Då eg var 17 år, opplevde eg ei traumatisk hending. Veslesyster mi, som var 13 ½ år, fall på isen, og døydde på sjukehuset to dagar seinare av skadane ho pådrog seg.
Fram til systera mi råka ut for denne ulukka, var eg overtydd om at eg skulle bli lege. Men eg gjorde meg nokre erfaringar i dagane som følgde, og slo frå meg legestudiane. Eg satsa i staden på å bli veterinær, og det er ei avgjerd eg ikkje har angra på!
Som nyutdanna veterinær, fekk eg tilbod om jobb på Fagernes i januar 1972. Eg tenkte at eg kan vel prøve det eitt år, men eg treivst så godt, at eg har vore her sidan. Og etter 42 år i yrket, vil eg nytte høvet til å rette ein stor takk til alle dei hyggelege og positive husdyreigarane eg fekk møte.
Heilt sidan eg var ein smågut, har eg hatt stor interesse for idrett. Eg klypte mellom anna ut bilete frå ulike stemner, noko eg held på med enno.
Så, midt på -80-talet, tipsa eg avisa Valdres om ein verdsmeister som budde i dalen, og det kom for ein dag at eg visste mykje om idrett, og idrettsresultat. Dermed vart det arrangert ein duell under Valdresmarken mellom meg og Bjørn Christiansen, som hadde vunne i programmet «Kvitt eller Dobbelt», i greina vinter-OL. Det enda uavgjort.
Etter duellen sa Knut Bjørnsen, programleiaren for «Kvitt eller Dobbelt», at eg måtte melde meg på. Eg var med tre gonger; i 1986, 1989 og 1994, og gjekk til topps kvar gong.
No er eg og kona pensjonistar, og det stortrivast vi med! Vi har fire barnebarn, alle gutar, i alderen åtte-tolv år, og dei gjekk alle Mellerunden i vinter. Både dei og vi er glade i å gå på ski, og favorittløypa går til Skardåsen!
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)