Eg vaks opp i Eritrea, i ein heim fylt av kjærleik. Der utdanna eg meg innan jordbruk, og jobba fyrst ved ein bilverkstad, og sidan med måling, flis- og steinleggjing.
Men så vart eg kalla ut til militærteneste då eg var 19–20 år gamal, og var soldat dei neste ti åra. Dette var ei særs vanskeleg tid, og til slutt rømde eg til nabolandet, Sudan. Etter eitt år i Sudan flykta eg oppover Europa, og då eg kom til Norge i 2009, søkte eg asyl.
Etter ei tid på Trandum, og sidan på Kasper transittmottak utanfor Moss, kom eg til Tonsåsen i 2010. Her var eg i to år, medan eg venta på svar på asylsøknaden. Den vart heldigvis innvilga.
Då eg kom til Etnedal byrja eg på norskkurs, og tok førarkort på lastebil. Men det var vanskeleg å få jobb. Det var ikkje nok å seie kva ein kunne, ein måtte vise det. Så eg bestemde meg for å jobbe gratis så eg fekk vist kva eg var god for, og slik få referansar å vise til. Det var likevel vanskeleg å få oppdrag, og det losna ikkje før eg fekk spørsmål om å rydde i hagen til ein nabo. Eg fortalde henne at eg kunne måle, og sidan glasa hennar kunne trenge eit strok måling, fekk eg prøve meg. Ho vart veldig fornøgd med jobben, og fortalde ei vennine at eg var flink med penselen. Dermed fekk eg målarjobb der også, og ho vart også veldig fornøgd. Ryktet byrja å gå om at eg var flink, og eg fekk fleire oppdrag. Dermed kunne eg i 2014 starte mitt eige firma, og har no kundar over heile Valdres.
Elles er eg forlova, og saman har vi to born på tre og fem år. Av og til tek eg dei med til Badeland eller Leikeland, eller vi dreg ut for å ete. Barnetrygda blir sett inn på kontoane til borna. For det viktigaste for meg er at familien min har det godt, og at borna får ei god utdanning. Det er dei eg lever for.
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)