Tag

amerikansk kultur

Ingebjørg Hegge Bratrud, Aurdal, fødd 2000

Til hausten skal eg byrje på folkehøgskulen i Skogn i Trøndelag, etter at eg blir ferdig med sisteåret på studiespesialisering. På folkehøgskulen skal eg gå lina som heiter USA, film og friluftsliv, der vi i tillegg til teoretisk læring om desse emna, også skal på ulike ekskursjonar. Det heile blir avslutta med ein tur til USA på våren, der vi mellom anna skal til Grand Canyon, Las Vegas og fleire stader på vestkysten. Du kan tru eg gler meg! Eg har ikkje bestemt meg for kva veg eg skal gå vidare etter året i Skogn, for eg er ikkje så glad i å planleggje for mykje, men tenkjer at vegen blir til mens eg går. Undervegs vil eg uansett sjå litt av verda før eg slår meg til ro. Og sidan eg er stolt av å vere frå Valdres, og er sæl av familien min, skal det mykje til om eg ikkje endar opp her. Det er mykje bra tilbod til ungdom i Valdres, så eg kjedar meg aldri. Men den store hobbyen min er å spele langeleik, noko som er ein lang familietradisjon. Eg har vore med på landskappleiken sidan 2013, og skal i år spele i seniorklassa for fyrste gong. Det skal bli artig å prøve seg mot dei aller beste her til lands! Elles høyrer eg på all slags musikk, og synest det er artig å klunke litt på pianoet somtid. Dessutan er eg oppteken av miljøet, og er bevisst på å ikkje bruke meir ressursar enn nødvendig. Sidan 2015 har eg hatt sumarjobb ved Valdres Folkemuseum. Der trivst eg godt, og gler meg til å ta fatt på ein ny sesong. Arbeidsoppgåvene er mangsidige, og det å formidle sin eigen kultur gjer at eg sjølv også blir meir rotfesta, og får ei betre forståing for det unike i Valdres. Eg har også gått Fjellstafetten i Øystre Slidre kvart år sidan 2005. For det beste med Valdres er naturen, og det er ikkje mykje som kan måle seg med ein ski- eller fjelltur i denne naturperla vi bur i! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Tony Arbøll Olsen, Midtre Hansegarden, Slidre, fødd 1967

Far min var fascinert av den amerikanske kulturen, av amerikanske bilar, av countrymusikk og dessutan rock´n´roll frå 1950 og -60 talet. Så då eg som smågut var med når vi duva rundt i eit flak av ein amerikanar, med god musikk på stereoanlegget, vart det sjølvsagt til at også eg vart hekta. Eg vaks opp i Nedre Eiker, og vart tidleg med i amcarmiljøet i Buskerud. Den fyrste amerikanaren eg åtte kjøpte eg då eg var 16, ein 1964-modell Chevrolet Chevelle, og sidan har det vorte mange fleire. Då eg var 23 år gamal, vart eg intervjua på radioen av ein amcarentusiast som hadde sitt eige program, og det gjekk så bra at han ville ha meg med som medprogramleiar. Seinare fekk eg eige radioprogram, fyrst «Shake rattle´n´roll» på Skedsmo radio, og seinare «Tony´s hillbilly heaven» på Østfold nærradio. Som radiovert fekk eg intervjue mange kjende countryartistar, mellom andre Tanya Tucker og Bobby Bare, noko som sjølvsagt var store opplevingar. Det var gjennom radioen eg møtte kona mi også. Ho likar countrymusikk, og var fast lyttar til programmet mitt. Ein dag sa ho at ho ville møte meg, og det vart full klaff. Vi gifta oss kort tid etter, i 2001. Eg har jobba vel 25 år i kriminalomsorga, og då eg fekk tilbod om jobb ved Slidreøya i 2009, flytte vi til Valdres. Tidlegare har eg flytt ein del rundt, men då vi kom hit, kjende vi at vi hadde funne ein plass der vi kunne slå oss til ro. For her stiller folk opp for kvarandre, og vi vart  inkluderte frå fyrste stund. Sidan vi dessutan fekk gode naboar og hyggelige kollegaer, vart det eit enkelt val; her vil vi bli værande! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2025 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑