Tag

Beitostølen

Tone Englund, Beitostølen, fødd 1956

Foreldra mine ville ikkje vite av meg, så eg vart sett bort til besteforeldra mine då eg var eitt år, og vart adoptert av tanta og onkelen min året etter. Adoptivfaren min jobba i forsvaret så vi flytte mykje rundt, og det lengste vi var på ein stad, var fem år. Derfor slo eg aldri heilt rot nokon stad, men då eg kom til Valdres for fyrste gong i 1975, var det kjærleik ved fyrste blikk! I tida som følgde budde eg fleire periodar på Beitostølen, medan eg reiste ut mellom anna for å gå landbruksskule, lærarskule og idrettshøgskule. Idrett har vore ein viktig del av livet mitt, heilt sidan eg var småjente. Eg dreiv med friidrett i barne- og ungdomsåra, og sprang seinare Oslo Maraton, Holmenkollstafetten, Villmannen og Fjellmaraton, samt Hardhausen, der ein skulle gå Birkebeinaren, springe ein halvmaraton og sykle Trondheim–Oslo i løpet av eit kalenderår. Eg spelte også fotball for damelaget til Øystre Slidre. Men i 2004 vart eg akutt sjuk, og måtte byrje med rullestol vinteren 2006. Det var tøft å snu om frå eit aktivt liv på beina til å bli sitjande i rullestol, samstundes med at eg måtte slåst for å få ein tilrettelagt arbeidsplass. Heldigvis lærte eg noko av alle arbeidsåra i stallen på Helsesportsenteret, og av å ha vore følgjesvein i mange år under Riddarrennet: Eg såg at det gjekk an å leve eit aktivt liv med funksjonshemming, og det gav meg stor inspirasjon. Så i tida som følgde vart det mykje hard trening, men også konkurransar. Til dømes pigga eg Fjellmaraton fem gonger, og Oslo maraton tre gonger. Eg er ute kvar dag, og det likaste eg veit er anten å ri ein tur, eller å pigge ein tur på skikjelke eller i rullestol. Og no vil eg få meg ein fuglehund, for den store draumen er å ri på jakt i dette fjellområdet som eg har tapt hjartet mitt til. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Kristine Granli, Beitostølen, fødd 1966

Dei fyrste åra mine i arbeidslivet, jobba eg så mykje at eg vart sjuk av det. Eg var fyrst butikksjef for klesbutikken Twins med ansvar for fire butikkar, før eg vart dagleg leiar for klesmerket Ball. Ikkje berre sleit eg meg heilt ut, det kjendest også meiningslaust å berre jobbe for pengar. Eg ville mykje heller gjere noko eg kunne vere stolt av; eg ville hjelpe andre. Derfor tok eg ei rekkje studiar og kurs innan medisin, terapi og massasje, og starta ein klinikk i Oslo som gjekk veldig bra. Sidan eg er veldig glad i fjellet og naturen, og Oslo er hektisk og bråkete, kjøpte eg ei leilegheit på Beitostølen i 2004. Dette vart ein fristad for meg, og det vart mange turar oppover. Men ein dag fann eg ut at eg like gjerne kunne flytte til Beitostølen for godt, for det var her eg likte aller best å vere. På Beitostølen opna eg ein ny klinikk, Helseglad, der eg tilbyr massasje, ulike typar akupunktur, soneterapi, og tre ulike typar healing. Eg er også personleg trenar. For meg er det viktig å gje best mogleg hjelp til så mange som råd, så eg har eit breitt spekter med tilbod. Eg held meg sjølvsagt fagleg oppdatert, og tek stadig utdanningar og kurs for å utvikle meg. Dei ulike behandlingsformene eg tilbyr, med det reint skulemedisinske i kombinasjon med ei åndeleg tilnærming, gjev også ei meir heilskapleg behandling, som betre kan tilpassast kvar enkelt. Om lag 90% av pasientane mine er fastbuande valdrisar, og eg vil nytte høvet til å rette ein stor takk for den tiltrua og openheita dei har vist meg, ved å prøve dei ulike behandlingane mine. Eg angrar ikkje på at eg valte ein annan kurs i livet, for no er eg lykkeleg. Og mykje av det skuldast at det er så mykje meir gjevande å hjelpe folk, enn å berre jage etter pengar. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Anne Marie Hovi, Beitostølen, fødd 1964

Som kokkelæring var eg til sjøs, noko eg treivst veldig godt med. Men reiaren valte å flagge ut, så eg flytte heim til Valdres, og tok til å arbeide på Beitostølen. Her har eg jobba på hotell, i restaurant, som resepsjonist og på kafeteria, før eg i mars i år skifta beite, og byrja å selje klede. Eg var ikkje eingong interessert i klede då eg flytte inn på Stølstunet for å starte butikk, men eg er veldig spontan av meg, så eg hoppa i det. Og det har eg ikkje angra på, for eg synest det er veldig artig! Butikken min heiter Marnes Mote. Namnet Marne var eit namn eg fekk av tanteungane mine då dei var små, sidan dei ikkje klarte å seie Anne Marie. Men dei heldt fram med å kalle meg Marne også etter at dei vart store, så namnet har eg hatt i tjue år no. Marnes Mote sel dameklede, og vi legg vekt på at alle skal finne noko dei likar; gamal og ung, liten og stor. Her er klede i alle prisklassar, opp til storleik 52. Det er ikkje så mange klesbutikkar i øvre Valdres, så dei fleste kundane mine kjem frå Vang, Øystre og Vestre Slidre. Elles har eg drive med teater, eg spelte klarinett i musikklaget og var med i husflidslaget, og eg er framleis med i helselaget. Dessutan prøver eg å vere med på det som skjer i nærmiljøet, og stille opp på dugnader, for å støtte opp om det som skjer i bygda. Men det er ikkje heile tida det klaffar, sidan eg jobbar ein del kveldar og helger. Eg likar også godt å reise, særleg når eg kan kombinere det med ei teaterframsyning. Av favorittreisemåla er områda rundt Gardasjøen i Italia, Praha, Bratislava og austeuropeiske land generelt. Og sjølv om eg ikkje er så interessert i dyr, synest eg det var kjempeartig å vere på safari i Kenya, og sjå dei eksotiske dyra i sitt naturlege miljø. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Anne-Guri Ekern, Beitostølen, fødd 1961

Eg hadde ein trygg og god oppvekst i Brumunddal, og dreiv aktivt med idrett og musikk. På vidaregåande fordjupa eg meg i språk, og reiste deretter som au pair til Frankrike for å lære språket betre. Etterpå hadde eg lyst til å studere tysk og fransk, men ein prat med far min gjorde at eg ombestemde meg, og vart fysioterapeut i staden for. Etter å ha jobba som fysioterapeut eit par år, fekk eg ein telefon frå Beitostølen Helsesportsenter, med spørsmål om eg kunne jobbe der eit par veker. Det er no snart 30 år sidan, og eg er framleis her! Eg synest det er artig å bidra til at folk med fysiske og mentale utfordringar kan flytte grensene sine, og ta sine eigne «riddarsprang». Vågar ein å ta spranget kan ein risikere å havne i fossen, men kjem ein seg over, er belønninga stor. Og her er eg nok sterkt påverka av onkelen min, Erling Stordahl, som var oppteken av å gje alle menneske moglegheiter. Elles er eg oppteken av klimaspørsmål, og er med i Beitostølen humleklubb og Besteforeldre mot global oppvarming. Eg var på klimatoppmøtet i Paris i 2015, og der fekk eg ein real vekkar. Vi sit på vår grøne grein her til lands, medan naturkatastrofene – som har vorte stadig større og hyppigare – i fyrste omgang råkar dei fattigaste stroka i verda, og det synest eg er trist. Det kjem til å bli mange klimaflyktningar, og det vil bli tøft å leve på jorda. Kvar og ein av oss må bidra etter beste evne viss vi skal vi klare å snu det, men tida er knapp. Av meir positive hendingar, må eg nemne «Riddarspranget 2018», der eg har vore med i styringsgruppa. Dette er eit stykke med lokale dansarar og skodespelarar, som blir vist i alpinbakken på Beitostølen den 24. og 25. august. Og eg gler meg skikkeleg til framsyning! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Pål Andvord, Beitostølen, fødd 1975

Vi flytte frå Brandbu til Valdres rundt 1980, då foreldra mine tok over drifta på Vangsjøen. Og då eg sjølv byrja å jobbe, var det på Beitostølen høyfjellshotell, som det heitte den gongen. Deretter tok eg til på Svingen pub i 1997, som eg og to kompisar fekk skrapa saman nok pengar til å kjøpe tre år seinare. Etter at vi hadde kjøpt Svingen pub, stifta vi selskapet Beitostølen Barcraft, og kjøpte etterkvart opp fleire utestader. Av dei er Arnolds pub, som no blir gjenreist, og bygginga er i full gang. Her blir det restaurant og bar, og det blir nok den nye storstova på Beitostølen. No har vi også skipa Barcraft Fagernes, som er eigar av Nabo bar. Barcraft har til saman 12-13 tilsette på fulltid, og på ein vinter er det sikkert 35 personar innom vaktlista. Og eg må seie eg er stolt av å ha vore med på å skape ein drivkraftig butikk, frå så så seie ingenting. Elles er eg med i kommunestyret, og eg synest det er interessant å lære meir om kommunen eg bur i, og bli betre kjend med det som skjer. Dessutan brenn eg for at Beitostølen skal bli stadig betre, for det er ikkje gratis å reise hit, så det er viktig at dei tilreisande har det bra når dei kjem. Eg er også med i styret i idrettslaget, og synest det er spennande med dei store arrangementa, som er positivt for Beitostølen generelt, og sjølvsagt også for oss. Når det gjeld interesser, likar eg godt å reise. Vi er ein kompisgjeng på fem–seks stykke som dreg på fotballturar i England, men er òg på andre turar. Uansett kvar vi reiser, ynskjer vi å finne gode restaurantar. For det er noko med det å kome seg bort frå ein hektisk kvardag, slappe av, og vere i lag med gode vener. Og når ein kan gjere det med god mat og drikke, blir det ekstra hyggjeleg! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Margaret Heldor, Beitostølen, fødd 1951

Eg er fascinert av diagonale bevegelsar. Forsking har vist at det er bra for born å krabbe, og at bevegelsane stimulerer både den venstre og høgre hjernehalvdelen. Sjølv krabbar eg fem minutt kvar morgon. Eg er utdanna yogalærar, og har halde på med yoga i meir enn 40 år. Det å krabbe sakte, samt å meditere, er oppskrifta mi for å møte utfordringane i livet. Eg arrangerer yogakurs, og har også gjeve ut ein cd med støtte frå Øystre Slidre kommune: «Yoga med noko attåt», som inneheld yogaøvingar, og songar. Men hovudyrket mitt har vore som lærar. Ved sida av lærarutdanninga har eg vidareutdanning i rettleiing og leiing, og har vore med som pedagogisk konsulent og tekstforfattar til serien «syng og lær», som er ein serie med songbøker knytt til faga på barneskulen. Når ein brukar song som læremetode, brukar ein båe hjernehalvdelane: Språk og tal i den venstre, og tone og akkord i den høgre. Ved å synge lærestoffet tek ein i bruk større delar av hjernen, og ein kan få songen «på hjernen», slik at ein hugsar lærestoffet betre. For tida øver femte klasse ved Lidar skule på ein «hønseræpp» eg har laga, som etter planen skal spelast inn på «Lydsmia». Eg vonar dette kan føre til at fleire kjøper norske verpehøns i butikkane. Elles har eg fordjupa meg i min bestefar sitt liv og virke. Han jobba som hovudbokhaldar for Felleskjøpet i over 30 år, og teikna og måla på fritida. Han vart også norgesmeister i sjakk i 1922. Eg har fotografert alle teikningane og måleria hans, og har funne ein kopling mellom det han har måla, og songane eg har skrive. Derfor har eg samla fleire av mine songar og hans bilete, noko som skal bli til bokprosjektet: «Å synge for å lære, og å stanse for å være». (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Petter Saunes, Beitostølen, fødd 1952

Eg vaks opp ikkje så langt frå Odda i Hardanger, og flytte til Loen i Sogn og Fjordane då eg vart 19. Der jobba eg på hotell Alexandra om sumrane, og var sjømann haust og vinter. Men i oktober 1976 flytte eg til Valdres, og byrja i jobben som barassistent på Beito høyfjellshotell. Det var meininga eg skulle vere på Beitostølen berre ein vintersesong, men her er eg altså enno. Sidan eg hadde stått mykje på ski heilt sidan eg var ein gutunge, søkte eg etter kvart arbeid på skiskulen. Eg vart skiinstruktør hausten 1979, og tok skilærareksamen tre år seinare. Eigentleg vart eg pensjonist for tre år sidan, men eg jobbar framleis heile vinteren, og går no inn i min 39. sesong. Eg må seie eg har vore heldig som kan leve av å stå på ski, og ynskjer å halde fram to-tre sesongar til. På skiskulen vår er det høve til å ta kurs, og få ei internasjonalt godkjend utdanning som skiinstruktør. Kursa er i regi av Den Norske Skiskole, og allereie etter å ha take to av fire moglege kurs, kan ein søkje seg jobb i utlandet. Sidan eg flytte til Beitostølen for vel 40 år sidan, har det vore stor hytteutbygging, og vi har hatt ein auke i kundetalet kvart år. Tilbodet vårt er utvida med aktivitetar også om sumaren, og vi heiter no Beitostølen aktiv og skiskole. Sist år var det i overkant av 10.000 menneskje som nytta seg av tilboda våre. Dei er tydeleg godt nøgde, for i år fekk vi fortreffelegheitsbevis frå TripAdvisor, som er ei anerkjenning til forretningar i reiselivsbransjen som har levert framifrå kundeopplevingar. Og det er sjølvsagt ei utmerking vi er stolte av å ha fått! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2019 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑