interesser og behov, med særleg fokus på nye aktivitetar som er litt smale, sære, eller kanskje litt ”for moderne” for Valdres.
Sjølv hadde eg ein god oppvekst med mange aktivitetstilbod, gode vener og ein fin familie, i ein kommune og region som la til rette for den aktiviteten vi ungdomane ville drive med. Eg er stolt av, og har stor respekt for å kunne vere med å føre denne tradisjonen vidare.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)