Foreldra mine ville ikkje vite av meg, så eg vart sett bort til besteforeldra mine då eg var eitt år, og vart adoptert av tanta og onkelen min året etter. Adoptivfaren min jobba i forsvaret så vi flytte mykje rundt, og det lengste vi var på ein stad, var fem år. Derfor slo eg aldri heilt rot nokon stad, men då eg kom til Valdres for fyrste gong i 1975, var det kjærleik ved fyrste blikk! I tida som følgde budde eg fleire periodar på Beitostølen, medan eg reiste ut mellom anna for å gå landbruksskule, lærarskule og idrettshøgskule. Idrett har vore ein viktig del av livet mitt, heilt sidan eg var småjente. Eg dreiv med friidrett i barne- og ungdomsåra, og sprang seinare Oslo Maraton, Holmenkollstafetten, Villmannen og Fjellmaraton, samt Hardhausen, der ein skulle gå Birkebeinaren, springe ein halvmaraton og sykle Trondheim–Oslo i løpet av eit kalenderår. Eg spelte også fotball for damelaget til Øystre Slidre. Men i 2004 vart eg akutt sjuk, og måtte byrje med rullestol vinteren 2006. Det var tøft å snu om frå eit aktivt liv på beina til å bli sitjande i rullestol, samstundes med at eg måtte slåst for å få ein tilrettelagt arbeidsplass. Heldigvis lærte eg noko av alle arbeidsåra i stallen på Helsesportsenteret, og av å ha vore følgjesvein i mange år under Riddarrennet: Eg såg at det gjekk an å leve eit aktivt liv med funksjonshemming, og det gav meg stor inspirasjon. Så i tida som følgde vart det mykje hard trening, men også konkurransar. Til dømes pigga eg Fjellmaraton fem gonger, og Oslo maraton tre gonger. Eg er ute kvar dag, og det likaste eg veit er anten å ri ein tur, eller å pigge ein tur på skikjelke eller i rullestol. Og no vil eg få meg ein fuglehund, for den store draumen er å ri på jakt i dette fjellområdet som eg har tapt hjartet mitt til. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Snautt to veker før andre verdskrig var omme, hende det noko som eg hugsar som det skulle vore i dag. Engelskmennene sende ut meir enn 100 bombefly mot eit oljeraffineri rett utanfor Tønsberg by, fordi dei trudde at tyskarane fekk drivstoff til ubåtane sine derifrå. Men vi som budde rett ved vart også råka. Huset vårt – der det oppheldt seg ti personar – vart bomba til ruinar, men vi overlevde heldigvis alle. Det var dessverre ikkje alle i nabolaget som var like heldige, for av dei 70–80 menneska som budde her, var det berre om lag 20 overlevande. Seinare i livet skulle idrett, friluftsliv, jakt og fiske bli ein stor del av livet mitt. Av personlege rekordar kan eg nemne 6,99 meter i lengde, 11,1 på 100 meteren og 1,99 meter i høgde i den gamle saksestilen, på ei tid då norgesrekorden var to meter. Eg hoppa også 4,40 meter i stav med ein heilt stiv stav, som ikkje gav den katapult-effekten ein har i dag, medan verdsrekorden 4,77 meter. Dessutan har eg ein fjerde plass i tikamp frå NM, og eg vart også teke ut til ein landskamp i fotball, då vi den 24. juni 1956 spelte mot Danmark, og vann 3–2. Når det gjeld jakt og fiske, har eg teke ein aure på seks kilo på tørrfluge, som eg trur står som norgesrekord enno, og eg har skote eit reinsdyr som hadde ei slaktevekt på 94 kg. Elles lærte eg å flyge av Arvid Piltingsrud, som var med på bombinga av Tyskland under krigen. Sjølv tok eg flysertifikatet i 1966. Eg har også køyrt Route 66 på Harley på byrjinga av 1970–talet, noko som var ei stor oppleving. Som «hjelm» brukte eg den lua eg har på meg no. Det er nok også nokon som kjenner namnet mitt frå avisa, sidan eg har skrive om lag 120 lesarinnlegg i «valdresen». Og no har eg byrja å skrive mine memoarar, så siste ord er ikkje sagt enno! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Far min dreiv med friidrett så å seie heile livet, og det var han som sytte for at også eg byrja. Eg flytte til Gjøvik og Oslo ein periode i ungdomstida for å gå på skule, men kom heimatt til Valdres med ein gong eg var ferdig med utdanninga. Sidan har eg teke idrettsmerket kvart år, og i 2003 fekk eg heidersprisen for å ha teke idrettsmerket i 35 år på rad. Idrettsmerket får ein ved å klare fastlagte krav innan spenst, styrke, det å vere uthaldande og rask, samt at ein må drive fast med ein fysisk aktivitet, eller trene aktivt gjennom heile året. Innan friidretten har vi vore på tallause klubbstemner, krinsmeisterskap og NM for veteranar, og eg har delteke på Holmenkollstafetten 15-16 gonger, og Det Norske Fjellmaraton 20 gonger. Dette har gjeve oss mange fine turar rundt om i heile Norge, i lag med gode vener frå idrettsmiljøet. Nokon av dei har vore med like lenge som oss. Hausten 2016 vart eg pensjonist, men eg får tida til å gå likevel. Eg likar å halde meg i form, og trenar tre–fire gonger i veka. Treninga har nok vore ein avgjerande årsak til at eg på mine vel 40 år som sekretær i heimesjukepleia i kommunen, ikkje hadde ein einaste fråværsdag. Og det er noko eg er både stolt av og glad for! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2023 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑