Når eg ser tilbake på barndomen, er det turane med familien som sit att som dei finaste minna. Mora mi er frå Sogn, og om sumrane reiste vi dit for å hjelpe til på garden. Vi ferierte også på Sørlandet og i Danmark, og var ofte på stølen vår, Gomostølen, der det vart mange fine ski- og fjellturar. Etter tre år på idrettslina avtente eg fyrstegongsteneste, og hadde vikarjobb i fengselet i Slidre. Men så kom sambuaren min inn på hotellhøgskulen i Stavanger, og eg fekk vikarjobb i Stavanger kretsfengsel, så vi flytte. Vi budde i Stavanger i to og eit halvt år, før ferda gjekk vidare til Oslo. Eg fullførte fengselsskulen, og etter at vi hadde vorte foreldre til ein gut i 2000 og ei jente i 2003, flytte vi til Fagernes. Vel heime fekk eg fast jobb på Slidreøya, fyrst som betjent, og dei siste åra som leiar. Eg hugsar særleg godt dei unge gutane som var inne til soning, der alt hadde svikta rundt dei i oppveksten. Så kjem dei til ein liten plass der dei plutseleg blir sett og høyrt, og får tillit til oss som jobbar der. Det hadde stor tyding for dei, men også for meg, for det er særs gjevande å kunne hjelpe, og utgjere ein skilnad i eit menneske sitt liv. Men då eg hadde passert 40 tenkte eg at om eg skal gjere noko anna, må eg gjere det no. Så eg byrja i Gjensidige Valdres, og trivst veldig godt med det. For også her jobbar eg med folk som eg kan hjelpe, om enn på ein annan måte. Elles er det familien som tek opp det meste av tida, og som er viktigast for meg. Borna sparkar fotball og går på ski, og eg har følgt opp som best eg kan. Og kvar måndag er det middag heime hjå ho mor, der heile familien møtest. Då er det den gode samtalen som gjeld, der vi kan diskutere alt frå det heilt nære, til det som skjer ute i verda. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Dei fyrste ni åra av livet budde eg i Brumunddal, før vi flytte til Leirskogen. Då eg var 19 år fekk eg fyrste sonen min, og flytte frå barndomsheimen. Vi var i Oslo nokre år, før ferda gjekk heim til Bagn. Etter kvart fekk eg tre ungar til, og eg er heldig som har barn, svigerbarn og barnebarn rundt meg. Eg har òg ein gut i fosterheim, så hjå meg er det mykje familieliv! Eg har arbeidd i skulen og i psykisk helseteneste, dessutan med flyktningar og framandspråklege, der eg jobba både med norskopplæring og i mottak. Elles er eg støttekontakt ein gong i veka, og eg er med på ein internasjonal kvinnekafé ein til to gonger kvar månad. Vi har fått ein del flyktningar til Bagn, og eg synest det er viktig å hjelpe dei med å bli integrerte. På kvinnekafeen får dei høve til å fortelje om seg og sitt, og vi fortel om korleis det er her, og kva som blir forventa av dei. Slik blir vi kjende med, får respekt for, og lærer av kvarandre. Dessverre er det mange som gløymer at det ikkje er lenge sidan vi òg var på flukt frå fattigdom og krig, og avhengige av andre si hjelp. Heile livet har eg vore oppteken av dei som er svakare stilt, og det er viktig for meg at eg kan vere ein ressurs i liva til dei som har bruk for meg. Drivkrafta og fokuset er naturlegvis å hjelpe, men det er også særs gjevande for meg personleg å få ta del i, og utgjere ein skilnad i eit menneske sitt liv. Eg synest at kvart enkelt menneske må få lov til å skine, og vere som det er, for vi er alle unike og verdifulle, sjølv om ikkje alle kan bli best. Vi er gode nok som vi er, og treng ikkje jakte på det perfekte, men heller prøve å finne gleda i kvardagen. Og akkurat no ser eg fram mot hagearbeid og verandaliv, og synest det må vere lykka på jord! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2023 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑