Heile livet har eg vore fylt av uro, og mykje av årsaka til det, kjem nok av at eg har flytt 25 gonger. Men då eg såg ein video om meditasjon, vart eg overtydd om at dette var vegen til eit betre liv. 26 år gamal pakka eg, og reiste åleine til India på ein åndeleg søken. Eg var borte i nær eit halvt år. Ei anna viktig hending i livet, var då eg las Markens grøde. Eg vart sterkt inspirert av hovudpersonen i romanen, Isak Sellanraa, som braut ny mark, og levde av det jorda gav. Slik ville eg òg leve! Difor byrja eg på jordbruksskule i Aurland, men etter skulen tok kjærleiken meg til Danmark, og livet som nybrottsmann vart sett på vent. Medan eg budde i Danmark lengta eg tilbake til den norske naturen, og fekk derfor i stand eit samarbeid med to klassekameratar frå jordbrukskulen. Eg flytte til Vang og byrja kafédrift oppunder Mugnetind, der eg selte kvikako og rømmegraut som eg laga sjølv. På dei to sesongane eg dreiv her, rakk eg å bli glad i så vel Vang som Valdres. Så då eg fekk tilbod om å kjøpe eit falleferdig bureisingsbruk av Vang kommune i november i fjor, slo eg til. Bruket ligg litt utanfor allfarveg, og NRK er her og filmar for serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Det synest eg er litt artig! Planane for garden er ikkje spikra, men eg vil byggje ein laftehall, og håpar laftinga kan gje litt inntekt. Eg har gått lina for tradisjonshandverk på Hjerleid, og tek på meg ein del oppdrag innan faget her i Valdres. Eg har også lyst til å få brukt jordbruksutdanninga mi, og ynskjer å dyrke grønsaker etterkvart. Eg kjenner meg heime her på garden, og har etter mange år med kaos funne meir ro. Draumen er at eg endeleg skal slå røter, men då må eg stå imot trongen til å flytte, når det buttar imot. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg har levd eit rikt liv, med både oppturar og nedturar. Då eg var 14 år, vart mitt kjære fødeland Danmark okkupert av tyskarane. Eg gjekk inn i motstandsrørsla, men vart arrestert av Gestapo, dømt til døden, og fekk mellom anna øydelagt det eine auga mitt under dei harde avhøyra. Heldigvis klarte eg å rømme. Etter krigen var eg mykje i Norge, og fekk fleire vener i det litterære miljøet. Eg skreiv romanen «Og hanen galede anden gang», som vart utgjeven på same tid i Norge, Danmark, Sverige og Finland, og som førte til at eg vart kalla den mest lovande forfattaren i Danmark. Sidan har det vorte 13 bøker til. Rett etter at debutboka kom ut vart eg skilt, og gifte meg med systera til den fyrste kona mi, noko som vart skandale. Til trass for dette vart eg ordinert til prest i Danmark i 1964, sjølv om eg ikkje hadde teologieksamen. Men då eg vart skilt frå den andre kona mi søkte eg einsemda, og den fann eg i Valdres. Etter eitt år, utan korkje bil, telefon, radio eller tv, med berre ein open peis og lite ved gjennom ein lang, kald vinter, syntest ein av mine danske vener at eg hadde vore lenge nok åleine, så han bad meg med på tur. Og etter å ha besøkt mellom anna Holocaust, Sør-Afrika, Kenya, Jerusalem og Damaskus, var eg budd på å ta fatt på livet igjen. Seinare vart eg tilsett som prest i Esbønderup i Danmark, og den fjerde sundag i advent i 1982 kom Kirsten, mitt livs store kjærleik, inn i kyrkja der eg forretta. Eg bad henne med til Valdres, og då vi etterpå reiste tilbake til Danmark, visste vi at det skulle bli oss to. 40 dagar seinare var vi gift. Så når du no skal ta bilete av meg, vil eg at Kirsten skal vere med, for vi er eitt. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg tok til å arbeide i sylvsmie då eg var 15 år gamal. Fyrst var eg ved sylvsmia på Fagernes, så på Leira, før eg enda opp ved Valdres sylv og keramikk i Skammestein. På desse stadene lærte eg mange måtar å jobbe på, både innan støyping og reint handarbeid. I 1982 starta eg for meg sjølv her på Høvda. Då vi tok over bruket her i 1980, fekk vi mange åtvaringar. Vi måtte lage veg opp hit, for det var det ikkje då, og vi var nøydde til å setje i stand huset her. Men bygdefolket var fantastiske, og støtta oss gjennom heile prosessen. Seinare har vi sett opp mange fleire hus, og vi har vore heldige som har fått tak i desse gamle husa, som alle er frå Valdres. Etter at Oddgeir Bruaset var her i 2010 for å spele inn ein episode av tv-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», merka vi ein ganske stor auke i trafikken. Programmet blir sendt også i Sverige og Danmark, og det var nok særleg mange svenskar som fann vegen hit. Om sumaren får vi besøk av ein del turistar. Dei synest det er fint at dei kan kjøpe ting her som ikkje alle andre har, og det er mange som kjem att år etter år. Det er ikkje reint få av dei som kosar seg med niste og kaffi utandørs, der dei har eit makelaust utsyn mot Rundemellen og vidare utover. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2025 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑