Tag

Bergsbakka

Trond Gudbrand Berg, Bergsbakka, Hedalen, fødd 1970

Vi budde i Kolbotn fram til eg var ti år. Då flytte vi til Hedalen, til slektsgarden der far min vaks opp. I ungdomstida vart eg interessert i friluftsliv, etter at vi hadde jakt og friluftsliv som valfag på ungdomsskulen. Læraren tok oss mellom anna med på snøholeturar, vi tok jegerprøvekurs, og var på rypejakt. Elles dreiv eg med skihopp, volleyball og fotball, og gjekk idrettslina på Fagernes. Og sidan det høyrer 1000 mål skog til garden, gjekk eg lina for skogbruk i Hov i Land, og lina for utmarksforvalting ved distriktshøgskulen på Evenstad i Østerdalen. Så flytte eg heim for å ta over garden i 1995, kjøpte ti sauer av naboen, og var så smått i gang. Eg er interessert i naturforvalting, og er oppteken av at vi må utnytte ressursane på ein berekraftig måte. Plantar og tre bind opp mykje CO₂, men skog og kratt må tynnast og hoggast så det ikkje rotnar på rot. Så må krattet og hogsten brukast, til dømes til dyrefôr, byggemateriale og ved, så det kjem til nytte. No ser vi at fjellet gror ned grunna mindre hogst, færre beitedyr og mildare vêr, og hadde det ikkje vore for beitedyra, hadde det grodd ned endå fortare. Dessutan må eg seie eg blir oppgjeven når avisene skriv at bøndene ikkje tek omsyn til miljøet, for om vi ikkje kan drive som no, kvar skal vi få maten vår frå då? No har eg om lag 100 vinterfôra sau, så det er travelt under lamminga, men eg har heldigvis god hjelp av sambuaren min og mora mi. Og når vi fyrst er inne på lamming, må eg nemne ein syttande mai for nokre år sidan. Eg var nede i bygda, oppkledd i bunad og min finaste stas. Så fekk eg beskjed om at det var lamming på gang, og eg kasta meg i bilen og køyrde oppatt det fortaste eg vann. Men så viste det seg at alle arbeidskleda mine var på vask, og det enda med at eg måtte ta kleda frå fugleskremselet! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Bjørg Elisabeth Berg, Bergsbakka, Hedalen, fødd 1946

Besteforeldra mine var hedølar, og bygde seg hytte på Teinevassåsen allereie i 1913. Eg nytta meg ein del av hytta i åras løp, og vart tidleg glad i Hedalen. Sjølv er eg fødd i Drammen, men flytte til Oslo i 1964, der eg tok lærarskulen, og gjekk eitt år på idrettshøgskule. Så vart eg gift med ein hedøl i 1968, men vi flytte ikkje til Hedalen før sankthans 1980. Same haust byrja eg som lærar ved Hedalen barne- og ungdomsskole, der eg var i 28 år. Skulane her til lands har nær radert bort formingsfaga, og det gjer meg bekymra: Korleis skal ungane lære seg handlag, og løyse praktiske oppgåver no? All fokus er på teori, og ein må vel snart teikne pannekakene på skulekjøkenet! Sjølv har eg bestandig hatt glede av handverksarbeid, og har også arrangert skinnfellkurs gjennom  mange år. Så det gler meg stort at vi har eit husflidslag som arrangerar strikkekaféar, kurs i knivmaking, teger- og skinnfellarbeid, for eg brenn for å ta vare på dei rike handverkstradisjonane våre. Elles er eg aktiv i foreiningslivet i Hedalen, mellom anna i Bautahaugens venner, som har hatt ei rekkje utstillingar der hedalskulturen blir vist fram. Eg synest det er viktig at vi kjenner våre tradisjonar og historie, for blir det gløymt, mistar vi mykje av identiteten vår. Eg er glad i å reise, og av store opplevingar kan eg nemne turane til høvesvis Sør-Afrika før jul, og til Nord-Norge i fjor sumar. Sør-Afrika var fylt av kontrastar, med alt frå stor fattigdom, til safari og mykje fint å sjå. Nord-Norge var fantastisk, med vakker natur, midnattssol, og store reinflokkar. Så i fjor var eg både på Nordkapp og Kapp det gode håp, og vart mange gode minner rikare! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2019 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑