Tag

Begnadalen

Siri Ødegaard, Øygarden, Etnedal/Begnadalen, fødd 1971

Eg hadde ein trygg og god oppvekst på eit mjølkebruk i Etnedal. Det var mykje å gjere, og mange ulike arbeidsoppgåver å løyse. Eg og dei tre syskena mine hjelpte sjølvsagt til, noko som gav god læring til seinare i livet. I tenåra var eg au pair i Sveits eitt år, før eg tok utdanning innan språk, filosofi og religion, og var lærar i Trondheim, Nordre Land og heime i Etnedal dei neste åra. Så overtok eg garden i 2010, tok agronomutdanning, og byrja med mohairgeiter – for eg ville drive garden på min måte. Ved sida av garden, hadde eg ein fantastisk jobb i kommuneadministrasjonen, og var assisterande rådmann på slutten. Men eg slutta til nyttår i fjor, og valte å gje slepp ein sikker jobb for å satse på gründerdraumen på Piltingsrud gard i Begnadalen. Eg hadde nemleg møtt ein kar med dei same verdiane og ambisjonane som meg, og vi var einige om at vi skulle satse på denne tradisjonsrike storgarden ved elvebreidda til Begna. Her på Piltingsrud er det skogsdrift og kjøtproduksjon, og frå sumaren blir vi også ein overnattings- og opplevingsgard. Eg tok med meg dei 40 mohairgeitene mine frå Etnedal, og sel skinnfellar, garn og ulike strikka produkt av mohairull i gardsbutikken vår, der vi også har ulike kjøtprodukt av vilt og storfe til sals. Vi har 200 aberdeen angus storfe, eit par dølahestar og ein lama som vaktar geitekillingane, og skal også få oss eit par grisar for å gjere garden endå meir barnevenleg. Det er lange dagar med mykje jobbing, for vi må ruste opp garden slik at vi kan gje gjestene ei best mogleg oppleving. Det som driv oss, er å ta vare på dei ressursane vi har, både i oss og rundt oss, og skape noko som kan glede andre menneske. Sidan dette i tillegg gjev arbeidsplassar til bygda, kan vi leve godt i vissheit om at vi har skapt noko bra. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Ole Edvard Gulsrud, Begna, fødd 1998

På fritida er det skyting, jakt og fiske som er dei store hobbyane mine. Når det gjeld skyting, har eg vore med som deltakar på landsskyttarstemnet sidan eg var 11 år. Det har vorte finaleskyting fleire gonger, og eg har også fått medalje. For konkurranseinstinktet er det ikkje noko å seie på! Når hausten kjem, er det elgjakt som gjeld. Eg er med på jaktlaget til far min, og i fjor haust skaut eg min fyrste elg, noko som var ei stor oppleving! Sidan eg har vakse opp med elva Begna som næraste nabo, har eg ikkje reint få fisketurar bak meg, sumar som vinter. Det har naturleg nok vorte mest fisking i Begna, men eg likar også godt å reise opp på åsen for å fiske. Vi har hytte i Hedalen, og eg kan ikkje tenkje meg noko betre enn når eg tidleg ein fin sumarmorgon dreg ut til Buvassfaret eller Øyvassfaret for å fiske. Då har eg heile dagen heilt for meg sjølv, og alt eg høyrer rundt meg er naturens eigne lydar. Det er ikkje mykje som kjem opp mot det! Eg må likevel vedgå at eg ikkje er så begeistra for å ete fisk, men fiskepinnar går greitt! I fjor haust fekk eg fagbrev som tømrar. Læretida er på to år, og eg var så heldig å få lærlingplass hjå Valdresbygg, der eg også fekk fast jobb etterpå. Den største jobben eg har vore med på var bygginga av NAUS, og akkurat no held vi på å setje opp ein tomannsbustad på Heggenes. Når vi er ferdige der, skal vi til med bygginga av Øystre Slidre helsetun. Det er langt frå den sørlegaste delen av Begnadalen til Øystre Slidre, så eg leiger ein stad i Rogne for å unngå all køyringa. Men eg reiser stort sett heimatt kvar helg, for å slappe av saman med familien. Og foreldra mine synest nok at det kan bli vel mykje avslapping, for eg synest det er godt å sove ut når helga kjem! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Helge Gjerdalen Holte, Aurdal, fødd 1955

Ei av dei modigaste avgjerdene eg har teke, var at eg bestemde meg for å selje slektsgarden; Tollefsrud i Begnadalen. Garden er basert på skogsdrift og er også ein gjestegard, og har eit flott våningshus i jugendstil som bestefar min bygde. Her hadde eg ein fantastisk oppvekst, og mykje av identiteten min var knytt til det å vekse opp her. Eg var, og er, veldig glad i garden. Det er mykje historie og tradisjonar knytt til garden, og familien har naturleg nok store forventningar til den som har odel. Min lagnad var å ta over garden – familiens stoltheit – og lenge gjorde eg det som vart forventa av meg: Eg utdanna meg til skogbrukar, og var skogbruksleiar i Valdres i omkring 15 år. Men eg har aldri vore nokon bonde, så eg vaks ifrå garden, og klarte å fri meg frå den forma eg vart støypt i. Eg valde å ta tak i livet mitt, og gå for det eg trur på. Eg følgde hjartet. Ein julaftan fleire år seinare låg det ei gåve frå kona mi under juletreet, som skulle vise seg å endre retning på livet mitt nok ein gong. Det var boka til Morten Schakenda, han som driv bakeriet i Lom. Eg vart heilt oppslukt, kjøpte meg eltemaskin, og byrja å bake i kjellaren heime. Og det tok ikkje lange tida før eg bestemde meg for å starte eit bakeri. Bakeriet i Bagn såg dagens lys i 2014, og er i stadig vekst. No i sumar hadde vi i alt 15 menneske i arbeid. Produkta våre blir selt i butikkar i Valdres og på Dokka, og vi jobbar for å få sleppe til på Gjøvik. Eg er stolt av at eg tok avgjerda om å selje garden den gongen, og at eg våga å bryte med dei tradisjonane og forventningane som ligg i å ha ansvar for ein tradisjonsrik slektsgard, og tok dette oppgjeret med meg sjølv. For eg har erfart at livet blir mykje meir spennande dersom ein er open for endringar. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Gunnar Hansen, Furuly, Hedalen, fødd 1954

Som smågut bygde eg og fleire andre ungar ein stor indianarleir i Veme utanfor Hønefoss, der eg vaks opp. Leiren hadde sju-åtte tipi´ar og eit par steinhytter, og eg leika her nesten kvar dag i sju-åtte år, så det vart mange timar! Eit par år etter at eg var ferdig utdanna industrimekanikar, møtte eg ho som skulle bli kona mi. Vi flytte til Hønefoss og budde der fram til 1980, før vi busette oss i Hedalen, der kona mi kjem frå. Eg fekk jobb hjå Interpower i Begnadalen, men byrja etter kort tid som røyrleggjar for Ivar Lie & søner. Og sidan den gongen har eg vore røyrleggjar, dei siste åra i eige firma. No er eg pensjonist, men tek framleis på meg ein del oppdrag. Eg har vore interessert i gamle bygningar heilt sidan eg som gutunge var med og bygde steinhytter i skogen, og den store hobbyen min er å restaurere og halde ved like dei gamle tømmerhusa på setra vår, Haugevolla. Elles er eg med i fleire lag og foreiningar i bygda, mellom anna Bautahaugens vener. Bautahaugen er eit levande museum, der vi har temadagar kvar laurdag i sumarsesongen, om til dømes skinntrykk, ysting og tegerarbeid. Det er ca 1000 besøkjande innom i løpet av sumaren. Eg har også vore medlem av Vassfaret lionsklubb i 20 år. Lions er nøytral med omsyn til religion og politikk, og samlar inn pengar til veldedige formål lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Dessutan sit eg i styret i helselaget, der vi mellom anna støttar ulike føremål i bygda. Av andre interesser kjem motorsykkelturar og militær tattoo høgt på lista. Når det gjeld militær tattoo er det sjølvsagt artig å sjå det på tv, men det kan ikkje samanliknast med å vere til stades. Det har difor vorte fleire turar til Oslo, og eg har endatil vore i Edinburgh to gonger! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Mari Andreassen, Lysenghaugen, Ulnes, fødd 1988

Eg kjem opphavleg frå Begnadalen, men flytte derifrå då eg var 15 år gamal for å gå på vidaregåande skule. Kort tid etter vidaregåande fekk eg jobb ved fengselet på Slidreøya, der eg framleis arbeider. På Slidreøya har vi fokus på at dei innsette skal ut att i samfunnet, og vi har på mange måtar vore leiande når det gjeld å gje dei innsette best mogleg føresetnader for å kunne lukkast etter enda soning. Men eg kjenner at eg ynskjer å hjelpe menneskje gjennom heile rehabiliteringsprosessen, og ikkje berre gjere førearbeidet slik tilfellet er i eit fengsel. Derfor vil eg søkje meg inn på sosionomstudiet ved ein høgskule, slik at eg skal få den naudsynte faglege tyngda til denne type arbeid. Sidan 2012 har eg drive med styrketrening, tre til sju dagar i veka. Sidan eg trenar åleine har det til tider vore vanskeleg å motivere seg, men eg fekk ny inspirasjon til å halde fram etter at eg byrja å leie treninga for nokre damer på Slidretun. Og då det vart avhalde konkurranse i strongmanøvingar i Slidre no i vår, melde eg meg på. Det angrar eg ikkje på, for det var veldig artig, og jammen vann eg òg! Det vart konkurrert i tre øvelsar: Fyrst skulle vi lyfte ein 41 kg tung stokk så mange gonger som mogleg over hovudet på eitt minutt, noko eg klarte fem gonger. Så gjekk vi ei 20 meter lang løype to gonger med 55 kg i kvar hand, der det var om å gjere å bruke så lite tid som råd. Til slutt var det markløft, der ein skal lyfte så mykje ein klarar frå bakken og opp til hofta. Eg klarte 125 kg, og for ei jente som veg 65 kg, er vel ikkje det så verst?  (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Svein Olav Kopperud, Garli, Fagernes, fødd 1960

Eg har vore sportsinteressert heile livet, og dei siste 15 åra har eg reist utanlands med nokre kameratar, på ulike sportsarrangement. Av store opplevingar kan eg nemne «el classico» i Barcelona; fotballklassikaren mellom Barcelona og Real Madrid, samt fleire fotballkampar på øvste nivå i England. Ei anna oppleving som gjorde inntrykk, var då eg var på ein fotballkamp i Hamburg seinhaustes 1989, den fyrste helga etter at berlinmuren vart riven. Det var mange aust-tyskarar i gatene, og dei kjøpte store mengder appelsinar. Det kom av at dei knapt hadde sett frukt før, sidan dei stort sett var vane til surrogatprodukt i Aust-Tyskland. Her heime har eg vore lagleiar for fotballen i Sør-Aurdal i 20 år. Eg har òg hjelpt til under Beitosprinten dei siste fem åra, og eg stiller opp for Valdres FK no og då. Elles er eg veldig glad i å vere ute i naturen, og har vore mykje på fjellet i Vestre Slidre. Dei to siste åra har eg gått den delen av Kongevegen som går ned mot Lærdal, men no til sumaren vil eg gå på valdressida. Eg vil òg nytte høvet til å skrøyte av dei gode helsetenestene vi har her til lands. Eg vart nemleg sjuk av helveteseld i vinter, og var heilt utslegen i ein månad. Då fekk eg sjå kor godt systemet verka, etter to veker på sjukehus. Men nesten enno betre var det å sjå kor mykje familie, vener og kollegaer stilte opp for meg. Dei hjelpte meg gjennom heile sjukdomsperioden, og sytte for at vegen tilbake til  kvardagen, vart så lett som råd. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Arne Thorbjørn Høneren, Strømskroken, Begna, fødd 1927

Den 18. mars i år, sat eg klistra til tv-skjermen. Då hoppa barnebarnet mitt, Robert Johansson, for Norge, under lagkonkurransen i skihopp i Vikersund. Og då han landa på 252 meter og sette ny verdsrekord, ja då var det ikkje fritt for anna enn det kom ei tåre i augekroken. Ei veke seinare vart Robert den fyrste i verda som har hoppa 250 meter i to bakkar, då han sette ny bakkerekord i Planica. Så eg er ikkje så reint lite stolt av han! Åkledet på veggen bak meg har eg forresten brodert sjølv, og startnummeret som eg har festa på det, har Robert brukt i eit verdscuprenn. Far min døydde av hjartesvikt, berre 56 år gamal. Eg fekk sjølv hjarteinfarkt for snart 30 år sidan, og eit nytt infarkt noko seinare. Dette gav meg ein støkk, så no trenar eg kvar tysdag og torsdag på Nes. Ein yngre bror av meg døydde også ung. Han vart berre 25 år gamal, og døydde av tuberkulose. Han var heime på permisjon frå Glittre sanatorium, men ville ikkje tilbake då permisjonen var omme, så han døydde heime. Det var vondt å miste han, for vi sto kvarandre nær, bror min og eg. Elles må eg seie at eg var ein ivrig elgjeger frå 1949, og fram til eg ga meg i 2012, 85 år gamal. Den siste tida var vi 10 jegerar på laget, og vi hadde mange fine stunder saman. Eg vil også nemne at eg snart skal vere med svigerson min til garden hans i Nord-Norge. Då skal eg opp i fly for fyrste gong, og tanken på det, gjer at det kriblar litt i magen! No i august fyller eg 90 år, og då skal det vere selskap med over 50 gjester. Eg gler meg skikkeleg, for det skal bli kjekt å møte heile slekta att! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Kari Albertsen Sørbøen, Leirskogen, fødd 1977

Eg er fødd i Oslo, men der budde eg berre det fyrste leveåret mitt. Då flytte vi til garden Veigård i Begnadalen, der mor mi var odelsjente. Her hadde eg ein trygg og god barndom, der alle kjende kvarandre. Sidan 1999 har eg budd i lag med mannen min på Leirskogen. Vi har to søner på 10 og 13 år som driv aktivt med ski og fotball, så vi er mykje på farten. Eg må seie eg er veldig glad i bygdelivet, i grenda og kommunen vi bur i, og eg likar å engasjere meg, og få ting til å skje. Det gjer eg mellom anna fordi eg er oppteken av at bygda skal vere levande, for med all sentraliseringa som skjer, kan det fort bli mange mørke glas kring oss. Eit døme på at vi ynskjer litt liv i bygda, er at vi no har invitert Teater Innlandet til å kome hit for å ha ei framsyning av stykket «Skogsmatrosen», av Jon Michelet. Av meir personlege erfaringar, opplevde eg at mor mi døydde i 2009, etter ein nær ti år lang kamp mot kreft. Den siste tida verka ho frisk og rask, og ho arbeidde fram til ei veke før ho døydde. Det kom difor som eit lite sjokk då ho gjekk bort, for vi var ikkje klar over at det var så nært føreståande. Dødsfallet hennar har fått meg til å stoppe opp, og bli meir ettertenksam. Og eg har mange gonger særleg tenkt på kva ho og sønene mine går glipp av; at ho ikkje får sjå dei vekse opp, og at dei ikkje får ha henne i sine liv. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2019 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑