Eg er utdanna byggmeister, og vekependla til Bærum i 15 år, før eg byrja for meg sjølv. Men dei siste fire åra har eg jobba som avdelingsleiar for eigedom i kommunen. Elles er eg med i brannvesenet, og er leiar for Raudekrossen i Bagn, der eg brukar mykje av fritida mi.
Ved sida av fyrstegongstenesta, tenestegjorde eg i Kosovo i 15 månader, der oppgåvene var mangfaldige. Vi var over alt der det var bruk for oss, men det var i hovudsak politioppdrag vi vart sette til, som til dømes vaktteneste, husransakingar og vegkontrollar. Det var ei fin tid, som eg er stolt av å ha vore med på.

Av interesser, ragar musikk, film og fotball høgst. Favorittlaget er Manchester United, og den største fotballopplevinga var under Solskjær sin testimonialkamp på Old Trafford, med om lag 15 000 nordmenn på tribunen. Og då Jokke – ein av mine og Solskjær sine favorittartistar – runga over høgtalaranlegget, kom det nok ei tåre i augekroken.

Medan eg var ute på den siste motorsykkelturen for sesongen – ein oktoberdag i 2005 – vart eg påkøyrt av ein bil då eg var på veg heimatt. Det var ein kraftig smell, der eine foten vart riven tvers av, og eg knekte ein arm. Eit par dagar etter at eg vart innlagd på sjukehuset svikta lungene, og like etter svikta nyrene. Det vart over 20 operasjonar, og eg heldt på å miste livet eit par gonger. Heldigvis berga eg livet, og legane klarte å redde foten min. Og då kan eg leve med at eg kjem til å ha kroniske smerter resten av livet.
Med tida har eg lært å tenkje positivt, for eg trur at positive ting skjer med dei som har ei positiv innstilling. Dessutan er det berre ein sjølv som kan gjere noko med det livet ein lever, så det er lita hjelp i å leggje skulda på andre.

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)