Eg hadde ein veldig fin oppvekst på ein gard nørdst i Vestre Slidre, som foreldra mine kjøpte året før eg vart fødd. Som på garder flest måtte vi borna hjelpe til frå vi var små, noko som gav oss eit godt grunnlag å byggje vidare på seinare i livet. Eg vart også tidleg veldig glad i dyr, og det hende faktisk at eg sov saman med sauene! Far min hadde eit sterkt politisk engasjement, noko som også smitta over på meg. Ved sida av å ha hatt ein del verv i AP og i fagrørsla, var eg frå midten av 1990-talet politisk rådgjevar for Jørgen Kosmo og Grete Knudsen, og var også statssekretær fram til regjeringsskiftet. Etter ei særs interessant tid i Regjeringa, var eg næringssjef i Andøy kommune nokre år. Eg likte meg godt der oppe i Vesterålen, og sjølv om eg hadde ein veldig gjevande jobb, var det også krevjande. Til slutt gjekk det på helsa laus, og eg vart utbrend. Så eg flytte tilbake til min barndoms rike, der eg fekk påfyll av mykje god energi frå familie og vener. Og gode nettverk er viktig. Det fekk eg verkeleg erfare då sonen min, Ståle, døydde av kreft for eit par månader sidan. Far min gjekk bort berre eit par månader tidlegare, så det har vore, og er framleis, ei tøff tid for meg. Når det gjeld politikk, blir eg eitrande forbanna når born, unge og funksjonshemja ikkje får dei tenestene dei har krav på, og at vi, som eit av verdas rikaste land, ikkje har råd til å gje medisin som kan vere livgjevande og livsforlengjande til dei som er sjuke. Og ulven då, denne lystmordaren som er med på å øydeleggje ei heil næring, har ikkje livets rett, spør du meg! Elles er eg glad i å fotografere, særleg dyr, noko som er reine terapien for meg, og eg har dessutan ein hund eg er veldig glad i. Eg har også ein hage eg likar å stelle i, så no ser eg fram til at det skal bli vår! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Etter gymnaset var eg sivilarbeidar på Grimebakken, som var ein heim for psykisk utviklingshemma born og unge. Desse fine menneska gjorde eit sterkt inntrykk på meg, noko som vart avgjerande for at eg resten av yrkeslivet valde å jobbe med menneske med ulike utfordringar. Så etter siviltenesta flytte eg til Oslo, og tok dei neste seks åra utdanning innan sjukepleie, sosialt arbeid og diakoni. Eg har bestandig likt å reise, og på barneskulen skreiv eg jamvel stil om kor sterkt eg lengta etter å få vere på tur. No har eg vore rundt i store delar av verda, der særleg eit besøk i Etiopia for nokre år sidan sette sine spor: Kvinnene stod opp før sola, for å gå 10–12 kilometer etter brensel. Dei samla kvistar i ein stor haug, og bar den tunge børa på krokete ryggar same vegen tilbake, for så å lage mat til mennene sine. Frå den dagen av lovde eg meg sjølv at eg aldri meir skulle klage på eigne vegne. Frå 2000 til 2003 flytte eg til USA for å jobbe i sjømannskyrkja i New Orleans. Eg gjorde alt frå å rake lauv til å avhalde gudstenester, men var for det meste på skipsbesøk hjå norske sjøfolk. Dette var ei fantastisk fin tid i ein by eg vart uendeleg glad i, og som eg har vitja fleire gonger sidan. Ja, eg har til og med vore her som turistguide tre gonger! No har eg vore pensjonist i ni år, men eg er framleis aktiv. Eg sit i styret på Stabburshella, og har vore med i pilegrimsfellesskapet sidan starten i 2003. Dessutan skriv eg i Kyrkjeliv, eg er veldig glad i å gå i fjellet, og er ein ivrig fotograf – særleg med fuglar som motiv. Men når eg skal slappe av er eg åleine heime, og set meg til med nokre av fotobøkene mine, med jazz frå New Orleans, eller Beethovens niande symfoni på full styrke. Då skal eg seie deg det er ein som trør takta! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg kjem opphavleg frå Dokka, men flytte til Etnedal, fødestaden til mannen min, på midten av –80-talet. Fram til då hadde eg teke handelsskulen, jobba på Spåtind høyfjellshotell og på Dokka likningskontor. Då eg kom til Etnedal, byrja eg hjå Syver Øverli AS, no Matkroken, men eitt år seinare fekk eg jobb som kontorfullmektig på rådmannskontoret. I 2006 vart eg einingsleiar for service- og kulturkontoret, og for fire år sidan vart eg sakshandsamar i rådmannen sin stab. Elles har eg vore hovudtillitsvalt i fagforeininga KFO/Delta, og har teke vidareutdanningar i organisasjon og leiing, og i arkiv- og informasjonsforvalting. Eg trivst veldig godt i jobben, der eg har ansvar for mange område, og har difor eit variert arbeid. Dessutan jobbar eg sjølvstendig, i eit veldig godt arbeidsmiljø. Ved sida av arbeidet, er eg kasserar i skilaget og leiar i husflidslaget, eg har vore leiar for turngruppa, og eg synest det er viktig å vere med på dugnad. Eg likar godt å gå turar og sykle, og driv med spinning to gonger i veka. Gåturane går ofte til Himalaya. Det er nemleg ein stad på Tonsåsen som heiter Himalaya, og der er eg med jamne mellomrom! Ein annan hobby eg har, er å strikke. Noko av strikkearbeidet blir selt på ulike utstillingar og messer, mellom anna på Etnedalsdagane og på husflidsmessa på Skogtun. Eg likar også godt å knipse naturbilete. Motiva er frå heile Valdres, men dei fleste er nok frå Vang, der vi har hytta vår. Fleire av bileta mine har vore stilt ut på Blaafladt Spiseri, og det synest eg var litt stas! Men det viktigaste i livet mitt er nok likevel dottera vår, som vi adopterte frå Kina for 11 år sidan. Og eg kan love at gleda var stor, då vi vart adoptivforeldre! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2023 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑