Som smågut bygde eg og fleire andre ungar ein stor indianarleir i Veme utanfor Hønefoss, der eg vaks opp. Leiren hadde sju-åtte tipi´ar og eit par steinhytter, og eg leika her nesten kvar dag i sju-åtte år, så det vart mange timar! Eit par år etter at eg var ferdig utdanna industrimekanikar, møtte eg ho som skulle bli kona mi. Vi flytte til Hønefoss og budde der fram til 1980, før vi busette oss i Hedalen, der kona mi kjem frå. Eg fekk jobb hjå Interpower i Begnadalen, men byrja etter kort tid som røyrleggjar for Ivar Lie & søner. Og sidan den gongen har eg vore røyrleggjar, dei siste åra i eige firma. No er eg pensjonist, men tek framleis på meg ein del oppdrag. Eg har vore interessert i gamle bygningar heilt sidan eg som gutunge var med og bygde steinhytter i skogen, og den store hobbyen min er å restaurere og halde ved like dei gamle tømmerhusa på setra vår, Haugevolla. Elles er eg med i fleire lag og foreiningar i bygda, mellom anna Bautahaugens vener. Bautahaugen er eit levande museum, der vi har temadagar kvar laurdag i sumarsesongen, om til dømes skinntrykk, ysting og tegerarbeid. Det er ca 1000 besøkjande innom i løpet av sumaren. Eg har også vore medlem av Vassfaret lionsklubb i 20 år. Lions er nøytral med omsyn til religion og politikk, og samlar inn pengar til veldedige formål lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Dessutan sit eg i styret i helselaget, der vi mellom anna støttar ulike føremål i bygda. Av andre interesser kjem motorsykkelturar og militær tattoo høgt på lista. Når det gjeld militær tattoo er det sjølvsagt artig å sjå det på tv, men det kan ikkje samanliknast med å vere til stades. Det har difor vorte fleire turar til Oslo, og eg har endatil vore i Edinburgh to gonger! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Som kokkelæring var eg til sjøs, noko eg treivst veldig godt med. Men reiaren valte å flagge ut, så eg flytte heim til Valdres, og tok til å arbeide på Beitostølen. Her har eg jobba på hotell, i restaurant, som resepsjonist og på kafeteria, før eg i mars i år skifta beite, og byrja å selje klede. Eg var ikkje eingong interessert i klede då eg flytte inn på Stølstunet for å starte butikk, men eg er veldig spontan av meg, så eg hoppa i det. Og det har eg ikkje angra på, for eg synest det er veldig artig! Butikken min heiter Marnes Mote. Namnet Marne var eit namn eg fekk av tanteungane mine då dei var små, sidan dei ikkje klarte å seie Anne Marie. Men dei heldt fram med å kalle meg Marne også etter at dei vart store, så namnet har eg hatt i tjue år no. Marnes Mote sel dameklede, og vi legg vekt på at alle skal finne noko dei likar; gamal og ung, liten og stor. Her er klede i alle prisklassar, opp til storleik 52. Det er ikkje så mange klesbutikkar i øvre Valdres, så dei fleste kundane mine kjem frå Vang, Øystre og Vestre Slidre. Elles har eg drive med teater, eg spelte klarinett i musikklaget og var med i husflidslaget, og eg er framleis med i helselaget. Dessutan prøver eg å vere med på det som skjer i nærmiljøet, og stille opp på dugnader, for å støtte opp om det som skjer i bygda. Men det er ikkje heile tida det klaffar, sidan eg jobbar ein del kveldar og helger. Eg likar også godt å reise, særleg når eg kan kombinere det med ei teaterframsyning. Av favorittreisemåla er områda rundt Gardasjøen i Italia, Praha, Bratislava og austeuropeiske land generelt. Og sjølv om eg ikkje er så interessert i dyr, synest eg det var kjempeartig å vere på safari i Kenya, og sjå dei eksotiske dyra i sitt naturlege miljø. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2023 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑