Då eg var 10 år fekk far min MS. Sjukdomen gjorde at han vart sint og frustrert, og sinnet hans var nok med å prege barndomen min. Og var det noko eg lærte i denne tida, var det at ein må leve her og no og nyte tilværet – anten ein er på jobb eller har fri. For fram til far min vart sjuk jobba han mykje, og eg bestemde meg for at slik ville ikkje eg leve livet mitt. Og slik vart det.
Ein kollega av meg bygde seg hus, og då eg såg kor mykje arbeid det var, sa eg til meg sjølv at eg aldri skulle byggje sjølv. Men sidan eg er veldig nøye av meg, fann eg ikkje noko som var heilt slik eg ville ha det, då eg og kjærasten min såg oss om etter husvære. Dermed vart det til at vi bygde likevel. Vi byrja å bygge i 2004, og eg sette opp det meste av huset sjølv.
Sidan eg var ganske flink til å spare vart huslånet nedbetalt på nokre få år, og utan huslån er eg ikkje så bunden, og kan ta meg litt meir fri. Så no er eg snikkar for Fjellbygg om vinteren, og er gjetar i Haldorbu fellesdrift eit par dagar i veka om sumaren.
Huset har verkstad i kjellaren. Eg elskar nemleg å skru og fikse på gamle bilar, mopedar og traktorar. Og sidan eg er så nøye av meg, blir eg kanskje ekstra glad når eg har gjennomført eit prosjekt der eg er nøgd med resultatet.
Av køyretøy har eg mellom anna ein 1970-modell Opel Rekord, som eg dreg på treff med eit par gonger om året. Eg har også ein 1982-modell Honda MT5 moped som har vore i familiens eige sidan slutten på 1980-talet, og som eg har hatt i 20 år. Mopeden låg i delar borti bygda då eg fekk tak i han.
Dei siste åtte–ni åra har eg vore med i Skrævarrokken Mopedlaug, der eg stiller opp på den årlege turen rundt Volbufjorden, så sant eg kan. Her har det i alle fall vore oppe i 130 køyretøy, så det er det moro å få vere med på!
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)