Far min var industrimekanikar, og hadde også verkstad heime. Eg lærte mykje av han, og fekk frie tyglar til å drive med det eg ville.
Då eg var 16 byrja eg på elektrolina, samstundes med at eg var med Øyvind Abelsen og produserte lysdimmarar og -miksarar på kveldar og i helger. Etter ei stund la vi merke til at det vart meir etterspurnad etter scener. Eg laga tre–fire mobile scener i kjellaren heime, før eg etablerte firmaet MTI Norge AS i 2007, og vi er no totalleverandør av scener, lys- og lydsystem.

Vi har fem årsverk, og har sett bransjestandarden innan scenemål. Dei mobile scenane vi lagar finst i fire ulike storleikar, der den minste er på 4 X 6 meter, og den største er 10 X 7 meter. Scenane blir produsert i lette og sterke material, og kan fraktast med ein stor personbil eller varebil. Men sidan vi har ambisjonar om å utvide for eksport nedover i Europa, og scenane våre blir litt for små for store festivalar, driv vi no å utviklar ein scene på 220 m². Denne må fraktast med semitrailer.
Elles driv vi med import og sal av lyd- og lysutstyr, og har ein del oppdrag med rigging av utstyr til så vel mobile, som permanente scener. Dessutan driv vi med produksjon av datastyrte skjerebord, og tek på oss oppdrag som sandblåsing, sveising av alle typar metall, og lakkering.

Eg er litt stolt av at vi har klart å etablere ei solid bedrift, og at vi driv i eige hus. Vi har sett opp to bygningar på til saman 1000 m², der det eine er verkstad og kontor, og det andre er lager. Og i fjor fekk vi endatil Øystre Slidre kommune sin næringspris, og det var litt stas!

Utanom jobb likar eg å skru og køyre bil. Eg har ein gatebil med om lag 450 hestar, samt ein 1966 Chevelle og ein 1980-modell Corvette Stingray. Ein skal jo ha det litt moro også!

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)