Tag

Dirigent

Gudbrand Silvet Heiene, Slidre, fødd 1968

Eg vaks opp i Hedalen, og måtte flytte på hybel for å gå skule. Og sidan eg var ein ivrig skihoppar, søkte eg meg til skular med hoppbakke i nærleiken. Fyrste stopp var folkehøgskulen i Hurdal, så eit år på maskin og mek. på Raufoss, før eg gjekk tre år på idrettslina på Fagernes. Men eg var også interessert i musikk og song, og medan eg gjekk på idrettslina var eg med og fekk liv att i Arken Ten Sing. Dette gav meirsmak, så eg søkte meg inn på musikklina på bibelskulen i Oslo, og dirigerte også eit par kor medan eg budde i byen. Etter Oslo vart det ein del flytting og fleire studiar innan song, samt arbeid som dirigent både her heime og på Vestlandet, før eg kom attende til Valdres for godt. No er eg busett i Slidre, og har ei halv stilling som rektor på kulturskulen, og ei halv stilling som leiar for kultursektoren i kommunen. Eg syslar også med eit spennande prosjekt for å finne ut korleis vi kan få meir kompetanse på moderne teknologi i Valdres. Kort tid etter at eg kom heim til Valdres starta eg opp koret Kurve, som er eit av hjarteborna mine. Vi skal ha to konsertar no i september, ein på Svalbard og ein i Hedalen. Elles er eg glad i friluftsliv, og eg har tidlegare drive med klatring. Av turane eg hugsar best, var klatreturen opp sydpilaren på Stetind, og då eg hoppa frå det eine til det andre «hornet» på Svolværgeita. Eg har også vore oppteken av den globale situasjonen sidan byrjinga på 1990-talet, og er engsteleg for utviklinga. Eg håpar verkeleg ikkje at det går så langt at vi må slåst for maten. No som ungane våre har byrja på skulen, har eg eit håp om at det skal bli meir tid til sosialt samvære og friluftsliv framover. Og skal eg vere ærleg, drøymer eg om å kome i så god form, at eg kan ta til å hoppe litt på ski att! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Gunnar Baden, Norda Berget, Ryfoss, fødd 1946

Etter nesten ti år i Bømlo, der eg hadde starta ein musikkskule og vore musikkleiar, flytte eg til Vestre Slidre i 1985, og starta opp musikkskulen der. Noko seinare flytte eg til Vang, og starta opp musikkskulen også der. Den fyrste store musikkopplevinga mi var i januar 1961, då eg for fyrste gong var på ein filharmonisk konsert. John Barbirolli dirigerte Oslo filharmonien, og det var heilt eventyrleg å vere til stades. Opplevinga var så overveldande, at eg blir rørt til tårer berre eg tenkjer på det. Men den aller største musikalske opplevinga eg har hatt, var i Berlin der Mahlers andre symfoni (oppstandelsen) vart framført, av eit samansett orkester og kor, med 650 musikarar frå heile Europa, under leiing av Claudio Abbado. Det var 20.000 publikummarar til stades, og eg var så heldig å bli plukka ut til å få syngje i koret. Etter at vi var ferdige med nummeret, fekk vi ståande applaus i 15 minutt. Dei få gongene i livet eg har fått oppleve verkeleg stor musikk, har gjeve meg ei metafysisk, nærast spirituell oppleving. Då har eg fått ei kjensle av å bli lyfta opp i ei høgare atmosfære fylt av godheit. Desse opplevingane har gjeve meg trua på at livet vårt på jorda, ikkje er det einaste. Livsoppgåva mi, er å få andre til å glede seg over musikk. Nietzsche har sagt at utan musikk, er livet ei misforståing. Eg vil seie det slik at utan musikk, er livet utan meining. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)  

© 2020 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑