Tag

Bautahaugen

Gunnar Hansen, Furuly, Hedalen, fødd 1954

Som smågut bygde eg og fleire andre ungar ein stor indianarleir i Veme utanfor Hønefoss, der eg vaks opp. Leiren hadde sju-åtte tipi´ar og eit par steinhytter, og eg leika her nesten kvar dag i sju-åtte år, så det vart mange timar! Eit par år etter at eg var ferdig utdanna industrimekanikar, møtte eg ho som skulle bli kona mi. Vi flytte til Hønefoss og budde der fram til 1980, før vi busette oss i Hedalen, der kona mi kjem frå. Eg fekk jobb hjå Interpower i Begnadalen, men byrja etter kort tid som røyrleggjar for Ivar Lie & søner. Og sidan den gongen har eg vore røyrleggjar, dei siste åra i eige firma. No er eg pensjonist, men tek framleis på meg ein del oppdrag. Eg har vore interessert i gamle bygningar heilt sidan eg som gutunge var med og bygde steinhytter i skogen, og den store hobbyen min er å restaurere og halde ved like dei gamle tømmerhusa på setra vår, Haugevolla. Elles er eg med i fleire lag og foreiningar i bygda, mellom anna Bautahaugens vener. Bautahaugen er eit levande museum, der vi har temadagar kvar laurdag i sumarsesongen, om til dømes skinntrykk, ysting og tegerarbeid. Det er ca 1000 besøkjande innom i løpet av sumaren. Eg har også vore medlem av Vassfaret lionsklubb i 20 år. Lions er nøytral med omsyn til religion og politikk, og samlar inn pengar til veldedige formål lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Dessutan sit eg i styret i helselaget, der vi mellom anna støttar ulike føremål i bygda. Av andre interesser kjem motorsykkelturar og militær tattoo høgt på lista. Når det gjeld militær tattoo er det sjølvsagt artig å sjå det på tv, men det kan ikkje samanliknast med å vere til stades. Det har difor vorte fleire turar til Oslo, og eg har endatil vore i Edinburgh to gonger! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Eldor Bråthen, Hedalen, fødd 1938

Då eg byrja på lærarskulen var eg 26 år gamal, utan annan skule enn framhaldsskulen. Vi hadde opptaksprøve i alle fag, og om lag 1/3 av søkjarane kom inn. Best hugsar eg prøva i solosong. Eg valde ei vise av Skjæraasen, fordi eg likar Skjæraasen, og fordi det var ein bra melodi. Det viste seg at familien til sensor var gode vener av Skjæraasen, og at far hennar hadde skrive melodien. Så det vart ikkje så mykje song, men vi hadde ein interessant samtale. Til eksamen trekte eg mellom anna orgelspel. Sidan eg har problem med å spele med båe hendene, fekk eg lov å bruke berre høgrehanda. Etterpå fortalde musikklæraren min at eg hadde spelt i feil takt, men eg fekk no godkjent! Siste året på lærarskolen døydde far min, og mor mi såg helst at eg flytte heim. Eg fekk arbeid ved skulen i Hedalen, der eg var frå 1969 til 2004. Eg har bestandig vore glad i å lese, noko eg kan takke morfar min for. Han var tømmerhoggar utan utdanning, men han las mykje. Som smågut spurde eg han om kva eg burde lesa. «Falkberget», svara bestefar. Så eg las «Den fjerde nattevakt», og dermed var det gjort. I 1978 fekk eg utgjett ei diktsamling. Seinare laga eg nokre viser som ungdomslaget har brukt, og eg har skrive om husmorlaget, ungdomslaget, vassfarbrøtningen, skogeigarlaget, helselaget, Bautahaugen og Fekjær psykiatriske senter. Elles har eg vore med på jubileumsheftet til Hedalen barne- og ungdomsskole, og nyleg fekk eg eit skriveoppdrag for idrettslaget. For tre år sidan fekk eg Sør-Aurdal kommune sin kulturpris, og den set eg høgt. For når eg ser på alle dei som har gjort utruleg mykje bra arbeid utan å få pris, blir eg både stolt og audmjuk. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2020 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑