Tag

Etnedal

Ragni Havro Almenning, Hensgardane, Vang, fødd 1971

Far min var leirskulelærar på Fjellsyn, så dei fire fyrste åra av livet budde eg i Etnedal, før vi flytte til garden der far min vaks opp i Vang. Sidan mor mi kjem frå Stryn, reiste vi til Vestlandet på ferie kvar sumar. Eg vart derfor veldig glad i Vestlandet, så då eg etter ungdomsskulen skulle velje skule, fall valet på Nordfjord, og folkehøgskulen på Sandane. Og det angrar eg ikkje på, for det er det beste året eg har hatt i livet mitt! Det var også her eg møtte Oddvin, som eg gifte meg med sju år seinare. Etter folkehøgskulen gjekk eg gymnaset på Fagernes, så var eg «au pair» hjå tanta og onkelen min i Trondheim, før eg utdanna meg til førskulelærar i Oslo. Den sumaren eg var ferdig på skulen gifte eg og Oddvin oss, og flytte fyrst til Måløy, så til Stryn, før vi enda opp i Vang i 1998. Her heime har eg jobba i barnehagane Fredheim og Øye, men etter til saman 20 år i yrket sa eg opp, og byrja som assistent for Torstein Lerhol for fem år sidan. Dette er eit arbeid eg likar veldig godt, for jobben er variert, og det er utruleg gjevande å kunne vere til hjelp, og samstundes få så mykje tilbake sjølv. Utanom arbeidet er eg veldig glad i å gå fjellturar. Sumaren i fjor var heilt fantastisk, og då vart det ein fjelltur nesten kvar dag eg hadde fri. Det blir naturleg nok flest turar i Valdres, men vi er også ein del på Vestlandet. Og sidan vi har hytte på Mugnestølen oppunder Slettefjell, er det Mugnetind som oftast blir besøkt. Elles likar vi å reise, og brukar å reise på ferie med to venepar. Men når eg skal kose meg ein heilt vanleg kvardag, fyller eg eit glas med frosne bringebær, har i ein dash sitron, og fyller opp med cola. Har eg i tillegg ein pakke med Smash maissjokolade og det går noko bra på TV, krøllar eg føtene godt oppunder meg i godstolen, og kan ikkje betre ha det! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Ann Kristin Nysveen, Skogli, Etnedal, fødd 1989

Frå eg var lita tok foreldra mine meg ofte med ut på turar, og alle desse fine stundene i naturen har vore med å forme meg til den eg er i dag. For eg lever eit aktivt liv, og har stor glede av jakt og friluftsliv, og er ofte på turar anten på ski, truger eller til fots. Og hundane mine, Tascha og Idefix, er med meg kvar enn eg dreg! Av yrke er eg lærar ved barneskulen på Fagernes, og er hovudtillitsvalt i Utdanningsforbundet. Jobben er intens, og i tillegg til jobb og friluftsaktivitetar trenar eg ein del, og eg har også ansvar for volleyballtreninga i etnedalshallen ein gong i veka. Dessutan har eg kjøpt eit småbruk som eg ynskjer å ruste opp og få noko ut av, og eg har også ein del planar for to gamle stølar oppe i åsen, så det er nok å henge fingrane i! Pappa er skogbrukar, og har skjøtta skogseigedomen vår på beste vis, medan mamma har rydda kilometervis med turstigar, så dei har på kvar sin måte lagt godt til rette for framtidige generasjonar. Eg ynskjer å vidareføre det gode arbeidet dei har gjort, og har eit mål om å få til ulike aktivitetar for born og unge. For bygda har ein stor plass i hjartet mitt, og eg håpar at planane mine kan ende opp med å bli ei lita næring, og at innsatsen kan vere med på å gjere Etnedal meir attraktiv. Så utdanningane mine innan økonomi, personalutvikling og leiing vil nok kome godt med framover, og eg er sikker på at eg også får med meg nyttige erfaringar frå styret i DNT Valdres, der eg nyleg er valt inn. Sidan eg lever eit så aktivt og hektisk liv, set eg ekstra stor pris på dei stille stundene når eg kan slappe av og gjere ingenting. Då likar eg å gå meg ein tur ut i skogen eller åsen, og fyre opp eit bål. Så steikjer eg gjerne mat på bålet, før eg finn fram svartkjelen, og kokar kaffi. Desse augeblikka er gull verdt, og eg veit å nyte dei! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Vegar Storsveen, Graneisbygdé, Etnedal, fødd 1975

Etter to år på elektro og vel to år som lærling, var det ikkje råd å få jobb som energimontør, så eg jobba som avløysar fram til eg vart kalla ut i militæret. Etter militæret jobba eg litt med monteringsarbeid utanfor distriktet, men eg treivst ikkje, og byrja som avløysar att. Men endeleg fekk eg eit vikariat hjå VOKKS i år 2000, og vart fast tilsett då vikariatet gjekk ut. Eg likar ikkje å ha mykje folk tett på, så eg flytte frå Bruflat for å få litt meir luft rundt meg, og kjøpte meg gard i 2010. Sidan eg hadde små born då, ville eg ikkje byrje med dyr med ein gong, så det var fyrst i 2017 det vart dyr på garden. Her er no fôringsdyr – nokre oksar og eit par kviger – og eg har planar om å kjøpe fire kviger til. Med jobb, gard og borna Ingvild på 11 år og tvillingane Amund og Magnus på ni, blir det ikkje til at eg sit mykje i ro. Gutane sparkar fotball og går på ski, og dottera mi driv med cheerleading på Leira. Ho skal forresten til NM i slutten av mars, og det gler ho seg sjølvsagt til! Dessutan køyrer vi alle slalåm, så det blir ein del bilkøyring til og frå. Vi har også vore med på landsskyttarstemnet nokre år, og eg og borna vart med som tilskodarar mest for det sosiale. For det er eit godt skyttarmiljø i Etnedal, og mange som tek turen til landsskyttarstemnet kvart år, og som ligg i same området på campingplassen. Etter kvart vart eg med og skaut sjølv, og fekk i fjor 239 poeng i klasse 1. Og det er vel ikkje så verst, sidan eg ikkje skyt anna enn når eg er på landsskyttarstemnet? Framover har eg mål om å få nokre fleire dyr, utvide fjøset og få i hevd att all jorda. Og sidan eg har hjelpsame foreldre i nærleiken, og det er eit godt naboskap i bygda der alle stiller opp for kvarandre, og eg heller ikkje kvir meg for å ta i eit tak sjølv, har eg god von om at planane blir realiserte. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Siri Ødegaard, Øygarden, Etnedal/Begnadalen, fødd 1971

Eg hadde ein trygg og god oppvekst på eit mjølkebruk i Etnedal. Det var mykje å gjere, og mange ulike arbeidsoppgåver å løyse. Eg og dei tre syskena mine hjelpte sjølvsagt til, noko som gav god læring til seinare i livet. I tenåra var eg au pair i Sveits eitt år, før eg tok utdanning innan språk, filosofi og religion, og var lærar i Trondheim, Nordre Land og heime i Etnedal dei neste åra. Så overtok eg garden i 2010, tok agronomutdanning, og byrja med mohairgeiter – for eg ville drive garden på min måte. Ved sida av garden, hadde eg ein fantastisk jobb i kommuneadministrasjonen, og var assisterande rådmann på slutten. Men eg slutta til nyttår i fjor, og valte å gje slepp ein sikker jobb for å satse på gründerdraumen på Piltingsrud gard i Begnadalen. Eg hadde nemleg møtt ein kar med dei same verdiane og ambisjonane som meg, og vi var einige om at vi skulle satse på denne tradisjonsrike storgarden ved elvebreidda til Begna. Her på Piltingsrud er det skogsdrift og kjøtproduksjon, og frå sumaren blir vi også ein overnattings- og opplevingsgard. Eg tok med meg dei 40 mohairgeitene mine frå Etnedal, og sel skinnfellar, garn og ulike strikka produkt av mohairull i gardsbutikken vår, der vi også har ulike kjøtprodukt av vilt og storfe til sals. Vi har 200 aberdeen angus storfe, eit par dølahestar og ein lama som vaktar geitekillingane, og skal også få oss eit par grisar for å gjere garden endå meir barnevenleg. Det er lange dagar med mykje jobbing, for vi må ruste opp garden slik at vi kan gje gjestene ei best mogleg oppleving. Det som driv oss, er å ta vare på dei ressursane vi har, både i oss og rundt oss, og skape noko som kan glede andre menneske. Sidan dette i tillegg gjev arbeidsplassar til bygda, kan vi leve godt i vissheit om at vi har skapt noko bra. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Inger Toril Holte Breien, Fjellsbygdé, Etnedal, fødd 1979

Kvar sumar i ungdomsåra reiste eg opp til garden som onkelen og tanta mi eigde, for å hjelpe til. Draumen var å ta over drifta, og i 2009 vart draumen verkeleg. I mellomtida gjekk eg mellom anna kunsthandverksskulen, eg tok ein bachelor i landbruksteknikk, og ein master i reiseliv og landbruk. Garden har vore i familien i fem generasjonar, og har autentiske bygg frå fleire hundreår som vi vøler på. Her var mjølkekyr, men vi har no starta med dølafe – som er kritisk utryddingstruga – og driv med kjøtproduksjon. Utanom garden jobbar eg i Ungt Entreprenørskap (UE), og driv med eigne prosjekt. Mellom anna lagar vi talglys av ekte talg som vi sel til besøkjande og i utvalde butikkar. Vi har også hatt quizkveldar og gardskafé, og har arrangert guida turar til Breieleiren. Når det gjeld jobben i UE, går den ut på å reise rundt på grunn- og vidaregåande skular, for å inspirere unge til å tenkje nytt, og skape verdiar. Målet er å gjere det attraktivt for dei unge å busetje seg i Valdres etter enda skulegang. Eg er også med i prosjektgruppa for makerspace, der elevane får lære koding, som er ein essensiell kunnskap for dei som veks opp i dag. For meg er bygningsvern, og det å skjøtte kulturarven, ressursane og miljøet, viktig. Ved å ta vare på bygningane blir det ikkje berre meir interessant å ta over garden, det blir også høve for fleire til å oppleve korleis det var. Derfor ynskjer vi å formidle kunnskap om gamle dagar, og sjå kva vi kan lære av dette i dag. Elles er eg glad i å vere ute, og kosar meg skikkeleg når eg kan spenne på meg skia rett utanfor døra, og legge i veg. Mannen min, dei to sønene, og yngstejenta vår på eitt år – som eg dreg i pulk – er med, og inne i skogen tenner vi bål, grillar pølser og drikk solbærtoddy. Betre kan ein ikkje ha det! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Gjermund Granum, Graneisbygdé, Etnedal, fødd 1970

Her på garden har vi 30 mjølkekyr, og ca 60 dyr med smått og stort. Vi driv no å legg planar for bygging av nytt fjøs, med mjølkerobot og delvis automatisert fôring. Dette vil føre til ein meir fleksibel kvardag, både for oss og for sonen vår, som er interessert i å ta over drifta. Kostnaden vil bli på om lag åtte millionar kroner. For ti år sidan byrja vi planlegginga av ein isfabrikk i samarbeid med Gamlestølen, vi lånte pengar, og sette i gang under namnet Gardsis frå Valdres. Vi hadde tilgang til om lag 1200 oppskrifter, og hadde 12–13 av desse i sortimentet vårt. Men vi utvikla eit par eigne smakar også, mellom anna ein is med cognac og ein med kaffi, som vart veldig populære. Desse vart utvikla i samarbeid med høvesvis Braastad og kaffihuset Solberg & Hansen, der kaffi-isen fekk sylv under NM for lokalforedling av mjølkeprodukt. Isane slo godt an, men sidan issesongen er om sumaren – då det er mest å gjere på garden – og vi også hadde starta opp med å lage pultost, vart det for mykje å gjere. Derfor selte vi oss ut, og lét Gamlestølen ta over alt. Når det gjeld pultosten, følgjer vi same oppskrifta som både mor mi og bestemor mi har brukt i fleire titals år. I fjor selte vi vel 600 kg pultost, men etterspurnaden er stor, og vi har som mål å doble produksjonen i år. Elles har vi nokre tomter i Bakkebygda, rett før Gamlestølen, der vi byggjer prisgunstige ferdighytter for sal. Hyttesalet har finansiert investeringane i samband med oppstarten av pultostproduksjonen, og vil vere med å finansiere bygginga av nytt fjøs. Eg har også drive med skyting, og var med på så å seie alle landsskyttarstemna frå 1985 til 2011. Dette var stort sett det vi hadde av ferie kvart år. Men når sonen vår tek over garden, blir det vel ei rå med litt meir fri. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Malin Engeli, Steinsetbygdé, Etnedal, fødd 1994

Veslesystera mi har cerebral parese, noko som fører til at muskelkontrollen hennar er forstyrra. Og sidan hesteriding er bra for balanse og koordinasjon, tok foreldra mine ho med seg på riding. Eg vart sjølvsagt med, og fekk hestedilla. Den fyrste hesten min fekk eg då eg var seks år, og sidan har eg hatt mange hestar. Fyrst dreiv eg mellom anna med sprangriding, men etter at eg og far min såg ein video på YouTube med westernriding, fann eg ut at dette var noko eg ville byrje med! Westernriding er meir moderne enn folk trur, og er så uendeleg mykje meir enn westernsal og lassokasting. Det er sikkert eit tjuetals ulike greiner innan westernriding; frå dei heilt rolege, til fartsfylte greiner med tidtaking og høg showfaktor. Her er hinderløyper, dressurriding, typiske cowboyoppgåver med lasso og kalvar, og det blir konkurrert i fleire ulike øvingar innan kvar grein. Viss du har lyst til å prøve, spelar det ingen rolle kva for hest du har – om det så er ein treg dølagamp eller ein kjapp varmblodshest. Ein treng heller ikkje noko spesielt utstyr, så dette er ein sport der alle kan vere med. Eg har satsa på denne sporten over nokre år, og har no tre amerikanske quarterhestar. Dette er ein type hest som eigentleg er avla for rancharbeid, og er den hesterasen som er kjappast over kortare distansar. Ein har faktisk målt dei i hastigheiter opp mot 90 km/t. Her i Valdres er det veldig få som driv med westernriding, og eg har lyst til å gjere ein innsats for å få med fleire på denne artige sporten, og for å lage eit miljø for hesteinteresserte. Eg har derfor byrja å byggje ein stor ridebane, som eg håpar kan bli ein møteplass for oss som driv med dressurriding, sprang og western. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe) 

Frode Svenstad, Tonsåsen, fødd 1978

Etter å ha gått grunnkurs maskin og mek., og plate/sveis som påbygging, hadde eg læretida mi som sveisar hjå firmaet som no heiter Rapp Pyrotec på Kapp. Eg held fram med å jobbe her i åtte år etter fyrstegongstenesta, og sjølv om Toten var fint på mange måtar, vart det litt einsamt i lengda: Det vart mest jobbing, tv-titting, soving, og lite sosialt, så eg valte å flytte heim til eit mykje meir sosialt liv. No jobbar eg for Promek i Hølera, og trivst godt med det. Utanom arbeidet, er jakt, fiske og musikk interesser som opptek ein del av tida mi. Når det gjeld musikk spelar eg ikkje sjølv, men eg høyrer mykje hardrock og heavy, hovudsakleg frå 1970– og 1980–talet. Eg har opplevd mange artige festivalar, og har mellom anna reist til Sweden Rock dei ti siste åra, der det er om lag 80 band, og over 30 000 publikummarar. Når eg skal fiske, dreg eg helst oppå åsen. Om vinteren likar eg å pilke, og går då til eit vatn som ligg fem minutt frå husveggen. Då eg var i 16–17–årsalderen byrja eg å jakte, og det er hare– og revejakt eg driv med. Eg har to haldenstøverar, som er den eldste harehundrasen i Norge. Rasen er truga av utrydding, og tel no om lag 150 hundar, medan det blir fødd mellom 12–20 kvalpar kvart år. Den eldste hunden vår fekk seks kvalpar for fire år sidan, og vi har prata om å setje på eit nytt kull, men vi får sjå. Haldenstøveren er roleg, og då eg fekk min fyrste trudde eg at ho var stum, for det lét ikkje i henne. Men så sleppte eg ho på jakt, og då vart den mistanken fort avkrefta! Sambuaren min har brukt hundane på smeller, som er ei tevling for hundar der det gjeld å finne bestemte lukter. Den eine hunden vår er også godkjent som besøkshund, og det er det nok ikkje så mange harehundar som er! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Marte Evensen, Rust, Etnedal, fødd 1990

Sidan eg er glad i folk og synest det er gjevande å hjelpe andre, tok eg utdanning som helsefagarbeidar. Etter skulen vann eg NM i yrkesfag, og representerte Norge i VM i Calgary. Der vart eg heidra med medallion of excellence, og hausta ei erfaring som var fin å ta med seg inn i yrkeslivet. Deretter vart det jobb i heimesjukepleien og på sjukeheim, men no jobbar eg deltid som integreringskonsulent i flyktningtenesta i Etnedal kommune. Dette er ein spennande og lærerik jobb i møte med andre kulturar, som har gjeve meg eit breiare perspektiv på samfunnet. Tidligare dreiv eg interiørbutikk heimanfrå, og det gjekk så bra at eg fekk lyst til å satse litt meir, så eg flytte derfor butikken til Fagernes. Butikken, som ligg vis-a-vis Gjensidigegarden på Fagernes, heiter ME Interiør & Styling, og er open frå onsdag til laurdag. Her er mellom anna interiør til hus og hytte, små og store møblar, samt lamper og gåveartiklar. Eg har også laga ei nettside med nettbutikk. Dessutan stylar eg hytter som ligg ute for sal. Utanom jobb er eg glad i å reise, og har opplevd mykje på mine utanlandsreiser. Men eg har også farta ein del i Norge, og er særleg glad i fjellturar. Om eg må velje noko favorittreisemål, vil eg trekkje fram New York og Svalbard. New York fordi byen har så mykje å by på, også når det gjeld gode mat- og vinopplevingar. Svalbard er ein favoritt grunna den unike naturen, og det fascinerande skiftet mellom dei lange, lyse sumarnettene, og den bekmørke vinteren. Eg er også veldig familiekjær og er glad i barn, og har ein draum om å stifte min eigen familie. Men eg har i alle fall nokre tanteborn som eg ofte er i lag med og som eg er veldig glad i, så litt familiehygge blir det likevel! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Anne Mette Haugestad Lunde, Sør-Etnedal, fødd 1946

Eg vaks opp rett utanfor Sande i Vestfold, og fekk frå småskulealder gå ut på eigenhand, og utforske skog og mark. Dette gjorde sitt til at eg vart tidleg sjølvstendig, og ikkje hadde noko problem med å takle mitt eige nærvære. Og i tida som følgde, sto eg mykje på eigne bein. Fyrst gjekk ferda til Drammen for å gå realskulen, før eg reiste til Chicago som 17-åring, der eg tok eit skuleår. Så budde eg i Bergen i to og eit halvt år før turen gjekk vidare til Tyskland, der eg mellom anna studerte tysk, italiensk og engelsk. Ved sida av språkstudiane jobba eg som tolk, og vart i samband med dette hyra inn som vertinne under OL i München i 1972. Jobben gjekk mellom anna ut på å skaffe transport til VIP´ar og utøvarar samt bidra med tolking, og det var sjølvsagt ei artig erfaring å ha med seg! Men i 1975 ville eg heim, og tok til å søkje jobbar. Eg takka ja til stillinga som tysklærar ved ungdomsskulen i Etnedal, og tenkte at eg ikkje kom til å bli her så lenge. Men så møtte eg han Ola, som seinare vart ektemaken min, og dermed var det gjort. Han Ola var frå gard med kornproduksjon og skogsdrift, men då vi tok over bestemde vi oss for å byrje med mjølkekyr. Vi køyrde i gang att med stølsdrift på Stuveli, der det ikkje hadde vore dyr på minst 20 år, og eg vart budeie om sumaren og lærar elles i året, og det treivst eg veldig godt med! Etterkvart som vi no får litt betre tid, har eg eit ynskje om å bu i Italia ei stund, slik at eg får praktisert språket eg ikkje har brukt aktivt på 45 år. Eg vil gjerne ha med meg han Ola, men han er ganske heimekjær av seg, så eg får sjå om eg får lokka han med! Men eg skal alltids klare meg sjølv, og så lenge eg har tilgang på god jazz, god raudvin og ei god bok, er det ikkje synd på meg! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Arne Johannes Nygård, Krøsshaugen, Rogne, fødd 1965

Dei tre fyrste leveåra mine budde eg i Etnedal. Sidan flytte vi til Drammen, der vi oppheldt oss i sju år. Der spelte eg fotball for Strømsgodset, og vi var ikkje mindre enn 60 ungar på trening! Så flytte vi tilbake til Etnedal, og etter avtent militærteneste arbeidde eg som kjøtskjerar for Hed-Opp dei neste 25 åra. No har eg mitt virke i Kulturskulen der eg underviser i gitarspel, og stortrivst med det! Elles er eg aktiv i fotballmiljøet i Øystre Slidre. Her har eg vore trenar for ulike jentelag dei siste ti åra, der høgdepunktet var då laget til dottera mi spelte A-finale i Norway Cup i 2014. Ved sida av familien, er fisking og musikk viktig i livet mitt. Far min tok meg med på fisking i Etna frå eg kunne gå, og no går fisketurane ofte til Skamån eller Begna, anten åleine, eller saman med kameratar. I juli skal eg på laksefiske, og draumen er å slå rekorden frå 2011, då eg tok ein rugg på 12,8 kilo. Musikkinteressa har bestandig vore med meg, og eg byrja å spele gitar i sjette klasse. Eg vart med i Jan´s Kvartett i 1980 (seinare Swings), under leiing av Jan Biribakken, og fekk då vere med å spele til dans. Elles har eg spelt i lag med foreldra mine, med Jupedalen Pøbb Ensemble og Mø Tre, og sidan 2013 har eg spelt i Stubbad´n i lag med bror min, Arild. Vi er ein ettertrakta duo som spelar i ein del bryllaup og andre lag, og no, den 30. juni, skal vi spele under Etnedalsdagane. Eg har opplevd veldig mange artige og flotte konsertar, men den likaste var nok då vi hadde sameiningskonsert med Jupedalen under «rakfisken» i 2017. Det å få oppleve så mykje folk, og få sjå ungdomar som ikkje ein gong var komne til verda då songane vart skrivne, men som likevel song med på alle tekstane, ja det var stort! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Marlyn Solhaug Bergeid, Bruflat, fødd 1962

Eg kjem opphavleg frå Dokka, men flytte til Etnedal, fødestaden til mannen min, på midten av –80-talet. Fram til då hadde eg teke handelsskulen,  jobba på Spåtind høyfjellshotell og på Dokka likningskontor. Då eg kom til Etnedal, byrja eg hjå Syver Øverli AS, no Matkroken, men eitt år seinare fekk eg jobb som kontorfullmektig på rådmannskontoret. I 2006 vart eg einingsleiar for service- og kulturkontoret, og for fire år sidan vart eg sakshandsamar i rådmannen sin stab. Elles har eg vore hovudtillitsvalt i fagforeininga KFO/Delta, og har teke vidareutdanningar i organisasjon og leiing, og i arkiv- og informasjonsforvalting. Eg trivst veldig godt i jobben, der eg har ansvar for mange område, og har difor eit variert arbeid. Dessutan jobbar eg sjølvstendig, i eit veldig godt arbeidsmiljø. Ved sida av arbeidet, er eg kasserar i skilaget og leiar i husflidslaget, eg har vore leiar for turngruppa, og eg synest det er viktig å vere med på dugnad. Eg likar godt å gå turar og sykle, og driv med spinning to gonger i veka. Gåturane går ofte til Himalaya. Det er nemleg ein stad på Tonsåsen som heiter Himalaya, og der er eg med jamne mellomrom! Ein annan hobby eg har, er å strikke. Noko av strikkearbeidet blir selt på ulike utstillingar og messer, mellom anna på Etnedalsdagane og på husflidsmessa på Skogtun. Eg likar også godt å knipse naturbilete. Motiva er frå heile Valdres, men dei fleste er nok frå Vang, der vi har hytta vår. Fleire av bileta mine har vore stilt ut på Blaafladt Spiseri, og det synest eg var litt stas! Men det viktigaste i livet mitt er nok likevel dottera vår, som vi adopterte frå Kina for 11 år sidan. Og eg kan love at gleda var stor, då vi vart adoptivforeldre! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Samuel Asmelash Okubatsion, Etnedal, fødd 1974

Eg vaks opp i Eritrea, i ein heim fylt av kjærleik. Der utdanna eg meg innan jordbruk, og jobba fyrst ved ein bilverkstad, og sidan med måling, flis- og steinleggjing. Men så vart eg kalla ut til militærteneste då eg var 19–20 år gamal, og var soldat dei neste ti åra. Dette var ei særs vanskeleg tid, og til slutt rømde eg til nabolandet, Sudan. Etter eitt år i Sudan flykta eg oppover Europa, og då eg kom til Norge i 2009, søkte eg asyl. Etter ei tid på Trandum, og sidan på Kasper transittmottak utanfor Moss, kom eg til Tonsåsen i 2010. Her var eg i to år, medan eg venta på svar på asylsøknaden. Den vart heldigvis innvilga. Då eg kom til Etnedal byrja eg på norskkurs, og tok førarkort på lastebil. Men det var vanskeleg å få jobb. Det var ikkje nok å seie kva ein kunne, ein måtte vise det. Så eg bestemde meg for å jobbe gratis så eg fekk vist kva eg var god for, og slik få referansar å vise til. Det var likevel vanskeleg å få oppdrag, og det losna ikkje før eg fekk spørsmål om å rydde i hagen til ein nabo. Eg fortalde henne at eg kunne måle, og sidan glasa hennar kunne trenge eit strok måling, fekk eg prøve meg. Ho vart veldig fornøgd med jobben, og fortalde ei vennine at eg var flink med penselen. Dermed fekk eg målarjobb der også, og ho vart også veldig fornøgd. Ryktet byrja å gå om at eg var flink, og eg fekk fleire oppdrag. Dermed kunne eg i 2014 starte mitt eige firma, og har no kundar over heile Valdres. Elles er eg forlova, og saman har vi to born på tre og fem år. Av og til tek eg dei med til Badeland eller Leikeland, eller vi dreg ut for å ete. Barnetrygda blir sett inn på kontoane til borna. For det viktigaste for meg er at familien min har det godt, og at borna får ei god utdanning. Det er dei eg lever for. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Kristen Stavdahl, Sør-Etnedal, fødd 1964

Eg vaks opp på ein gard i Sør-Aurdal, med skogen som næraste nabo. Og sidan eg hadde ein far som var aktiv jeger og skogsarbeidar, vart skogen min fyrste arbeidsplass, og eg vart sjølv ein ivrig friluftsmann og jeger. Då eg gjekk i sjuande klasse, laga eg min fyrste gitar. Tjue år seinare var eg med på å starte Jupedalen Pøbb Ensemble, der eg spelte bass og munnspel. Vi heldt det gåande i 12 år, og gav ut seks plater og nokre singlar. Eit par av låtane hevda seg på Norsktoppen, og den eine av dei var i alle fall oppe på ein andre plass, og låg 14 veker på lista. Men vi var fyrst og fremst eit showband, som spelte for å ha det moro. Ein gong kom Tv2 til Bagn for å filme oss. Då hadde vi ein konsert på Fossvang, som ikkje blir gløymt med det fyrste. Lokalet var tjukt av folk, og ein av våre «maskotar», Jarle Heiene, kom ut på scenen på moped. Det tok heilt av! Noko tidlegare – på midten av -80-talet – fatta eg interesse for måling. Ved sida av at mor mi skreiv dikt og gav ut fleire bøker, dreiv ho også med rosemåling og keramikk. Og ein dag eg var åleine heime, fann eg fram målarutstyret hennar, og byrja å måle. Det var ikkje vanskeleg å finne inspirasjon til kva eg skulle måle, etter tallause timar ute i naturen; det måtte bli naturbilete. I bileta mine er eg oppteken av at dyra eg målar skal verke levande, og at samspelet mellom lys og motiv skal bli rett. For det er viktig å attgje lyset på rette måten, skal måleriet bli truverdig. Eg får mykje inspirasjon av mangfaldet som finst i naturen, der menneske, dyr, plantar og skog er delar av ein større heilskap, som passar nøye saman. Men det er ingenting som gjev meg større inspirasjon enn kjærasten min, Vigdis, som eg bur saman med i Etnedal! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Leiv Hamre, Slidre, fødd 1943

Eg kom til verda i Etnedal, for far min var kjøpmann på Bruflat på denne tida. Så flytte vi til Hønefoss-kanten i 1948, men kom heimatt til Valdres to år seinare, då han far fekk jobb som bestyrar på Samvirkelaget i Røn. Etter at eg var ferdig på realskulen i 1960 flytte eg til Kristiansund, der eg gjekk på økonomisk gymnas, som det heitte den gongen. Etter tre år i Kristiansund vart det eitt år i militæret, og eit par år i Oslo. Men så fekk eg jobb som likningssjef i Slidre i 1967, og dermed vart det ein ny runde med pappaskar, og flytting. Jobben som likningssjef var midt i blinken, for eg har bestandig likt å drive med tal. Eg gjekk av med pensjon i 2005, men eg held framleis på med tal, for no er eg heilt hekta på sudoku! Etter at eg vart pensjonist har eg også vore jamleg på Plassen aktivitetssenter, der eg les små stubbar for dei frammøtte. Det går i lokalhistorisk stoff, og det er O. K. Ødegård og Mons G. Hagen som er favorittane. Elles er fotball viktig for meg. Eg kom med på A-laget til Røn som sekstenåring, og spelte for Kristiansund dei tre åra eg studerte der. Men då eldstesonen vår, Gjermund, vart fødd i 1967, la eg opp. Då vart det ikkje like kjekt å reise ut på kampar i helgene. Men etter at eg gav meg som spelar, vart eg etterkvart trenar for laga til sønene mine, og det var veldig gjevande. Eg og kona har vore saman i godt over 50 år, og har to barn og åtte barnebarn. Dessverre døydde Gjermund av kreft for snautt tre år sidan. Det var sjølvsagt eit hardt slag, men eg er oppteken av at ein ikkje skal grave seg ned i tunge tankar, for livet må gå vidare, trass alt. Heldigvis har eg heile tida hatt eit godt humør, og eg synest humor er viktig. Det har vore ei god hjelp i ei elles vanskeleg tid. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Arne Brufladt, Bruflat, fødd 1966

Etter å ha vore på Sandarcupen i Sandefjord for nokre år sidan, vart det prat om at vi skulle hatt ein liten kunstgrasbane i Etnedal. Den fyrste tanken var å byggje ballbinge med tak. Men etter å ha innhenta alt av informasjon, kom vi opp med eit alternativ; kva med å setje opp ein plasthall i staden for? Planane vart godt motteke i kommunestyret, og det vart sett ned ei arbeidsgruppe som skulle arbeide vidare med planane om ein hall i Etnedal. Sidan vi ikkje ville få spelemidlar frå Norsk Tipping om vi bygde plasthall, noko vi ville få ved å byggje stålhall, samt at kommunen berre ville få refundert moms ved å byggje stålhall, vart skilnaden i pris mellom plast og stål ikkje så stor. Dermed gjekk vi for stålhall, og i 2011 stod Etnedalshallen, med sine 2890 m2, ferdig. Noko seinare, i 2016, vart det sett opp eit tilbygg på 400 m2 over to etasjar, med mellom anna skytehall, trimrom og møterom. Etnedalshallen er i flittig bruk, av alt frå ulike idrettslag og ungdomsklubben, til fleire utstillingar, bruktmarknad og ymse show. Og med all denne aktiviteten, meiner eg hallen er ei god investering i folkehelse. Eg har vore involvert i Etnedalshallen heilt frå starten, og har hatt tallause timar her. No er eg her frå ein til seks timar kvar dag, fem dagar i veka, i tillegg til dei timane eg er her i jobb. Eg er nemleg tilsett i driftsavdelinga i kommunen, med ansvar for mellom anna hallen. Kona synest nok at eg er her vel mykje, for det hender ho kjem med eit lettare oppgjeve sukk: «Skal du i hallen att i kveld òg»? Men det er ikkje berre ho heime som synest eg brukar mykje tid her, for på bygda er det endatil nokon som har døypt om Etnedalshallen til «Arnehallen»! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Tutta (Elin Helene) Solberg, Flatøydegard krets, Etnedal, fødd 1942

Foreldra mine dreiv gullsmedbutikk på Ski, der eg vaks opp, og frå eg var lita var eg med og hjelpte til om kveldane og i helgene. Men sidan eg vaks opp i landlege omgjevnader, med mange dyr i nærområdet, vart eg veldig glad i dyr. Derfor ynskte eg å bli dyrlækjar, men for å kome inn på veterinærstudiet, måtte eg ha eitt års praksis frå gard fyrst. Så då eg var 19 år gamal flytte eg til Bakkebygda i Etnedal, der eg fekk arbeid på ein gard. Vel framme i Etnedal, møtte eg mannen i mitt liv. Han var frå garden der eg bur no, der han hadde mjølkekyr, sauer, hestar, griser og høner. Dermed vart veterinærdraumen lagt på hylla, og eg vart gardkjerring i staden for. Mannen min døydde i 2007, og det var naturleg nok eit hardt slag. Men eg ville ikkje slutte å leve av den grunn, for eg har heile tida vore aktiv, og det ville eg halde fram med. Ved sida av gardsdrifta har eg mellom anna hatt bingoen på Etnedalsheimen i over 20 år, og har vore leiar for grendehuset enno lenger. Dessutan er eg med i historielaget og husflidslaget, eg er guide i Bruflat kyrkje om sumaren, og eg har vore med i soknerådet, kulturrådet og diakoniutvalet, for å nemne noko. Men det dei fleste kanskje forbind med meg, er at eg målar. Eg har måla og teikna heile livet, mest på tre, som til dømes bollar, klokker og sleiver. Det byrja med rosemåling og måling av blomar, før det vart troll, nissar, dyr og landskap. Eg har avhalde ei rekkje kurs både i Valdres, Gudbrandsdalen, Hallingdal, Buskerud og Sogn, og har endatil hatt kurs på Helgelandskysten. Elles må eg seie at livet har fare godt med meg, og eg er så heldig å ha mange snille folk rundt meg. Litt smerter har eg rett nok av og til, men det må ein ha, elles lever ein ikkje! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Ivar Henry Øverlier, Sør-Etnedal, fødd 1944

Eg vaks opp på Nordsinni, og etter å ha avtent militærtenesta, byrja eg som bussjåfør i Oslo. Då eg flytte heim, tok eg til å jobbe for Vestoppland Bilselskap A/S, der eg mellom anna køyrde Gjøvik-Fagernes i mange år. Dessutan køyrde eg ambulanse på deltid fram til år 2000. Kona mi kjem frå garden Nordre Madlangsrud, som vi overtok etter at vi gifta oss. Her opna vi Etna Familiecamping i 1994, men har no selt til nokon nederlendarar. Sidan 1962 har eg vore med som friviljug i Raude Krossen, og på 1970- og -80-talet sat eg eit par periodar i kommunestyret for Krf. Dei siste 40 åra har eg vore medlem av Tempel Ridder Ordenen, som arbeidar for å fremje det gode for familien, samfunnet og den einskilde. Eg var òg ein aktiv elgjegar i 30 år, noko som var ei god avkopling. I seinare tid har eg engasjert meg i Etnedal Historielag, der vi ei stund no har samla inn, og skanna, fleire tusen bilete frå bygda. Planen er å få til ei eller fleire biletbøker, med ulike tema. Vi held òg på med å lage eit hefte om bureisinga i Etnedal, som med sine 84 bureisingsbruk var ei av bygdene med mest bureising. Elles har historielaget hatt fokus på krigsminna i dalen, der vi mellom anna har laga ein krigshistorisk sti ved Høljarast, og vi har sett opp skilt og informasjonstavler ved krigsminna på Bruflat, Høljarast og Tonsåsen. Ved krigsminnet på Høljarast har vi ei gjestebok, som syner at det har vore mange fleire besøkjande etter at tavlene kom opp, og det gler meg stort! Det verkar til å vere ein aukande interesse for krigsminna våre, også mellom ungdommen. Men vi har framleis ein veg å gå, for vi er enno ikkje flinke nok til å ta lærdom av historia, og omsetje det til dagens situasjon. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Nirouz Dawod, Bruflat, fødd 1989

Syria var eit fantastisk land før krigen braut ut i 2011. Her utdanna eg meg innan økonomi ved universitet, og takk vere gode karakterar, fekk eg jobb med ein gong. Men etter tre år i jobben måtte eg slutte grunna krigen. Tilhøva for oss kurdarar var særs vanskelege, mellom anna vart to av brørne mine drepne i løpet av eitt år. Etter å ha flykta frå to ulike stader i Syria, enda vi opp i Istanbul. Det kom mange flyktningar hit, og det var mykje uro. Vi var her i 10 månader, men det kjendest som 10 år. Deretter vart eg og syskena mine busette i Norge og Sverige via FN. Det var ikkje lett å reise frå vener og familie, og kome til ein stad der alt var framand, der eg måtte venje meg til ein ny kultur, og lære eit heilt nytt språk. Men det gjekk seg til, for etnedølane er snille og hjelpsame, og det kjendest som eg var del av ein stor familie. Eg trivst veldig godt, og saknar ikkje Syria, for der vart eg fråteken framtida mi, tryggleiken min, og familien min. Norge er landet mitt no. Dei siste tre månadane har eg hatt språkpraksis i Etnedal kommune, og eg skal vere her tre månader til. Det er mykje lettare å lære språket når ein høyrer korleis det blir brukt, dessutan rettar kollegaene mine på meg viss eg seier noko feil. Elles ser eg norsk tv og høyrer på norsk radio, og eg har ein del norske vener, noko som hjelper meg å lære språket raskare. Eg håpar sjølvsagt eg får meg jobb når praksisperioden er omme, helst i kommunen, sidan eg har vorte teken så godt imot her. Men enn så lenge har eg full fokus på språkpraksisen, der eg vil gjere mitt beste for så vel kommunen som arbeidsmiljøet. For eg ynskjer å gje noko tilbake til staden, og landet, som gav meg tryggleiken tilbake. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Kristen Nysveen, Bruflat, fødd 1932

Eg vaks opp i ein syskenflokk på ni, med åtte gutar og ei jente. I ungdomsåra dreiv eg mellom anna med skogsarbeid, før eg bygde opp bensinstasjonen på Bruflat i 1959. Eg dreiv stasjonen fram til 1982, då eg byrja ved kassefabrikken på Tonsåsen. Bensinstasjonen leigde eg bort, og eg meiner han var i drift fram til 2010. Når det gjeld interesser, er eg glad i å sykle og gå på ski, og i fjor var eg jamvel på fottur til Rasletinden. Eg er nemleg oppteken av helse, og passar på å få i meg næringsrik kost. Middagen lagar eg frå botn, noko eg lærte då eg var kokk i militæret. Eg et fisk til middag tre-fire gonger i veka, og  har brukt makrell i tomat som pålegg i alle fall dei siste 60 åra. Men ein treng kvile også. Eg ser på kroppen min som eit gamalt batteri som ikkje held like godt på straumen lenger. Blir fyrst batteriet tappa ned, er det vanskeleg å lade opp att, for det er ikkje råd å få opp så mykje energi no, som då eg var yngre. Det med helse er viktig, for så lenge ein har god helse, er det opp til ein sjølv korleis ein vil ha det i livet. Og sjølv om det skulle butte imot gjeld det å vere positiv, for det gjer godt både for ein sjølv og dei ein skal vere saman med. Dessutan har eg vore med i songlaget i snart 60 år, der eg syng tenor. Vi øver ein gong kvar veke, og syng under kulturveka og på syttande mai, vi har julekonsertar og songstevne kvart år, og nyleg song vi då biskopen vitja Etnedal. Elles var eg gift med ei flott jente frå Hardanger, men etter at ho hadde vore sjuk i 11-12 år, døydde ho frå meg. Men eg finn ei trøyst i trua. Eg er fast kyrkjegjengar, og trur på eit liv etter dette. Så når mine dagar på jorda er talte, er eg viss på at eg får møte henne att på den andre sida. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Rolf Tidemandsen, Bruflat, fødd 1927

Då eg kom til verda låg telefonsentralen i huset vårt, og det var mor mi som var styrar på sentralen. Sjølv byrja eg å ekspedere ved sentralbordet frå eg gjekk i småskulen, noko eg held fram med til automatiseringa den sjuande mai 1981. Sentralen fungerte også som ein vaktsentral, der vi skaffa så vel lege, jordmor, lensmann og dyrlækjar, og det var endatil dei som ringte for å høyre om kjøpmannen hadde fersk sild! Under krigen sytte vi for å vidareformidle beskjedar til heimestyrkane, og eg fekk kongens medalje for innsatsen. Eg har reist ein god del, og i august 1970 opplevde eg ei spesiell hending i Central Park i New York. Her var det ein velgjerdskonsert, der eit janitsjarorkester spelte. Og medan eg sat der, i 42 graders varme, tok dei til å spele «Valdresmarsjen», noko som var ei stor oppleving. Eit par månader seinare reiste eg til Spania for fyrste gong, der eg tapte mitt hjarte. Året etter kjøpte eg ei tomt i Costa del Sol, og bygde ein villa som eg nytta dei neste 34 åra. Dei siste godt og vel 20 åra er det to ting som har halde meg oppe, og det er humanitært arbeid i Estland, og innlegga eg skriv i «valdresen». Fyrste gong eg reiste til Estland var i 1995, der eg fekk sjå folk som ikkje åtte nokon ting. No har eg vore der meir enn 100 gonger, og har brukt rundt fire millionar av eigen lomme. Ein gong eg var der, var det ei beskjeden lita jente som snart hadde fødselsdag. Då eg spurde henne kva ho ynskte seg, var det så vidt eg høyrde henne då ho kviskra: «eit ullteppe». Dette var eit svar eg ikkje hadde venta frå ei ni år gamal jente, og er berre ein av tallause episodar som har gjort sterkt inntrykk på meg. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Sigrid Tordis Nyberg, Sør-Etnedal, fødd 1946

Då eg var lita syntest eg det var stas å få vere med på jobb i lag med mor mi, som var tenestejente, og far min, som køyrde lastebil. Og heilt sidan den gong har eg likt å ha mykje å gjere, både når det gjeld jobb, hobbyar, politikk, samt lag- og foreiningsarbeid. Men eg har òg sett andre sider ved livet. Då eg var ni år gamal tok bestefaren min livet sitt, og seinare var eg med å pleie både far, mor, bestemor og bror til dei døydde. Rett etter tenåra budde eg i Oslo nokre år, der eg mellom anna råka borti ein del alkoholikarar som eg tok meg tid til å bli kjend med. Eg lærte å sjå dei som likeverdige menneske, og innsåg at vi inst inne er like alle saman. Og då eg vart sosialsjef i Etnedal kommune i 2006, fekk eg god bruk for alle erfaringane eg hadde hausta gjennom livet. Eg er etnedalspatriot, og stemde mot kommunesamanslåinga i Valdres. For viss alt skal administrerast frå Fagernes, kor blir det av Etnedal då? Kvifor skal ein bli større når det er så mange fordelar ved å vere liten? På bygda er det lettare å gå inn i til dømes ein familie, og hjelpe dei til å ordne opp i problema sine sjølve. For skal ein hjelpe folk må ein møte dei, og ikkje tru at alt kan løysast frå ei maskin. Det er også mykje lettare å få tak i samarbeidspartar, slik at ein snøgt kan finne gode løysingar. Dessutan er ikkje Valdres eit lite, flatt område. Her er kupert og store avstandar, så det tek tid å kome seg til og frå, og det vil gå med mykje tid og pengar til reising. Så om reknestykket ser fint ut på papiret, ser det verkelege reknestykket kanskje heilt annleis ut. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Ole Bjørn Fløgum, Bøvarstogo, Etnedal, fødd 1980

Sidan både far min og bror min var interesserte i bil, og dessutan nokre av kompisar mine, vart også eg biten av basillen. Dette har medført at eg har eigd nokre titals bilar gjennom åra, og nett no har eg 16, der seks av dei har skilt. Eg skrur og tek meg av alt det mekaniske sjølv, medan eg set bort oppretting og lakkering til andre. Nitti prosent av bilane eg har hatt er Opel, og det er dei gamle bakhjulstrekkarane eg likar best. Av bilane eg har no, er det nok den bak meg som er den gjævaste, ein 1968-modell Opel Kadett Rallye coupe 1900. Eg har vore på 15 Opel-treff med denne bilen, og har fått åtte premiar for han. Rallye coupe er ein ganske sjeldan bil som det ikkje vart selt mange av, fordi han hadde større motor, og var derfor noko dyrare enn ein standard Kadett B. No i dag er det nok ikkje meir enn 20-30 Rallye coupe registrert i Norge. Eg er glad for at det er så godt bilmiljø i Valdres og Oppland, for det er artig når ein møter andre med same interesse, og kan bli kjend med så mange fine folk. I denne samanhengen må eg nemne at vi er ein gjeng motorinteresserte som møtest på Bergfossenteret på Dokka kvar veke, til sosialt samvær, kaffi og mat. Og ikkje nok med det, vi har jamvel julebord kvart år! Det likaste eg veit, er når det er fint summarvær ein laurdag, eg har god tid, og kan ta ein tur med ein av veteranbilane mine. Den kjensla eg får av å ha fridom til å gjere kva eg vil, at eg kan stoppe for å ete middag ein stad, og berre nyte dagen, nei, den kan ikkje målast i pengar! På slike dagar kjenner eg meg levande, og at eg får løn for all tida eg har brukt på å setje bilane i stand. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Ernst Wilhelm Wagner, Lundejordet, Etnedal, fødd 1955

Etter at eg var tilskodar på eit dragrace i Sverige i 1973, bestemde eg meg for å byrje å køyre sjølv. Året etter reiste eg tilbake som deltakar, og vart med det av dei fyrste nordmennene som køyrde dragbike. Nokre år seinare, i 1980, sette eg norsk rekord med sykkelen som no står i stova mi. Sykkelen har om lag 250 hestekrefter, og gjorde unna dei 402,33 metrane på 10,5 sekund. Farten ved mållina var 225 km/t. Dei siste åra har eg køyrt skandinavisk cup, som er seks løp i Sverige og Norge. Eg konkurrerer i klassen classic dragbike, med ein sykkel eg har bygd sjølv. Sykkelen kan ikkje vere nyare enn frå 1974, teknisk sett, for at ein skal kunne delta i denne klassen. Eg vann skandinavisk cup i 2014 og 2015, og var eitt poeng bak fyrsteplassen i 2016. Dessutan fekk eg prisen «årets dragbiker» i 2015. Eg er utdanna mekanikar, og hadde frå ung alder eigen verkstad, som på midten av 80-talet gjekk frå å vere ein hobby til eit levebrød. Som mekanikar har eg fått eit rykte for å gjere ein god jobb, og eg får tilsendt motorar frå heile landet til ombygging og overhaling. Og mellom dei som likar gamle engelske motorsyklar, samt i dragracemiljøet, er eg nok for kjendis å rekne. Elles vart eg spurt om å starte opp ei mekkegruppe for utvalde elevar ved ungdomskulen i Sør-Aurdal for 12-13 år sidan, noko eg sa ja til. Skulen har halde fram med dette, noko både eg og elevane set stor pris på. Eg synest det er utruleg gjevande, og elevane får moglegheit til å omsetje teori i praksis, og samstundes oppleve mestring. Mekkegruppa har synt seg å vere særs vellukka, og tilbakemeldingane frå så vel foreldre, lærarar og elevane sjølv, er udelt positive.  (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Marius Brusveen, Espelibygdé, Etnedal, fødd 1989

Heilt frå eg var liten har eg likt vinteren, og hatt interesse for snø og snøplogar. Og då eg var sju-åtte år gamal, laga far min ein snøplog til meg. Denne festa eg til ramma på ei barnevogn, som eg skauv rundt på gardsplassen og rydda snø med. Noko seinare laga han ein snøplog til, og då eg var tidleg i tenåra, laga eg min fyrste plog med tilhøyrande vogn sjølv. Dette gav meirsmak, for då eg vart 17, bestemde eg meg for å lage plogen som eg brukar på traktoren no. Denne plogen, ein såkalla diagonalplog, er ei miniatyrutgåve av ein av Øveraasen sine modellar, som blir brukt på lastebilar. Eg har ikkje gått på kompromiss når det gjeld kvalitet, og har ikkje vorte freista til å ta snarvegar, sjølv om eg til tider har vore motlaus over alt arbeidet som har ligge føre meg. Plogen er den einaste i sitt slag, og alt er laga frå botnen, så eg har vore nøydd til å lage også plogfestet sjølv. Det har vore mykje å setje seg inn i, og mange avgjerder å ta med omsyn til utforming og dimensjonar, og eg har stort sett ikkje hatt anna verktøy å hjelpe meg med enn vinkelslipar og sveiseapparat. Men noko har eg fått hjelp til. Knut Magnus Buajordet har dreia fleire delar, og ein nabo av meg, Tor Asbjørn Kompelien, har stått for lakkeringa, og det er eg veldig takknemleg for. Det tok meg i alt sju år frå eg tok til med plogen, til han var ferdig, og han har nok kosta meg oppunder 60.000 kroner. Men eg er særs nøgd, og er stolt over at eg fekk det til. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Eiril April Gunnarsdottir, Lunde, Etnedal, fødd 1964

Etter ei sterk hending der eg trudde eg skulle døy, kjende eg meg kalla til å gå djupare i meg sjølv, og finne ut av kva som var viktig for meg. Dette førte til at eg valde å selje alt eg hadde, og flytte vekk frå småbylivet i Vestfold. Eg busette meg i ei avsidesliggjande hytte i Enebakk, og tok til på ei holistisk utdanning i Oslo. Eg budde i Enebakk eit par år, utan innlagt vatn, og utan straum. Her vart eg fylt av skapartrong og kreativitet, og eg klarte å glede meg over det enkle livet i skogen. Snart fekk eg eit ynskje om å gjere noko for andre som av ein eller annan grunn var utbrende, eller som hadde mista motet. Difor oppretta eg eit tilbod, der dei som ynskte det kunne samlast, og lære seg å gå innover i seg sjølve og kjenne, i staden for å berre tenkje. Mange menneske ynskjer endringar fordi dei ikkje er fornøgde, og kjenner eit tomrom i liva sine. Eg trur at den beste måten å fylle dette tomrommet på, kan ein finne i seg sjølv. Ein må ta seg tid til å finne ut av kven ein eigentleg er, og kva ein eigentleg vil. Ein bør akseptere seg sjølv og følgje hjarta sitt, og kanskje ikkje bruke så mykje krefter på å prøve å passe inn. Elles vil eg seie at eg likar å ha det stilt rundt meg, og eg likar å måle. Den seinare tida har eg fått nokre spennande oppdrag knytt til målinga: Eg har illustrert to bøker og eitt cover til ein cd, og eg håpar å få fleire oppdrag framover. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Anne Margrethe Bergsbakken, Bjødnastølen, Etnedal, fødd 1963

Då eg var 13 år gamal fekk eg for fyrste gong sjå islandshestar, og sidan drøymde eg om å få mine eigne. Men det skulle gå enno 30 år før draumen vart verkeleg. No har eg ein ganske stor flokk, og eg har fordjupa meg i alle tenkjelege emne om hestar, som til dømes hestepsykologi, flokkmentalitet, hovstell og avl, og eg har til og med lært meg å lese islandsk. Eg har òg ein database der alle islandshestane i heile verda er registrert, med stamtavler som går attende til 1800-talet. Det er mykje jobb å skule hestane til å bli tilstrekkeleg trygge på så vel framande folk, som på dei som ikkje har ride før. Men etter kvart håpar eg å byggje opp ei bedrift rundt dette med ridinga, for som den etnedalspatrioten eg er, ynskjer eg å bidra til å skape aktivitet i bygda mi. Av yrke er eg lærar, og i tillegg til lærarskulen, har eg eit årsstudium i friluftsliv frå idrettshøgskulen. Eg har vore lærar ved ungdomsskulen i Sør-Aurdal sidan 1992, og eg elskar jobben min! For det å få jobbe med ungdom og gjere noko for dei, er noko eg verkeleg brenn for. Av og til tek eg med elevane opp til garden min så dei får ri, og då kjenner eg meg ekstra privilegert som kan kombinere interessene mine for ungdom, hest og friluftsliv. Alle elevane set stor pris på å få kome hit, men nokon har av ulike årsakar meir nytte av å vere her, enn andre. Og når eg frå tid til annan får høyre at eg har utgjort ein skilnad i livet til ein elev, ja då blir eg varm om hjartet! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Thor Melby, Bruflat, fødd 1951

Det er bestefar min på morsida som kjem frå garden som eg overtok i 1991. Her hadde dei kyr, poteter og noko økologisk attåt, i tillegg til 12 mål med jordbær. Eg flytte hit fast for om lag ti år sidan, etter at far min døydde brått av hjarteinfarkt. Eg dreiv med jordbærproduksjon dei fyrste 4-5 åra, men no er det kunstmålinga som tek opp det meste av tida mi, etter at eg gjekk av med AFP nyleg. Det gamle vedskjulet på garden er bygd om til atelier, og det er her eg målar. Teknikken eg brukar er ganske spesiell. Eg målar fleire lag med oljemåling på finerplater, og ved hjelp av hoggjarn skrapar eg av dei ytre laga for å kome djupare ned i biletet. Det er dei indre, eller mentale landskapa eg freistar å uttrykkje, og eg kan halde på med inntil 20 bilete samstundes. Når eg arbeidar improviserer eg; det skjer mykje der og då. Eg jobbar med fargar og tonar i ein heilskap til eg kjenner at det byrjar å stemme, og den kjensla sit i magen. Det er ein spanande prosess. Då eg var yngre spelte eg fotball for mellom anna Frigg, der eg spelte saman med Drillo. Eg kom med på juniorlandslaget, og var ein kreativ midtbanespelar med god teknikk – ein som styrde spelet. Denne trongen til å uttrykke meg fysisk, og kreativiteten frå tida som fotballspelar, er noko som har vore med meg sidan, og som kjem til uttrykk i kunsten eg skapar. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Steingrim Hestekind, Smiugardsbygdé, Etnedal, fødd 1947

Dagen før eg fylte 25 år, den 18. juni 1972, skulle eg opp til ei hytte for å hente ein kar. Vel framme banka eg på døra og tok eit steg til sides, slik at eg vart ståande framfor glaset. Men karen inne i hytta viste seg å være sinnsjuk, for han sikta beint på meg med ei hagle, og trekte av. Ladninga traff meg i øvre delen av hovudet, eg fekk to hagl i kvart auge, noko som førte til at eg vart blind. Heldigvis var det doble glas i hytta, for det sytte for at krafta til haglladninga vart redusert. Hadde det ikkje vore for det ekstra laget med glas, er det ikkje sikkert at eg hadde vore her i dag. Sidan eg var smågut har eg hatt ei stor interesse for harejakt, og dette er noko eg framleis held på med. Eg har hatt harehund stort sett heile tida sidan eg var 16 år gamal. No i haust fekk eg ein GPS med tale i gåve frå Vestoppland Harehundklubb, noko eg er utruleg glad og takksam for. Sendaren til GPS´en blir festa på hunden, og eg får heile tida beskjedar om i kva retning hunden er, og kor langt vekk han er. GPS´en har òg ein losindikator, som seier kor mange bjeff hunden har i minuttet når han går i los. Når eg er på jakt skyt eg naturlegvis ikkje, men det å kjenne på spenninga, og få vere ute i naturen med hunden, og ta del i det sosiale med jaktkameratane mine, ja det set eg umåteleg stor pris på! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2019 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑