Eg er fødd i Valdres, men flytte til Oslo for å ta lærarskulen, og jobba deretter ti år som lærar utanfor dalen. Men så vart eg tipsa om ei ledig lærarstilling i Vang, så eg søkte, og fekk jobben.
Etter til saman 40 år i læraryrket, har eg mange gode minne å sjå tilbake på. Mellom anna brukte eg å ta med meg klassen min til Hugakollen. Dette var ei årviss hending rett før skuleavsluttinga, og vi overnatta der, under open himmel. Og det å få liggje ute, med himmelen som einaste tak, og sjå solnedgangen og -oppgangen over Slettefjell, det veit eg at mange av elevane ser tilbake på som eit kjært minne.

Etter at eg flytte heim til Valdres for over 50 år sidan, vart eg meir oppteken av lokalhistorie, og har gjennom åra gjeve ut nokre bøker med ulike tema frå Vang.
Noko anna eg har hatt stor glede av, er «lesarmøtene» på Vangsheimen kvar fredag, der eg les småstubbar av ymse slag. Når eg kjem inn i rommet, sit dei som har vorte gode vener av meg i ein ring og ventar på meg, og dei er så takksame for at eg kjem, at det er reint rørande.
No er eg vel vaksen sjølv, og har nådd ein alder der helsa betyr alt. Derfor prøver eg å halde meg i form, og er mellom anna særs glad i å kome meg ut på ski.

Sidan 1952 har eg måla landskapsbilete, og det har vore ein fin hobby å ha. Det er natur, gamle hus og gardstun som er dei motiva eg likar best. Eg er nok ein typisk naturalist, og er fødd eit par hundre år for seint til å bli berømt. Det har eg no aldri gjort noko for å bli heller, men i fjor haust viste eg fram nokre av måleria mine for eit publikum for fyrste gong, under ei utstilling på biblioteket i Vang. Og no har et fått i oppdrag å levere 25 bilete til Valdreskalenderen neste år, og det synest eg er artig!

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)