Tag

Asylsøkjar

Ali Rezek Alarmaleh, Røn, fødd 1980

Eg byrja å arbeide då eg var sju år. Kvar dag etter skuletid jobba eg med jarn i bedrifta til onkelen min, noko eg held fram med til eg var 15. Deretter var eg tilsett i ein møbelfabrikk i tre år. Men far min var streng, og forlangte at eg skulle følgje den greina av islam som han sjølv levde etter. Det ville ikkje eg. Eg ville vere fri til å bestemme over mitt eige liv, og til å tenkje, og leve slik eg sjølv syntest var best. Derfor såg eg meg nøydd til å flytte frå heimstaden min, Homs i Syria, då eg var 18 år, og fyrste stopp var Libanon. I Libanon fekk eg fridom til å gjere som eg ville. Eg fekk ein god jobb og var sjef for 15 tilsette, løna var veldig bra, og eg fekk mange vener. Eg sende jamleg pengar heim til familien, og bidrog til at dei kunne byggje seg hus. Men mange konfliktar spreidde seg til Libanon, og livet vart stadig vanskelegare. Så eg flykta etter kvart til Jordan, og seinare til Qatar. Og i 2015 kom eg til Norge via Tyrkia og Hellas. Her i Valdres har eg fått alt eg drøymde om: Ein god jobb hjå Grønvold snikkarverkstad, hus, fin familie med kone og born, og ein stad der vi trivst med å bu. Vi har fått eit nettverk i Valdres, og er veldig godt nøgde med livet. Før vi gifte oss, sa eg til kona mi at eg ikkje vil samle på, og bli rik på pengar, for eg ynskjer å dele med andre. Og eg håpar eg kan gje noko tilbake til Norge, til menneska og til arbeidsplassen min. For noko av det som har gjort sterkast inntrykk på meg, var å få oppleve dei menneska som hjelpte flyktningar i Norge, men også i Hellas i 35–40° varme, sjølv om dei ikkje kjende oss, og vi kom frå ein annan kultur. Dei gav oss all mogleg hjelp, og dei gav oss sine hjarter. Og når eit menneske gjev av hjartet, gjev det noko som ikkje alle pengar i heile verda kan gje. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Samuel Asmelash Okubatsion, Etnedal, fødd 1974

Eg vaks opp i Eritrea, i ein heim fylt av kjærleik. Der utdanna eg meg innan jordbruk, og jobba fyrst ved ein bilverkstad, og sidan med måling, flis- og steinleggjing. Men så vart eg kalla ut til militærteneste då eg var 19–20 år gamal, og var soldat dei neste ti åra. Dette var ei særs vanskeleg tid, og til slutt rømde eg til nabolandet, Sudan. Etter eitt år i Sudan flykta eg oppover Europa, og då eg kom til Norge i 2009, søkte eg asyl. Etter ei tid på Trandum, og sidan på Kasper transittmottak utanfor Moss, kom eg til Tonsåsen i 2010. Her var eg i to år, medan eg venta på svar på asylsøknaden. Den vart heldigvis innvilga. Då eg kom til Etnedal byrja eg på norskkurs, og tok førarkort på lastebil. Men det var vanskeleg å få jobb. Det var ikkje nok å seie kva ein kunne, ein måtte vise det. Så eg bestemde meg for å jobbe gratis så eg fekk vist kva eg var god for, og slik få referansar å vise til. Det var likevel vanskeleg å få oppdrag, og det losna ikkje før eg fekk spørsmål om å rydde i hagen til ein nabo. Eg fortalde henne at eg kunne måle, og sidan glasa hennar kunne trenge eit strok måling, fekk eg prøve meg. Ho vart veldig fornøgd med jobben, og fortalde ei vennine at eg var flink med penselen. Dermed fekk eg målarjobb der også, og ho vart også veldig fornøgd. Ryktet byrja å gå om at eg var flink, og eg fekk fleire oppdrag. Dermed kunne eg i 2014 starte mitt eige firma, og har no kundar over heile Valdres. Elles er eg forlova, og saman har vi to born på tre og fem år. Av og til tek eg dei med til Badeland eller Leikeland, eller vi dreg ut for å ete. Barnetrygda blir sett inn på kontoane til borna. For det viktigaste for meg er at familien min har det godt, og at borna får ei god utdanning. Det er dei eg lever for. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Tove Skogheim Nyhagen, Røn, fødd 1966

Det er far min som kjem frå plassen der eg og mannen min, Bjørn, no bur. Sjølv er eg fødd i Bærum og oppvaksen i Drammen, der far min hadde eit reiseselskap. Eg var ofte med på turbilkøyring, og det var stor stas å få sitje med mikrofonen framme i bussen, og underhalde passasjerane med sang og vitsar! Eg byrja tidleg å spele trekkspel, og var med på mange tevlingar og festivalar både i inn- og utland. Frå NM fekk eg eitt gull i duettklassen og fleire gull i orkesterklassen, medan det vart ein andreplass i solospel som best. Og som 16-åring reiste eg til Gjøvik for å gå musikklina, med fordjuping i trekkspel. Eit par år seinare flytte eg til Valdres, for far min kjøpte Fosheim hotell, og eg byrja å jobbe der. Så vart det jobb på Neskroa, før eg byrja å køyre drosje 22 år gamal. Eg held fram med å spele trekkspel, og spelte mykje i lag med «Slidringadn», men då eg vart med i koret «Popcorn» i 2008, byrja eg å prioritere koret framfor trekkspelet. Ved sidan av jobben tok eg utdanning innan rådgjeving og rettleiing, og no studerar eg psykososialt arbeid for barn og unge. Eg brenn for ungdom i sårbare situasjonar, og går no i eit vikariat som burettleiar for einslege, mindreårige asylsøkjarar i Vang. Etter at eg fekk brystkreft i 2016 bestemte eg meg for å vere open om det, så eg byrja å blogge. Eg fekk mykje ros for at eg var så open og ærleg i bloggen, og det var dessutan god terapi å skrive. Noko av det eg har lært av sjukdommen, er å vere flinkare til å høyre på kroppen – når eg er sliten, så kviler eg. Elles likar eg å drive ute. Eg er kreativ av meg, og har mellom anna snekra ein paviljong og laga ein carport. Og no har eg kjøpt meg motorsag, så det skal nok bli ei råd med ved til vinteren! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2019 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑