Dagen før eg fylte 25 år, den 18. juni 1972, skulle eg opp til ei hytte for å hente ein kar. Vel framme banka eg på døra og tok eit steg til sides, slik at eg vart ståande framfor glaset. Men karen inne i hytta viste seg å være sinnsjuk, for han sikta beint på meg med ei hagle, og trekte av. Ladninga traff meg i øvre delen av hovudet, eg fekk to hagl i kvart auge, noko som førte til at eg vart blind. Heldigvis var det doble glas i hytta, for det sytte for at krafta til haglladninga vart redusert. Hadde det ikkje vore for det ekstra laget med glas, er det ikkje sikkert at eg hadde vore her i dag.

Sidan eg var smågut har eg hatt ei stor interesse for harejakt, og dette er noko eg framleis held på med. Eg har hatt harehund stort sett heile tida sidan eg var 16 år gamal. No i haust fekk eg ein GPS med tale i gåve frå Vestoppland Harehundklubb, noko eg er utruleg glad og takksam for. Sendaren til GPS´en blir festa på hunden, og eg får heile tida beskjedar om i kva retning hunden er, og kor langt vekk han er. GPS´en har òg ein losindikator, som seier kor mange bjeff hunden har i minuttet når han går i los.

Når eg er på jakt skyt eg naturlegvis ikkje, men det å kjenne på spenninga, og få vere ute i naturen med hunden, og ta del i det sosiale med jaktkameratane mine, ja det set eg umåteleg stor pris på!

(Tekst og foto: Arne Martin Bøe)