Tag

Felleskjøpet

Aage Magnus Kjonerud, Heggenes, fødd 1932

Etter å ha jobba ved ulike avdelingar på Felleskjøpet sidan 1961, der eg mellom anna var med på å utvikle Orkel-tilhengaren, vart eg sett til å leie avdelinga på Fagernes i 1980. Og sidan den gongen, har eg vore busett i Valdres. På midten av -70-talet tok eg til å lage knivar. Knivane eg lagar har slire av tre, og slira og skaftet er skore ut av same trestykket, slik at dei får like fargar, og passar saman. Eg skjer ut eit vindauge i slira, så ein kan sjå noko av bladet, og øvst på skaftet fell eg inn ein mosaikk-knapp, som eg bestiller frå USA. Opphenget er eit anna særmerkt kjenneteikn på knivane mine, der to skinnreimer dannar eit kryss på framsida av slira. Treverket er anten surbjørk eller masurbjørk. Syrna bjørk får ein ved å pakke inn, og legge rå bjørk ned i ei myr, medan masurbjørka får sitt særeigne mønster grunna ein genfeil, der knoppane eller korkkambiet, veks innover i treet. Eg kjøper masurbjørk frå Kviterussland, for eg synest den har det aller finaste mønsteret. Etter at eg har laga sjølve kniven, blir slira nøyaktig tilpassa. Så set eg inn treverket med 3-4 lag olje, med grundig pussing mellom kvart lag, før det får tre lag med bivoks, med tilhøyrande polering mellom kvar påføring. Eg brukar om lag ei veke på å lage ein kniv, og det er den siste finishen som tek lengst tid. Knivstålet kjøper eg frå fleire ulike smedar, samt frå fabrikken Brusletto i Hallingdal. Men den gjævaste kniven eg lagar, har blad av verdas finaste stål. Eg har nemleg nokre handsmidde knivblad, som er laga av stålet til dei største kanonane på det tyske slagskipet «Tirpitz», som vart senka utanfor Tromsø i 1944. Så ynskjer du ein særmerkt kniv, kan nok eg hjelpe deg! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Gerd Annie Voje, Berglund, Lomen, fødd 1940

Eg fekk ein tøff start på livet. Då eg var sju år, vart far min smitta av tuberkulose. Han var ikkje heime grunna smittefaren, og døydde då eg var 17 år. Mor vart òg veldig sjuk – ho fekk giktfeber då eg var 12 år gamal. Eg tok over vaskejobben hennar på Ristetun, og vaska etter skuletid. Vi hadde òg to kyr, ein kalv, gris og høner som eg stelte. Det var ikkje aktuelt å få hjelp frå fattigkassa. Eg var for stolt til det, og ville klare meg sjølv. Mor friskna til, og dei to neste sumrane var eg budeie på Midtre Syndin, og 15 år gamal flytte eg til Maristuen, der eg serverte gjester. Etter eitt år på handelsskulen, jobba eg ved hovudkontoret på Felleskjøpet, der fleire hadde «amerikafeber», noko eg òg fekk. Så eg søkte jobb som au pair i San Diego, og 18 år gamal la eg i veg, med 20 dollar i lomma, og det einaste eg kunne seie var «yes» og «no». Etter ni månader flytte eg til Los Angeles, der eg var i 4 år, og jobba med mellom anna optikk. Eg møtte ei rekkje kjendisar i USA, mellom anna fekk eg sitje på fanget til B.B. King, eg trefte Ed Sullivan i Chicago, og eg såg Elvis Presley i ein rosa Cadillac på Sunset Boulevard. Men så måtte eg heim, for mor hadde vorte alvorleg sjuk. Vel heime fekk eg jobb ved salsavdelinga i SAS, og var dessutan reiseleiar for storkundar. Eg fekk sjå nesten heile verda, og hadde ein fantastisk jobb i SAS, der eg var i nær 40 år. Dei siste åra har eg vore engasjert i sanitetsforeininga i Vestre Slidre, og så jobbar eg litt som støttekontakt i Vang. Elles elskar eg dyr, og vil oppmode alle om å vere snill med dyra. Eg er også oppteken av ungdom. Og dersom eg skal gje dei eit råd, er det å ha ein plan, og ikkje gjere noko gale, for det vil stenge for så mange vegar vidare i livet. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2019 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑