For ti år sidan skjedde det noko som har prega meg, og som kjem til å vere med meg så lenge eg lever. Sonen min, Kjetil, døydde i ei bilulukke, knapt tjue år gamal. Ulukka skjedde rett før jul, og han vart halde kunstig i live eit halvt år, før eg vart beden om å slå av respiratoren han låg i. På same tida mista min dåverande sambuar sonen sin. Han døydde av kreft, etter ei tids sjukdom. Han var på Kjetil sin alder, og dei var også kameratar.

Av yrke har eg stort sett vore snikkar. Eg byrja på anlegg sytten år gamal, og budde ved fleire høve i Oslo dei neste åra. I Oslo vart eg kjend med ein gut frå Vang som jobba i Block Watne, og slik vart det til at også eg vart snikkar. Ved sida av dette, har eg dei siste tjue åra eller så, teke vakter som miljøarbeidar, noko eg trivst godt med.

Eg har i om lag tretti år hatt ein snikkarverkstad på garden der mor mi vaks opp, i Rogne. Her lagar eg møblar til kjøken og baderom, samt garderobar, skåp og langbord, og elles alt det kundane ynskjer. Skåpet på veggen her har eg laga sjølv, og det er det einaste eg har behalde av eigen produksjon. Men no er det planlagd ein gangveg akkurat der verkstaden er, så han blir riven. Då får vi sjå kva som skjer, men det blir vel til at eg anten byggjer nytt, eller leiger ein stad der eg kan halde fram med verksemda.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)