Tag

bunad

Trond Gudbrand Berg, Bergsbakka, Hedalen, fødd 1970

Vi budde i Kolbotn fram til eg var ti år. Då flytte vi til Hedalen, til slektsgarden der far min vaks opp. I ungdomstida vart eg interessert i friluftsliv, etter at vi hadde jakt og friluftsliv som valfag på ungdomsskulen. Læraren tok oss mellom anna med på snøholeturar, vi tok jegerprøvekurs, og var på rypejakt. Elles dreiv eg med skihopp, volleyball og fotball, og gjekk idrettslina på Fagernes. Og sidan det høyrer 1000 mål skog til garden, gjekk eg lina for skogbruk i Hov i Land, og lina for utmarksforvalting ved distriktshøgskulen på Evenstad i Østerdalen. Så flytte eg heim for å ta over garden i 1995, kjøpte ti sauer av naboen, og var så smått i gang. Eg er interessert i naturforvalting, og er oppteken av at vi må utnytte ressursane på ein berekraftig måte. Plantar og tre bind opp mykje CO₂, men skog og kratt må tynnast og hoggast så det ikkje rotnar på rot. Så må krattet og hogsten brukast, til dømes til dyrefôr, byggemateriale og ved, så det kjem til nytte. No ser vi at fjellet gror ned grunna mindre hogst, færre beitedyr og mildare vêr, og hadde det ikkje vore for beitedyra, hadde det grodd ned endå fortare. Dessutan må eg seie eg blir oppgjeven når avisene skriv at bøndene ikkje tek omsyn til miljøet, for om vi ikkje kan drive som no, kvar skal vi få maten vår frå då? No har eg om lag 100 vinterfôra sau, så det er travelt under lamminga, men eg har heldigvis god hjelp av sambuaren min og mora mi. Og når vi fyrst er inne på lamming, må eg nemne ein syttande mai for nokre år sidan. Eg var nede i bygda, oppkledd i bunad og min finaste stas. Så fekk eg beskjed om at det var lamming på gang, og eg kasta meg i bilen og køyrde oppatt det fortaste eg vann. Men så viste det seg at alle arbeidskleda mine var på vask, og det enda med at eg måtte ta kleda frå fugleskremselet! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Sølvi Havro, Hensgardane, Hensåsen, Vang, fødd 1958

Etter eitt år på folkehøgskule i Sogndal, og to og eit halvt år med ulike jobbar i Oslo, flytte eg heim til Vang i 1980. Her tok eg til å jobbe som assistent ved Vang barne- og ungdomsskule, der eg var fram til 1995. Då eg slutta å arbeide ved skulen, starta eg opp for meg sjølv. Eg hadde ei systove på Neset der eg tilverka bunader, og i 2003 kjøpte eg Haukåsen, som ligg rett bortanfor garden der vi bur. På garden har vi om lag 50 vinterfôra sau, og til garden høyrer det ein støl som ligg i Herredalen. Her er det ikkje mobildekning, så eg får verkeleg ro til å samle nye krefter her. Eg flytte systova til Haukåsen – der eg også hadde noko servering – og i 2011 starta eg i tillegg opp ein strikkekafé her. På strikkekafeen er vi mellom 15-20 kvinner som møtes kvar tysdag. Dette er eit populært tilbod for oss damene, og dei siste fem åra har vi strikka babyteppe til alle nyfødde i Vang kommune. Elles har eg drive ein «onnebarnehage» i 13 sumrar, som var ein feriebarnehage for ungar frå heile kommunen, og eg har hatt avlastingsheim, der eg tok i mot personar med behov for det. Då eg var yngre dreiv eg aktivt med mellom anna symjing, orientering, langrenn og skihopp, og i 1973/-74 fekk eg prisen «årets idrettsjente i Vang». Ein annan pris eg har fått, og som eg er ganske stolt av, er positivprisen. Den fekk eg som fyrste vangsgjelding i 2001. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Kari Nilsen Follinglo, Røn, fødd 1967

Mora mi var frå Ulnes, men ho flytte til Oslo 15 år gamal. Og då eg sjølv vart 15, berre eit par dagar etter at eg var ferdig på ungdomsskulen, flytte eg frå Oslo til Valdres. Eg har mykje slekt her, og kjenner ei sterk tilhøyring til garden, så eg følgde hjarta og reiste «heim». Eg byrja på husstell og saum ved Leira vidaregåande skule, og sidan gjekk eg Husflidskulen. No driv eg for meg sjølv som bunadtilverkar, etter at eg for nokre år sidan vart ferdig med ei bunadopplæring over tre år, med tilhøyrande praksis hjå Grethe Rudi Bråten ved Valdres Folkedraktsaum. Alt eg lagar er sydd for hand, det vere seg skjorter, bunadar eller jakker, og eg følgjer dei tradisjonelle måtane å tilverke det på. Det er mange detaljar som ved fyrste augekast kan virke tilfeldige, men dei tener alle ei hensikt. Eg synest at bunader tilverka i utlandet er ein skam. Dei rettar seg ikkje etter tradisjonane, stoffet er av dårlegare kvalitet, og dei er sydde med maskin utan omsyn for handverksfaget. Mange av detaljane vert også sløyfa. For meg er det viktig å behalde dei norske tradisjonane, bevare det originale, og føre det vidare. Og for å seie det rett ut: Der eg leverer ein Rolls Royce, tilbyr utlandet ein Lada, så ein får i høgste grad det ein betalar for! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2019 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑