Då eg kom til verda låg telefonsentralen i huset vårt, og det var mor mi som var styrar på sentralen. Sjølv byrja eg å ekspedere ved sentralbordet frå eg gjekk i småskulen, noko eg held fram med til automatiseringa den sjuande mai 1981.
Sentralen fungerte også som ein vaktsentral, der vi skaffa så vel lege, jordmor, lensmann og dyrlækjar, og det var endatil dei som ringte for å høyre om kjøpmannen hadde fersk sild!
Under krigen sytte vi for å vidareformidle beskjedar til heimestyrkane, og eg fekk kongens medalje for innsatsen.

Eg har reist ein god del, og i august 1970 opplevde eg ei spesiell hending i Central Park i New York. Her var det ein velgjerdskonsert, der eit janitsjarorkester spelte. Og medan eg sat der, i 42 graders varme, tok dei til å spele «Valdresmarsjen», noko som var ei stor oppleving.
Eit par månader seinare reiste eg til Spania for fyrste gong, der eg tapte mitt hjarte. Året etter kjøpte eg ei tomt i Costa del Sol, og bygde ein villa som eg nytta dei neste 34 åra.

Dei siste godt og vel 20 åra er det to ting som har halde meg oppe, og det er humanitært arbeid i Estland, og innlegga eg skriv i «valdresen».
Fyrste gong eg reiste til Estland var i 1995, der eg fekk sjå folk som ikkje åtte nokon ting. No har eg vore der meir enn 100 gonger, og har brukt rundt fire millionar av eigen lomme.
Ein gong eg var der, var det ei beskjeden lita jente som snart hadde fødselsdag. Då eg spurde henne kva ho ynskte seg, var det så vidt eg høyrde henne då ho kviskra: «eit ullteppe». Dette var eit svar eg ikkje hadde venta frå ei ni år gamal jente, og er berre ein av tallause episodar som har gjort sterkt inntrykk på meg.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)