Tag

Garberg

Olaug Oldre, Garberg, Slidre, fødd 1974

Den siste dagen eg gjekk i barnehagen, såg eg at ei av dei tilsette var lei seg når ho skulle ta avskil med meg. Så eg sa til henne at ho ikkje skulle vere lei seg, for når eg blir stor skal eg byrje å jobbe her, så eg kjem att! Og slik vart det. Etter å ha jobba tre år i barnehagen i Volbu tok eg førskulelærarutdanning, og dei siste åra har eg vore i barnehagen i Slidre. Heilt sidan eg lærte å skrive, har eg skrive dikt. Eg gav ut ei bok saman med bestefaren min i år 2000, med risper, segn og dikt som han kunne, samt dikta mine. Han bestefar var ein klok og fornuftig mann, og eg sette stor pris på å vere i lag med han. Noko av det han lærte meg, var trearbeid av ulikt slag. Eg lagar mellom anna hjørneskåp som eg målar trollmotiv på, og har selt ein del av desse. Dessutan har eg sett opp ein gapahuk rett opp for huset, der eg og ungane har mange timar saman. Til dømes er vi her mykje i adventstida, og då er det bålkos med eventyrstund og kakao. Elles er eg ein ivrig fotograf, og knipsar i hovudsak naturbilete. Eg prøver å få fram heilskapen i bileta mine, og er særleg glad i levande motiv der ein nesten kan kjenne at ein er til stades, og kan «gå» innover i biletet. For meg er det også viktig at bileta er så naturlege som råd, og at dei er mest mogleg uredigerte. Eg legg ut mange av fotografia mine på mi eige side på Facebook, men også på den sida som heiter Valdres i bilder. Det er nok ganske mange som er inne og tittar, og somtid er det nokon som tek kontakt for å kjøpe eit bilete av meg. Om ikkje så lenge skal den nye boka mi, På livets reise, gjevast ut, der kvart dikt blir illustrert med eit naturbilete. Dikta tek føre seg ulike sider ved livet, og det å ta seg tid til å sjå, høyre og kjenne. Alle dikta er skrive på valdresdialekt. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Halfdan Gimle, Aurdal, fødd 1985

Då eg var yngre, var musikken veldig viktig for meg. Eg byrja å spele fele og piano høvesvis fem og sju år gamal, og i tenåra tok eg til å spele gitar. Musikken var så forførande, at den kunne ta meg ut av ein samanheng, og vere veldig distraherande. Eg var til dømes veldig inspirert av Bob Dylan, og kunne bli heilt oppslukt av metaforane han brukte. Foreldra mine var veldig viktige for meg i oppveksten, og eg hadde ei intens redsle for at ein av dei skulle bli borte. Som femåring høyrde eg songen «Mother» av John Lennon for fyrste gong, medan eg studerte eit bilete av han. Eg kjende at noko brast i meg då, og eg skjønte kor sterkt musikken kunne påverke meg. Det tok lang tid før eg fann ut av kva eg skulle ta meg til i livet. På vidaregåande gjekk eg formgjeving, og då eg var 20 reiste eg til Oslo, der eg utdanna meg til møbel- og interiørdesignar. Eg byrja likevel å jobbe på konsertarenaer og i bar, og hamna i eit miljø med mange musikarar og kreative sjeler. Det vart ein del artige år i byen, med studiar, trivelege kollegaer, og mykje entusiasme, men det førte ikkje til noko handfast. Eg byrja derfor å leite etter ein annan form for entusiasme, ein som kunne bety noko meir. Snart fann eg ut at fleire av forfedrane mine hadde vore handverkarar, så eg tenkte at eg skulle gje det ein sjanse. Det vart full klaff. No er eg i min tredje vinter som murar, og trivst særs godt med det. Det er veldig tilfredsstillande å sjå konkrete resultat av det ein gjer, og skape noko folk har bruk for. Og kjensla eg får når eg kjem heim ein kald vinterdag etter jobb, når eg gjer opp i omnen, tomatsuppa står og putrar på komfyren, og eg veit eg har vore til nytte for samfunnet, det er ikkje mykje som kan måle seg med det! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2023 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑