Frå eg var 12 år gjekk eg med morgonavisa på Paradis i Bergen, og når kong Olav var på Gamlehaugen, var eg også innom der. Eg fekk helse på han nokre gonger, og det var bestandig spennande!
Eg vaks opp nær sjøen, og syntest det var stor stas å vere med mor og far i båt. Vi fiska, bada og gjekk i land på holmar og skjer, og kosa oss med maten som mor hadde med. Eg var også ofte i Fana roklubb, der tre av onklane mine var medlemar. To av dei, Carl Henrik og Sigurd Monssen, tok bronse i åtter under OL i London i 1948, så det var stor stas å vere i lag med dei!
Som ung vart eg med i Raudekrossen, og har 50 år seinare gått dei fleste gradane. Eg har hatt samarbeidspartnarar frå heile verda, og har teke del i utviklingsprosjekt og internasjonale kontaktleirar. Det har vorte sterke møte med menneske i vanskelege livssituasjonar, men også møte med ressurspersonar i organisasjonen, samt politikarar og andre samfunnstoppar.
Eg kom til Merket i 1982, fyrst som nestleiar og seinare som leiar i 19 år. Men dei siste seks–sju åra har eg vore verksemdsleiar for innvandringstenesta i Sør-Aurdal. Og eg må seie eg blir lei meg når eg ser kor lett vi set framande i bås, for når vi fyrst blir kjent, er vi ikkje så fordømande.
Elles har eg klimpra på gitar sidan eg var 11–12 år, og spelte med ein del kjende musikarar i Bergen på 1970-talet, mellom andre Ove Thue. No spelar eg mest for funksjonshemja – oftast på Merket – og det er eit fint publikum å spele for!
Eg likar også å jobbe med tre, og synest det er artig å vøle på gamle hus, og drive med treskjering. Heime har eg bygd ei smie, og har også planar om å setje opp eit lite vikinghus. For eg har særleg stor interesse for gamalt handverk, og har dei ti siste åra vore på vikingmuseet på Borg og undervist i gamalt handverk og byggeskikk.
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)