Tag

Behandling

Marianne Rognås Larsen, Fagernes, fødd 1973

Etter å ha jobba som sjukepleier nokre år, vart eg gravid med dottera vår. Då eg fødde, fekk eg akupunktur som einaste  smertelindring, og eg vart nysgjerrig på å finne ut meir. Derfor tok eg ein bachelorgrad i akupunktur i 2006, og byrja som akupunktør her på Fagernes. Året etter tok eg eit kurs i barneakupunktur, og behandlar difor også barn. Akupunktur er ein vel 3000 år gamal behandlingsmetode, som byggjer på teorien om yin, yang og Qi. Yin og yang er to motsetnader som er avhengige av, og utfyller kvarandre. Qi er ein vital energi som sirkulerer i 14 energikanalar, eller meridianar, i kroppen, og som gjev næring til ulike organ. Sjukdom blir sett på som ein ubalanse i dette energisystemet, og akupunktørens oppgåve er å gjenopprette energibalansen hjå pasienten. Det blir gjort ved å stikke tynne nåler langs meridianane, slik at Qi får flyte fritt. For når Qi flyt fritt, er vi ved god helse. Nålene står vanlegvis inne i 20-40 minutt, og dei aller fleste pasientane seier at det ikkje gjer vondt. Ved sida av smertelindring, er behandlinga godt eigna ved muskel-, skjelett- og utmattingslidingar, søvnproblem, allergi, og ulike betennelsar og infeksjonar. Før ein fødsel blir det brukt som smertelindring, og for at den fødande skal få slappe av. Behandlinga gjer at kroppen behandlar seg sjølv, mellom anna ved at nålene stimulerer kroppen til å skilje ut endorfin og serotonin. Det er stadig fleire som får akupunktur, og ein av dei store fordelane, er at ein ikkje får biverknader. Sjølv om akupunktur er ein gamal behandlingsmetode, blir det gjort mykje ny forsking. Interesserte kan gå inn på akupunktur.no, for å finne ut meir. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Irene Bjorheim, Løkjisberget, Lomen, fødd 1959

Fyrste gongen eg var i India, var i 1982. Då reiste eg for å oppleve landet og kulturen. Sidan har eg vore der mange gonger, men dei siste 20 åra har eg reist også av andre årsakar. Eg har nemleg ein revmatisk sjukdom, og ein periode var eg så dårleg, at eg ikkje greidde noko som helst. Då var eg 100% sjukemeld, og eg prøvde sjølvsagt alt for å bli betre. Snart fekk eg høyre om ayurvedisk behandling. Ayurveda er eit om lag 5000 år gamalt medisinsk system med ei holistisk tilnærming, som er utbreidd i India og områda rundt. Ayurvedisk medisin høyrer inn under den offentlege helsetenesta i India, på lik line med vestleg medisin. Dei ayurvediske legane får same grunnopplæring som vestlige legar, men har i tillegg opplæring i ayurveda. Så eg reiste til India for behandling, noko eg fekk eit særs godt utbytte av. Eg kom ikkje berre tilbake i jobb, men også tilbake til livet. Den gode hjelpa eg fekk, var bakgrunnen for at eg for 11 år sidan starta opp mitt eige firma, «Golden Mango Travel», med helsereiser til India. Eg samarbeider med tre ayurvediske senter i India, der det eine av dei er omtala i den anerkjende avisa «The Telegraph», som det aller beste i India. Det seier ikkje så reint lite, for det finst tusenvis av slike senter der nede. Dersom ein vel å reise til India for behandling, får ein ikkje berre betre helse, ein får også oppleve ein annan, og spennande kultur. Og det er ein bonus som er vel verdt å få med seg! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Solveig Ninni Hagen, Leira, fødd 1956

Handarbeidet har vore med meg så å seie heile livet, og vi hadde undervisning i handarbeid såvel på framhaldsskulen som på husmorskulen. Eg synest det er gjevande å skapa noko, og likar å sysle med handarbeid når eg til dømes ser på tv. For det fell ikkje for meg å sitje heilt uverksam, utan å ha noko å gjere på. Mykje av det eg lagar gjev eg bort til slekt og vener, men eg har òg laga små barneklede i ull som eg har gjeve bort til prematuravdelingar ved sjukehus. Ved ambulansetenesta har dei fått det som blir kalla besøksvener av meg. Dette er små dokker som dei brukar i møte med born. Andre ting sel eg. Denne ugleputa har eg nok laga 40 stykke av, og den seinare tida har farmenlua vore veldig populær, så den er det fleire som har tinga på. Av yrke er eg hjelpepleiar ved DPS i Aurdal. Her brukar vi handarbeid aktivt som ein del av behandlinga. Mange av pasientane slit med vonde tankar, anten dei lir av eit traume, har angst eller andre utfordringar. Då er det godt for dei å få tankane over på noko anna, og det å konsentrere seg om handarbeid, har synt seg å vere særs vellukka. For dei erfaringane vi har hausta, har vist at handarbeidet kan bidra til at folk kan få det betre, og det synest eg er utruleg flott! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2020 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑