Bestefar min var frå Sebuødegård i Skrautvål, og frå eg var liten reiste vi til Valdres i feriane. Då fekk eg vere med på onning, turar i fjellet, gjeting, fisking og bærsanking. Slik fekk eg tidleg eit nært og varmt forhold til Valdres og valdrisar, noko som har ført til at eg no har busett meg i ei timbre i Skrautvål, sett opp i 1974 av Torleif Skaar.

Ein gong eg var oppe ved St. Thomas kyrkja på Filefjell, sat eg og undra meg over kva eg skulle ta meg til i livet. Med eitt sto det klårt for meg at eg skulle byrja å lage videoar og skrive. Eg vart fylt av ei voldsom glede, ja det var nærast som ein rus, då eg fekk denne openbaringa. Fram til då hadde eg aldri take i ein penn eller eit videokamera før.

No, 8-9 år seinare har det vorte 7000 artiklar, og videoane mine har hatt 600 000 visningar på YouTube. Med videoane ynskjer eg å vise fram, og fortelje om Valdres og mangfaldet her, og du må få fram at eg har møtt utruleg mange flinke og trivelege folk.

Det som er genialt med å leggje ut videoar på internett, er at dei blir sett også utanfor Valdres. Dette veit eg har ført til at folk har flytt hit, og det har gjeve kundar til næringslivet i Valdres.

 

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)