Då eg var lita hadde eg lyst til å spele trommer, men dei heime var nok ikkje så begeistra for den tanken – dei såg vel føre seg at det kunne bli mykje bråk. Så mor mi viste meg eit bilete av ein langeleik, og lurte på om eg ikkje heller ville lære å spele på den. Og slik vart det.
No har eg spelt langeleik i snart 20 år, og er tilkallingsvikar ved kulturskulen i Nord-Aurdal, der eg lærar andre å spele.
Eg har tidlegare vore med på fleire lokal- og landskappleikar, men det vart mindre speling då eg flytte til Oslo, der eg var i åtte år. Men no har eg flytt heimatt, og øver fleire gonger i veka. Målet er å bli meir aktiv i miljøet, og ta til att med tevlingar.
Elles har eg dei siste åtte åra drive med steppedans, noko eg byrja med i Oslo. Eg vart med to andre jenter i ei gruppe vi kalla Offbeat Entertainment, og eg hugsar særleg godt ei framsyning vi hadde på eit kjøpesenter, der ei lita jente i barnevogn hylte av glede då ho såg oss danse.
Når ein steppedansar, nyttar ein sko der det på undersida av solen er festa jarnplater både framme, og under hælen. Dei lysaste tonane skapast framme, og dei djupaste tonane skapast under hælen, og når vi dansar ynskjer vi å skape ei fengjande rytme, som er med å forsterke musikken.
Draumen min er eit småbruk med låve, der eg kan byggje eit studio kor eg kan ta imot elevar som ynskjer å lære seg steppedans. Det hadde sjølvsagt også vore moro å arrangere festivalar, og fått inn dansarar frå inn- og utland.
Enn så lenge håpar eg å få til eit steppemiljø i Valdres, og spreie dansegleda her, for etter det eg veit, er eg omtrent den einaste som driv med steppedans i Valdres.
(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Sjå video av Solfrid Olmhus steppedansar ved å klikke her
Sjå video av Solfrid Olmhus spelar langeleik ved å klikke her