Til hausten skal eg byrje på folkehøgskulen i Skogn i Trøndelag, etter at eg blir ferdig med sisteåret på studiespesialisering. På folkehøgskulen skal eg gå lina som heiter USA, film og friluftsliv, der vi i tillegg til teoretisk læring om desse emna, også skal på ulike ekskursjonar. Det heile blir avslutta med ein tur til USA på våren, der vi mellom anna skal til Grand Canyon, Las Vegas og fleire stader på vestkysten. Du kan tru eg gler meg! Eg har ikkje bestemt meg for kva veg eg skal gå vidare etter året i Skogn, for eg er ikkje så glad i å planleggje for mykje, men tenkjer at vegen blir til mens eg går. Undervegs vil eg uansett sjå litt av verda før eg slår meg til ro. Og sidan eg er stolt av å vere frå Valdres, og er sæl av familien min, skal det mykje til om eg ikkje endar opp her. Det er mykje bra tilbod til ungdom i Valdres, så eg kjedar meg aldri. Men den store hobbyen min er å spele langeleik, noko som er ein lang familietradisjon. Eg har vore med på landskappleiken sidan 2013, og skal i år spele i seniorklassa for fyrste gong. Det skal bli artig å prøve seg mot dei aller beste her til lands! Elles høyrer eg på all slags musikk, og synest det er artig å klunke litt på pianoet somtid. Dessutan er eg oppteken av miljøet, og er bevisst på å ikkje bruke meir ressursar enn nødvendig. Sidan 2015 har eg hatt sumarjobb ved Valdres Folkemuseum. Der trivst eg godt, og gler meg til å ta fatt på ein ny sesong. Arbeidsoppgåvene er mangsidige, og det å formidle sin eigen kultur gjer at eg sjølv også blir meir rotfesta, og får ei betre forståing for det unike i Valdres. Eg har også gått Fjellstafetten i Øystre Slidre kvart år sidan 2005. For det beste med Valdres er naturen, og det er ikkje mykje som kan måle seg med ein ski- eller fjelltur i denne naturperla vi bur i! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Mor døydde då eg var berre eitt år gamal, så eg vaks opp i fosterheim saman med fem andre sysken. Her dreiv mor i huset mellom anna med porselensdokker og rosemåling, noko som også påverka mine kunstnarlege evner. Mannen min og eg bur på garden der han vaks opp. Då han fridde til meg, var det under føresetnad om at eg måtte hjelpe til under lamminga. Vi har om lag 250 vinterfôra sau og om våren kjem det 500-600 nye lam til verda, så det var ikkje utan grunn at han stilte dette kravet! Ved sida av sauene har vi fem storfe, hund, kattar, gullfiskar, vaktlar og høner, så her er det livat! Elles har vi nyleg planta 3.000 molteplanter, så det blir spennande å sjå om dei gjev frukt etter kvart. På gardsplassen har vi sjølvbetent eggsal frå ei campingvogn, og i kjellaren på bustadhuset har eg galleri. Eg brukar helst oljemåling og målar på mellom anna lerret, tre og skiferstein, der mange av motiva er av dyr og natur. Det kjem også innom ein del folk innom som vil at eg skal måle bilete etter fotografi dei har med seg, og så målar eg premiane til Fjellstafetten kvart år. Veggen bak meg måla eg etter at vi hadde vore i Geiranger, for eg vart så inspirert av den vakre naturen der! For om lag fem år sidan var eg nestleiar i landsstyret for Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Det var ei interessant og lærerik tid, og eg hadde vervet i tre år. Medan eg var nestleiar, fekk eg vere med landbruksministaren og statssekretæren på middag i samband med kvinnedagen. Det var kvinner som hadde gjort seg merka i norsk landbruk som vart inviterte, så det var sjølvsagt ei stor ære å få vere med! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2025 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑