Tag

Fagernes

Hans Enger, Fagernes, fødd 1947

Etter gymnaset var eg sivilarbeidar på Grimebakken, som var ein heim for psykisk utviklingshemma born og unge. Desse fine menneska gjorde eit sterkt inntrykk på meg, noko som vart avgjerande for at eg resten av yrkeslivet valde å jobbe med menneske med ulike utfordringar. Så etter siviltenesta flytte eg til Oslo, og tok dei neste seks åra utdanning innan sjukepleie, sosialt arbeid og diakoni. Eg har bestandig likt å reise, og på barneskulen skreiv eg jamvel stil om kor sterkt eg lengta etter å få vere på tur. No har eg vore rundt i store delar av verda, der særleg eit besøk i Etiopia for nokre år sidan sette sine spor: Kvinnene stod opp før sola, for å gå 10–12 kilometer etter brensel. Dei samla kvistar i ein stor haug, og bar den tunge børa på krokete ryggar same vegen tilbake, for så å lage mat til mennene sine. Frå den dagen av lovde eg meg sjølv at eg aldri meir skulle klage på eigne vegne. Frå 2000 til 2003 flytte eg til USA for å jobbe i sjømannskyrkja i New Orleans. Eg gjorde alt frå å rake lauv til å avhalde gudstenester, men var for det meste på skipsbesøk hjå norske sjøfolk. Dette var ei fantastisk fin tid i ein by eg vart uendeleg glad i, og som eg har vitja fleire gonger sidan. Ja, eg har til og med vore her som turistguide tre gonger! No har eg vore pensjonist i ni år, men eg er framleis aktiv. Eg sit i styret på Stabburshella, og har vore med i pilegrimsfellesskapet sidan starten i 2003. Dessutan skriv eg i Kyrkjeliv, eg er veldig glad i å gå i fjellet, og er ein ivrig fotograf – særleg med fuglar som motiv. Men når eg skal slappe av er eg åleine heime, og set meg til med nokre av fotobøkene mine, med jazz frå New Orleans, eller Beethovens niande symfoni på full styrke. Då skal eg seie deg det er ein som trør takta! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Katrine Celius, Førsøddin, Leira, fødd 1988

Dei kjæraste barndomsminna eg har, er frå stølen til mommo på Jutulen, innanfor Kruk. Det var mykje born på hyttene rundt, og vi var ute å leikte eller bada i elva, og var nesten ikkje inne anna enn når vi åt og sov. Eg vart ofte både blaut og kald, men det gjorde ingenting, for eg var heilt utan sorger, og livet var fantastisk. No har eg sjølv to born, Helmer på fire år, og Marlon på 16 månader. Det er viktig for meg at dei også skal få gode barndomsminne, med fri leik og små eventyr. Eg har bestandig vore glad i å teikne og måle, og etter vidaregåande tok interessa mi for kunst seg opp. Eg byrja å gå på utstillingar og andre stader der eg kunne sjå kunst, og fann at dette var ei verd eg treivst veldig godt i. Derfor tok eg ei tverrfagleg utdanning i kunst i Kragerø, samt eit semesterstudie i fotografi ved Bilder Nordic i Oslo. Til dagleg jobbar eg for Kreativ Strek på Fagernes, og kombinerer jobben med eigne prosjekt innan teikning, foto og måling. Sjølv om dette er ulike kunstformer, gjev eg dei eit uttrykk som er inspirert av det same; menneske, relasjonar og banda til kulturhistoria vår. På fritida elskar eg å vere aktiv, og trenar styrke, går på ski, joggar og spelar handball. Eg har utdanning i ernæring og helse frå Høyskolen Kristiania, for eg er oppteken av folkehelse gjennom aktivitet og god, næringsrik mat. For både sterk kropp og topp! Eg er også oppteken av at born og ungdom skal få gode oppvekstvilkår med tryggleik og omsorg, og at særleg ungdommen blir sett og anerkjend. Eg får inntrykk av at det blomstrar av flott ungdom i Valdres. Vi har dei finaste områda å vekse opp i, og om vi alle også tek vare på kvarandre, og unner kvarandre det beste, ja då får vi det verkeleg godt i den vakre dalen vår! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Bjørn Gunnar Østgård, Aurdal, fødd 1951

Etter handelsskulen jobba eg i klesbutikk i Drammen nokre år, før eg flytte heim, og arbeidde ei kort stund for Brustad i Bagn. Deretter etablerte vi butikken Herreklær på Fagernes i 1979, og litt seinare Skonytt, som eg dreiv fram til 1997. Etter at butikken var avvikla jobba eg eitt år for St. Olaf College i Minnesota, der eg transkriberte gamle brev som var sendt mellom slektningar og vener i USA. Eg fekk nemleg tidleg ein lidenskap for slekts-, lokal- og utvandringshistorie. Den fyrste oppgåva eg gjekk laus på, var å kartleggje mi eige slekt. Så, utpå 1980-talet, skreiv eg inn oppføringar frå kyrkjebøker på data, noko som var ein stor jobb. For det er temmeleg mange som er døypt, konfirmert, gift og gravlagt sidan 1692! Denne digitaliseringa gjer at kyrkjebøkene blir meir tilgjengelege for folk, og det synest eg er viktig. Eg dreiv også med slekts- og bygdebokarbeid. Her var det naturlegvis også mange namn å halde styr på, og tidvis mykje «detektivarbeid» for å finne rett person. Det var uansett takk vere arbeidet med desse prosjekta, at førespurnaden frå USA kom. Då eg kom heim frå USA, takka eg ja til jobb hjå Kampenes Begravelsesbyrå. Det angrar eg ikkje på, for dei siste 20 åra har vore dei mest gjevande åra i livet mitt. Det var litt skummelt i byrjinga, men det gjekk seg fort til. For menneske i sorg kastar maska, og er berre snille og gode. Det er også godt å kjenne at ein betyr noko for nokon andre, dessutan har eg lært mykje om meg sjølv, og har faktisk vorte eit betre menneske. Det var veldig rart å gå av med pensjon i mars, for tida hjå Kampenes har gjort noko med meg. Derfor har eg takka ja til ein del jobbar her også etter at eg gjekk av, og tek elles ein tur innom dei gode kollegaene når høvet byr seg. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Stian Rosendal, Moaskogen, Fagernes, fødd 1974

Når eg ser tilbake på barndomen, er det turane med familien som sit att som dei finaste minna. Mora mi er frå Sogn, og om sumrane reiste vi dit for å hjelpe til på garden. Vi ferierte også på Sørlandet og i Danmark, og var ofte på stølen vår, Gomostølen, der det vart mange fine ski- og fjellturar. Etter tre år på idrettslina avtente eg fyrstegongsteneste, og hadde vikarjobb i fengselet i Slidre. Men så kom sambuaren min inn på hotellhøgskulen i Stavanger, og eg fekk vikarjobb i Stavanger kretsfengsel, så vi flytte. Vi budde i Stavanger i to og eit halvt år, før ferda gjekk vidare til Oslo. Eg fullførte fengselsskulen, og etter at vi hadde vorte foreldre til ein gut i 2000 og ei jente i 2003, flytte vi til Fagernes. Vel heime fekk eg fast jobb på Slidreøya, fyrst som betjent, og dei siste åra som leiar. Eg hugsar særleg godt dei unge gutane som var inne til soning, der alt hadde svikta rundt dei i oppveksten. Så kjem dei til ein liten plass der dei plutseleg blir sett og høyrt, og får tillit til oss som jobbar der. Det hadde stor tyding for dei, men også for meg, for det er særs gjevande å kunne hjelpe, og utgjere ein skilnad i eit menneske sitt liv. Men då eg hadde passert 40 tenkte eg at om eg skal gjere noko anna, må eg gjere det no. Så eg byrja i Gjensidige Valdres, og trivst veldig godt med det. For også her jobbar eg med folk som eg kan hjelpe, om enn på ein annan måte. Elles er det familien som tek opp det meste av tida, og som er viktigast for meg. Borna sparkar fotball og går på ski, og eg har følgt opp som best eg kan. Og kvar måndag er det middag heime hjå ho mor, der heile familien møtest. Då er det den gode samtalen som gjeld, der vi kan diskutere alt frå det heilt nære, til det som skjer ute i verda. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Karoline Lihagen Granum, Vika, Fagernes, fødd 1992

På ungdomsskulen opplevde eg at ei veninne av meg døydde i ei trafikkulykke, og eg byrja å få tankar om å kunne hjelpe andre som vart råka av ulykker. Men som for ungdomar flest var ikkje skule det mest spennande, og etter ei hending vart eg kalla inn til rektor Svein Ole Lappen, som gav meg ein skikkeleg alvorsprat. Denne samtalen vart ein vekkar, og eg byrja å jobbe hardt mot målet mitt om å bli ambulansearbeidar. Året etter fekk eg 5,3 i snitt, og kom inn på lina for ambulansefag på Raufoss! Medan eg budde på Raufoss spelte eg fotball for damelaget der, som var i den nest øvste divisjonen. Det var veldig artig, men også slitsamt, for vi hadde to treningsøkter kvar dag. No jobbar eg ved ambulansen på Fagernes, der eg mellom anna har vore med på tre fødslar i bilen. Det er naturlegvis ikkje like kjekt når vi får inn ein hardt skadd person som vi ikkje greier å berge livet til, men desto meir gledeleg når vi bidreg til å redde liv, og pasienten kan reise heim til sine. Jobben er gjevande, og eg får vere til stades når folk treng meg som mest, både i tragedier og under lykkelege omstende. Av legning er eg lesbisk, eg er gift med Tina, og saman har vi ein son på 20 månader. Eg har fått mykje skryt fordi eg var så modig at eg torde å «kome ut av skåpet». Slik eg ser det har eg berre vore tru mot den eg er, for eg vil ikkje at livet mitt skal vere eit skodespel. Men eg veit at det er mange homofile i Valdres som har valt å flytte ut, fordi dei føler at dei ikkje kan stå fram her, sidan dei er redde for konsekvensane. Eg har sjølv erfart at det ikkje er farleg, og har ikkje opplevd noko negativt etterpå, heller tvert imot. Derfor vil eg oppmode dei som gøymer seg i skåpet om å kome ut, og vere tru mot seg sjølve. Bli heil! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Geir Hagen, Garli, Fagernes, fødd 1968

Rett etter at eg fylte fem år, var eg ute for ei alvorleg ulukke. Eg var ute med akebrettet mitt heime i Reinli, og ok ned til vegen. Der kom det ein bil i stor fart, og køyrde på meg. Resultatet vart eit stort brot i hovudskallen, fleire operasjonar, og mange turar på sjukehus. Skadane førte til at eg vart plaga med øyresus, store smerter og søvnproblem gjennom heile oppveksten. Eg fekk bort noko av fokuset frå øyresusen, ved å høyre på musikk. Og då eg i 12-årsalderen høyrde AC/DC for fyrste gong, fekk eg heilt dilla på gitar! Eg måtte lære å spele gitar, og byrja å mase på foreldra mine om dei ikkje kunne kjøpe ein til meg. Gleda var derfor stor då eg fekk gitar til jul, og eg tok til å spele med det same. Dei neste åra øvde eg kvar dag, somme gonger opp mot åtte timar om dagen. Det tok ikkje lange tida før eg vart med i eit band. Vi spelte rock og kalla oss Pegasus, og heldt det gåande i mange år. Så vart eg med i Jupedalen Pøbb Ensemble på midten av 1990-talet, før eg var med å starte gruppa Spinning Coins få år seinare. Spinning Coins var på god veg til å bli noko, men i 2004 la eg vekk musikken ei tid, for å prioritere familie og bygging av hus. Men musikken er ein stor del av meg, og det var ei sjølvfølgje at det skulle vere lydstudio i det nye huset. Eg hadde hatt lydstudio sidan 1997, der mellom anna opptaka til den fyrste plata til Jupedalen vart gjort. Det var likevel fyrst for fire-fem år sidan at eg starta å spele att, no med gruppa Jowana. Elles har eg jobba mykje med Rune Glimsdal, og eg byrja å spele med Mø Tre i fjor. Saman har vi spelt inn ein del låtar i lydstudioet heime. Dessutan har Spinning Coins lufta planane om eit comeback, men vi får sjå kva det blir til. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Jan Slette, Fagernes, fødd 1938

Rett etter folkeskulen, byrja eg som møbeltapetserar i firmaet til onkelen min. Sofaen eg sit i er sveineprøva mi frå den gongen, som no er meir enn 60 år sidan. Kort tid seinare, i 1957, flytte eg frå Oslo til Fagernes, der eg tok over tapetserarverkstaden til Torvald Olsen. I byrjinga var det mest reparasjonar av møblar, før eg satsa meir på sal, og tok til med å importere møblar og militærklede frå utlandet. Eg reiste rundt på anlegg med kleda i helgene, og selde dei som arbeidsklede. Salet gjekk godt, og det breie utvalet av møblar førde til at eg fekk kundar også frå Hallingdal og Sogn. Men fleire fulle lager gjorde drifta tungvind og gav lite forteneste, så eg ville byggje sjølv. Og etter å ha vurdert fleire alternativ kjøpte eg ei tomt på Leira, og bygde Møbelhuset i 1977. Opningsdagen var det kø frå vi opna til vi stengde. Før opninga hadde vi trykt opp ein fargekatalog som vart sendt til alle husstandane i Valdres, samt nokre i Hallingdal og Sogn, og det var mange kundar som ringde inn bestillingar frå katalogen. Omsetnaden auka kraftig, og dei neste åra opna vi fire filialar til. Ved sida av etableringa av Møbelhuset, har eg vore med på å byggje opp Tveitabakken på Fagernes, golfbanen i Vestringsbygda, samt dei tre petanque-, eller bocciabanane i parken på Fagernes. Av dette er det naturlegvis Møbelhuset som har kravd det meste av tida mi, og når eg ser tilbake, har det vore mykje jobbing. All jobbinga har kosta meg eit ekteskap, og dårleg samvit for at eg ikkje prioriterte familien sterkare. Men eg vil ikkje grave meg ned i det eg ikkje får gjort noko med. Eg vil heller sjå framover, og bruke tida på, og gle meg over familien som eg og kona mi, Gerd, har rundt oss i dag. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Marianne Rognås Larsen, Fagernes, fødd 1973

Etter å ha jobba som sjukepleier nokre år, vart eg gravid med dottera vår. Då eg fødde, fekk eg akupunktur som einaste  smertelindring, og eg vart nysgjerrig på å finne ut meir. Derfor tok eg ein bachelorgrad i akupunktur i 2006, og byrja som akupunktør her på Fagernes. Året etter tok eg eit kurs i barneakupunktur, og behandlar difor også barn. Akupunktur er ein vel 3000 år gamal behandlingsmetode, som byggjer på teorien om yin, yang og Qi. Yin og yang er to motsetnader som er avhengige av, og utfyller kvarandre. Qi er ein vital energi som sirkulerer i 14 energikanalar, eller meridianar, i kroppen, og som gjev næring til ulike organ. Sjukdom blir sett på som ein ubalanse i dette energisystemet, og akupunktørens oppgåve er å gjenopprette energibalansen hjå pasienten. Det blir gjort ved å stikke tynne nåler langs meridianane, slik at Qi får flyte fritt. For når Qi flyt fritt, er vi ved god helse. Nålene står vanlegvis inne i 20-40 minutt, og dei aller fleste pasientane seier at det ikkje gjer vondt. Ved sida av smertelindring, er behandlinga godt eigna ved muskel-, skjelett- og utmattingslidingar, søvnproblem, allergi, og ulike betennelsar og infeksjonar. Før ein fødsel blir det brukt som smertelindring, og for at den fødande skal få slappe av. Behandlinga gjer at kroppen behandlar seg sjølv, mellom anna ved at nålene stimulerer kroppen til å skilje ut endorfin og serotonin. Det er stadig fleire som får akupunktur, og ein av dei store fordelane, er at ein ikkje får biverknader. Sjølv om akupunktur er ein gamal behandlingsmetode, blir det gjort mykje ny forsking. Interesserte kan gå inn på akupunktur.no, for å finne ut meir. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Øyvind Tronstad, Fagernes, fødd 1947

Då eg var 17 år, opplevde eg ei traumatisk hending. Veslesyster mi, som var 13 ½ år, fall på isen, og døydde på sjukehuset to dagar seinare av skadane ho pådrog seg. Fram til systera mi råka ut for denne ulukka, var eg overtydd om at eg skulle bli lege. Men eg gjorde meg nokre erfaringar i dagane som følgde, og slo frå meg legestudiane. Eg satsa i staden på å bli veterinær, og det er ei avgjerd eg ikkje har angra på! Som nyutdanna veterinær, fekk eg tilbod om jobb på Fagernes i januar 1972. Eg tenkte at eg kan vel prøve det eitt år, men eg treivst så godt, at eg har vore her sidan. Og etter 42 år i yrket, vil eg nytte høvet til å rette ein stor takk til alle dei hyggelege og positive husdyreigarane eg fekk møte. Heilt sidan eg var ein smågut, har eg hatt stor interesse for idrett. Eg klypte mellom anna ut bilete frå ulike stemner, noko eg held på med enno. Så, midt på -80-talet, tipsa eg avisa Valdres om ein verdsmeister som budde i dalen, og det kom for ein dag at eg visste mykje om idrett, og idrettsresultat. Dermed vart det arrangert ein duell under Valdresmarken mellom meg og Bjørn Christiansen, som hadde vunne i programmet «Kvitt eller Dobbelt», i greina vinter-OL. Det enda uavgjort. Etter duellen sa Knut Bjørnsen, programleiaren for «Kvitt eller Dobbelt», at eg måtte melde meg på. Eg var med tre gonger; i 1986, 1989 og 1994, og gjekk til topps kvar gong. No er eg og kona pensjonistar, og det stortrivast vi med! Vi har fire barnebarn, alle gutar, i alderen åtte-tolv år, og dei gjekk alle Mellerunden i vinter. Både dei og vi er glade i å gå på ski, og favorittløypa går til Skardåsen! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Hanne Svendsen, Røsshaugen, Skammestein, fødd 1956

Eg kjem opphavleg frå Asker, men flytte til Hedalen i 1978, og vart glad i så vel fjellet som valdrisane. På byrjinga av nittitalet flytte eg til Fagernes, før eg drog ut for å gå sjukepleiarskulen. Men etter at eg hadde teke vidareutdanning som psykiatrisk sjukepleiar, flytte eg til Øystre Slidre i 2002, og har sidan jobba i den psykiske helsetenesta i kommunen. Ein ting som bekymrar meg i jobbsamanheng, er at mange legar er altfor slepphendte med å gje ut medisinar. For å få bukt med dette må ein endre systemet, og tankegangen om årsaka til psykiske lidingar. Elles er eg oppteken av å jobbe i grupper, til dømes samtalegrupper, nettverksmøter og ulike kurs, der brukarar med lik problematikk kjem saman. Dette gjev meir likeverdige relasjonar enn det som er tilfelle mellom den autoritære hjelparrolla, og brukarrolla. Dessutan er ein ikkje åleine i ei gruppe, noko som i seg sjølv kan vere positivt for den enkelte. Men det er dessverre ikkje så stort fokus på å jobbe i slike grupper i Valdres. Ein annan grunn til at eg har så stor tru på å delta i grupper, kjem av nokre vonde opplevingar eg hadde i oppveksten. Mellom anna miste eg veslebroren min i ei trafikkulukke då eg var 11 år gamal. På den tida var ikkje hjelpeapparatet så godt som i dag, men eg hadde heldigvis familie og vener som gav meg omsorg, støtte og trøyst. Slik hjelpte dei meg å lette den børa eg bar, noko som gjorde det lettare for meg å jobbe meg gjennom sorga. Dette synte meg at det er mange fordelar ved å stå saman i tunge tider, og at lækinga går fortare når ein er fleire i same båt. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Sindre Tronrud, Fagernes, fødd 2000

Far min spelte trekkspel i AskerLadden, og Asle Tronrud spelar fele i Staut. Dei er tremenningar, og når dei møttest på hytta, spelte dei saman. Då stilte eg meg opp saman med dei, og lata som eg var med og spelte. Desse stundene på hytta inspirerte meg til å byrje og spele sjølv, så då eg var fem år gamal tok eg til å øve på fiolin. Eit par år seinare gjekk eg over til hardingfele, som eg har spelt sidan. Eg har vore med på fire landskappleikar der eg konkurrerer i hardingfele klasse C, som er for dei mellom 12-18 år. I fjor vart eg nummer to, eitt poeng bak vinnaren. Klasse A og B er for dei over 18 år, der klasse B er «2. divisjon». Draumen er sjølvsagt at eg kan spele meg opp i klasse A, og vinne den. Elles tok eg imot Drømmestipendet i år, som blir delt ut til 100 unge norske talent kvart år. Vi fekk 10.000 kroner kvar, og det var stor stas å få denne anerkjenninga. Jan Beitohaugen Granli er læraren min, og dessutan eit av førebileta mine. Han har mellom anna vunne hardingfele klasse A under landskappleiken. Eit av råda han har gjett meg, er å spele så mykje til dans som råd, for det er den beste treninga ein kan få. Så når høvet byr seg spelar eg opp til dans, anten åleine eller saman med andre. For tida går eg andre året på vidaregåande skule, der eg tek studiespesialisering. Etter vidaregåande vil eg søkje på folkehøgskulen på Rauland, som er ei landskjend skule med eit stort folkemusikkmiljø. Det er ikkje lett å leve av musikken, for det er mange om beinet. Så kor vegen går etter folkehøgskulen, er ikkje godt å seie. Sjå video av Sindre Tronrud her  (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)  

Jan Bjørn Fossnes, Fagernes, fødd 1951

Eg har no vore frisør i vel 50 år på Fagernes. Det heile starta då eg byrja i lære hjå Sverre Hagaseth, der Cirkle K stasjonen ligg i dag. Her var det parfymeri i fyrste etasje og frisørsalong i etasjen over, ein kombinasjon som førte til at han gav bedrifta si namnet Combi. Etter ei tid kjøpte eg herresalongen og starta for meg sjølv, og leigde lokale i etasjen over der Skogstad hadde klesforretning. Til å byrje med dreiv eg åleine, men etter kort tid vart Gunnar Skogen tilsett, og han arbeidde hjå meg i mange år. Dei siste tre åra har dottera mi jobba i lag med meg i salongen. Eg har ingen planar om å gje meg enno, men når den dagen kjem, er det ho som skal overta drifta. Det artigaste eg har opplevd i salongen, var då Eric Heiden kom innom for å klippe seg i 1981. Han hadde då vunne fem OL-gull, og var på treningsleir saman med det amerikanske OL-laget på Sanderstølen. Av andre kundar vil eg nemne dei som har klipt seg hjå meg heilt sidan eg byrja, og at det er nokre familiar der eg no klipper fjerde generasjon. Det er mange hyttefolk som er faste kundar, og eg har kundar frå Gol, Gjøvik, Torpa og Dokka. Ja, ein av kundane mine reiser endatil heilt frå Skien, og brukar om lag fire timar kvar veg for å kome seg hit og få klipt seg. Utanom salongen dreiv eg i vel 20 år med travhestar. Hestane mine deltok på mange nasjonale løp, og vann nokre òg, men «Østfoldgubben» var nok den likaste. Dei siste 20-30 åra har eg vore med sju-åtte kompisar på småviltjakt. Eg skyt ikkje, for det er det sosiale, og kosen rundt bålet med kaffi, steikt egg og flesk, som er det viktigaste for meg. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Margrethe Døvre Ayres, Døvrislykkja, Fagernes, fødd 1953

Draumen min om å bli kunstmålar kom då eg gjekk på barneskulen, etter at Ralph Styker teikna meg på tavla i klassen. Men det var ingen som støtta meg i kunstnardraumen, så eg tok i staden tekstil- og keramikkutdanning, og vart formingslærar på ein folkehøgskule i Troms. Elevane var berre nokre få år yngre enn meg, og det var vanskeleg å halde disiplin i klasserommet. Dette gjorde at eg vart litt skremt, og lærarkarrieren vart lagt på hylla for godt. Deretter flytte eg litt rundt, men etter 12 år utanfor Valdres, fann eg ut at eg ville ta ein snøggtur heim. Men då møtte eg Leslie Ayres; ein biletkunstnar som absolutt ville bu ved Jotunheimen, og det enda i giftemål. Vi fekk ein bustad med utsikt mot fjellheimen i bryllaupsgåve av foreldra mine, så snøggturen vart ikkje så snøgg som eg hadde meint. Eg dreiv lenge med batikk, også før eg vart gift, men ga meg på grunn av alle giftstoffa. Sidan har eg drive med akrylmåling, og hadde mi siste separatutstillinga i 2012. Etter den tid har vi pussa opp husa på garden, og eg har vore nøydd til å bytte ut båe hofteledda, så eg har ikkje fått måla nok bilete til ei ny utstilling enno. Men når eg berre får måla fleire, vonar eg å få stilt dei ut. Vi har hatt frie yrke, Leslie og eg, men han har vore mykje oppteken. Difor har eg vore på studiereiser i fleire verdsdelar på eiga hand, og var mellom anna borte nær eit år for å lære meir om batikk hjå nokre aboriginarar i Australia, og hjå ein kunstnar i Malaysia. Men av alle dei stadene eg har sett, kan eg med handa på hjartet seie at eg ikkje har funne nokon vakrare plass, enn her eg bur no! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Hanne Grøneng, Vika, Fagernes, fødd 1968

Det er no snart 20 år sidan vi flytte til Valdres, mannen min og eg. Han er frå Tønsberg og hadde lyst til å bu i Vestfold, og eg kjem frå Balestrand og hadde lyst å bu i Sogn, så vi valde å busetje oss i Valdres, midt mellom! Dessutan vaks mor mi opp i Valdres, og eg har familie i Øystre Slidre, så eg kjende godt til dalen frå før. Sjølv om vi har funne oss godt til rette og har det fint på alle måtar, må eg seie at eg ofte saknar Sogn. Derfor tek eg turen fleire gonger om året, slik at eg kan møte igjen gamle vener, plukke eple på fruktgarden til foreldra mine, gå litt i fjellet, og gjenoppleve gode barndomsminner. Eg må også få med meg Balejazz kvart år, for då er det mykje folk, god musikk og god stemning i Balestrand. Eg er sosialarbeidar i hjarte og sinn, og har alltid vore sterkt engasjert i sosialt arbeid. Gjennom heile livet har eg vore heldig; eg har gode, kloke foreldre, og har vore skåna for store livskriser og alvorlege hendingar, så eg kjenner på eit behov for å gje noko tilbake. No jobbar eg ved fengselet på Slidreøya. Her har vi starta eit tilbakeføringsprosjekt som har vekt oppsikt, og som har byrja å spreie seg utover kriminalomsorga i heile Norge. Vi vart til og med inviterte til Skaugum på grunn av dette prosjektet, og det er sjølvsagt ei stor anerkjenning for oss. Vi har to jenter på 18 og 20 år, så livet er i ferd med å gå inn i ein ny fase. Noko av det beste eg veit er å lese tjukke bøker, sjå god film, og invitere nye og gamle vener på god mat og drikke. Og det blir det nok meir tid til i åra som kjem. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Svein Olav Kopperud, Garli, Fagernes, fødd 1960

Eg har vore sportsinteressert heile livet, og dei siste 15 åra har eg reist utanlands med nokre kameratar, på ulike sportsarrangement. Av store opplevingar kan eg nemne «el classico» i Barcelona; fotballklassikaren mellom Barcelona og Real Madrid, samt fleire fotballkampar på øvste nivå i England. Ei anna oppleving som gjorde inntrykk, var då eg var på ein fotballkamp i Hamburg seinhaustes 1989, den fyrste helga etter at berlinmuren vart riven. Det var mange aust-tyskarar i gatene, og dei kjøpte store mengder appelsinar. Det kom av at dei knapt hadde sett frukt før, sidan dei stort sett var vane til surrogatprodukt i Aust-Tyskland. Her heime har eg vore lagleiar for fotballen i Sør-Aurdal i 20 år. Eg har òg hjelpt til under Beitosprinten dei siste fem åra, og eg stiller opp for Valdres FK no og då. Elles er eg veldig glad i å vere ute i naturen, og har vore mykje på fjellet i Vestre Slidre. Dei to siste åra har eg gått den delen av Kongevegen som går ned mot Lærdal, men no til sumaren vil eg gå på valdressida. Eg vil òg nytte høvet til å skrøyte av dei gode helsetenestene vi har her til lands. Eg vart nemleg sjuk av helveteseld i vinter, og var heilt utslegen i ein månad. Då fekk eg sjå kor godt systemet verka, etter to veker på sjukehus. Men nesten enno betre var det å sjå kor mykje familie, vener og kollegaer stilte opp for meg. Dei hjelpte meg gjennom heile sjukdomsperioden, og sytte for at vegen tilbake til  kvardagen, vart så lett som råd. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Randi Hamre Berge, Fagernes, fødd 1940

Eg gjekk av med pensjon i 2005 etter vel 30 år som lærar. Rett før eg vart pensjonist hadde eg mange hyggelege samtaler med folk, som etterkvart vart til fire bøker med ulike livshistorier. Eg er glad for at eg fekk lov å skrive ned historiene deira, så dei kunne bli bevara for ettertida. Eg likar òg å måle, både akvarell og akryl, og kvar veke er eg med på seniordans på Vikatunet. Vi er meir enn 30 stykke på seniordansen, og det gjer god trening både fysisk og mentalt. Dessutan er det veldig triveleg og sosialt. Elles er eg glad i å reise. Diverre vart eg enkje for tjue år sidan, men eg har heldigvis ei trufast reisevenninne. Vi prøver å få til to utanlandsturar kvart år. Ei anna stor interesse eg har er sykkelturar. Eg fekk meg elsykkel for 5-6 år sidan, og den kan eg ikkje få skrøytt nok av!  Det gjev meg ei enorm fridomskjensle når eg susar opp bakkane, fleire gonger raskare enn eg kunne fått til med ein vanleg tråsykkel. Eg har hatt mange fine turar med sykkelen. Her til lands har eg mellom anna sykla Rallarvegen, på Mørekysten og Helgelandskysten, og eg har hatt fleire fine turar på fjellet. Utanlands har eg sykla i Berlin, Italia, Kreta og Mallorca, og eg har vore på tre turar langs Donau. Men det er ikkje så lett å få med nokon på min eigen alder på sykkeltur, så då eg sykla i Dolomittane i fjor, tok eg med meg son min! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Hilde Frydenlund Rabben, Fagernes, fødd 1961

Dei fyrste leveåra mine budde eg i Aurdal. I byrjinga av åtti-talet flytte eg til Oslo, der eg mellom anna gjekk på sekretærskule og jobba i ei personalavdeling. Men då eg etter 3–4 år i Oslo vart gravid, valde vi å flytte heim til Valdres. Etter fødselen byrja eg å jobbe i resepsjonen ved Fagernes hotell. Deretter var eg på landbrukskontoret, før eg tok til ved servicekontoret i kommunen rundt 1993/1994, der eg framleis arbeider. Vi som sit her er dei fyrste dei besøkjande til Rådhuset kjem i kontakt med. Vi møter veldig mange menneskje, og det er sjølvsagt veldig hyggeleg. Likevel hender det at eg kan bli litt metta av sosial kontakt, og då er det godt å kome heim og vere litt for seg sjølv. Eg har to søner og ei dotter som har drive aktivt med fotball, så det har vorte mykje køyring til og frå, og lite fri i helgene. Men no er dei så store at det ikkje er naudsynt å køyre dei lenger, og dermed har eg moglegheit til å gjere andre ting i helgene. Eg likar godt fjellturar sumar og haust, men er òg utruleg glad i å reise. Vi likar oss veldig godt på Kreta, og reiser ofte dit. Ein storbyferie i Europa er heller ikkje å forakte. Elles har eg lyst tilbake til USA, og eg har ein draum om ein gong å reise til Australia. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Roald Rogne, Rogne/Fagernes, fødd 1954

For ti år sidan skjedde det noko som har prega meg, og som kjem til å vere med meg så lenge eg lever. Sonen min, Kjetil, døydde i ei bilulukke, knapt tjue år gamal. Ulukka skjedde rett før jul, og han vart halde kunstig i live eit halvt år, før eg vart beden om å slå av respiratoren han låg i. På same tida mista min dåverande sambuar sonen sin. Han døydde av kreft, etter ei tids sjukdom. Han var på Kjetil sin alder, og dei var også kameratar. Av yrke har eg stort sett vore snikkar. Eg byrja på anlegg sytten år gamal, og budde ved fleire høve i Oslo dei neste åra. I Oslo vart eg kjend med ein gut frå Vang som jobba i Block Watne, og slik vart det til at også eg vart snikkar. Ved sida av dette, har eg dei siste tjue åra eller så, teke vakter som miljøarbeidar, noko eg trivst godt med. Eg har i om lag tretti år hatt ein snikkarverkstad på garden der mor mi vaks opp, i Rogne. Her lagar eg møblar til kjøken og baderom, samt garderobar, skåp og langbord, og elles alt det kundane ynskjer. Skåpet på veggen her har eg laga sjølv, og det er det einaste eg har behalde av eigen produksjon. Men no er det planlagd ein gangveg akkurat der verkstaden er, så han blir riven. Då får vi sjå kva som skjer, men det blir vel til at eg anten byggjer nytt, eller leiger ein stad der eg kan halde fram med verksemda. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2022 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑