Tag

Gitar

Per Valland, Hølera/Bjørgo, fødd 1950

Frå eg var 12 år gjekk eg med morgonavisa på Paradis i Bergen, og når kong Olav var på Gamlehaugen, var eg også innom der. Eg fekk helse på han nokre gonger, og det var bestandig spennande! Eg vaks opp nær sjøen, og syntest det var stor stas å vere med mor og far i båt. Vi fiska, bada og gjekk i land på holmar og skjer, og kosa oss med maten som mor hadde med. Eg var også ofte i Fana roklubb, der tre av onklane mine var medlemar. To av dei, Carl Henrik og Sigurd Monssen, tok bronse i åtter under OL i London i 1948, så det var stor stas å vere i lag med dei! Som ung vart eg med i Raudekrossen, og har 50 år seinare gått dei fleste gradane. Eg har hatt samarbeidspartnarar frå heile verda, og har teke del i utviklingsprosjekt og internasjonale kontaktleirar. Det har vorte sterke møte med menneske i vanskelege livssituasjonar, men også møte med ressurspersonar i organisasjonen, samt politikarar og andre samfunnstoppar. Eg kom til Merket i 1982, fyrst som nestleiar og seinare som leiar i 19 år. Men dei siste seks–sju åra har eg vore verksemdsleiar for innvandringstenesta i Sør-Aurdal. Og eg må seie eg blir lei meg når eg ser kor lett vi set framande i bås, for når vi fyrst blir kjent, er vi ikkje så fordømande. Elles har eg klimpra på gitar sidan eg var 11–12 år, og spelte med ein del kjende musikarar i Bergen på 1970-talet, mellom andre Ove Thue. No spelar eg mest for funksjonshemja – oftast på Merket – og det er eit fint publikum å spele for! Eg likar også å jobbe med tre, og synest det er artig å vøle på gamle hus, og drive med treskjering. Heime har eg bygd ei smie, og har også planar om å setje opp eit lite vikinghus. For eg har særleg stor interesse for gamalt handverk, og har dei ti siste åra vore på vikingmuseet på Borg og undervist i gamalt handverk og byggeskikk. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Geir Hagen, Garli, Fagernes, fødd 1968

Rett etter at eg fylte fem år, var eg ute for ei alvorleg ulukke. Eg var ute med akebrettet mitt heime i Reinli, og ok ned til vegen. Der kom det ein bil i stor fart, og køyrde på meg. Resultatet vart eit stort brot i hovudskallen, fleire operasjonar, og mange turar på sjukehus. Skadane førte til at eg vart plaga med øyresus, store smerter og søvnproblem gjennom heile oppveksten. Eg fekk bort noko av fokuset frå øyresusen, ved å høyre på musikk. Og då eg i 12-årsalderen høyrde AC/DC for fyrste gong, fekk eg heilt dilla på gitar! Eg måtte lære å spele gitar, og byrja å mase på foreldra mine om dei ikkje kunne kjøpe ein til meg. Gleda var derfor stor då eg fekk gitar til jul, og eg tok til å spele med det same. Dei neste åra øvde eg kvar dag, somme gonger opp mot åtte timar om dagen. Det tok ikkje lange tida før eg vart med i eit band. Vi spelte rock og kalla oss Pegasus, og heldt det gåande i mange år. Så vart eg med i Jupedalen Pøbb Ensemble på midten av 1990-talet, før eg var med å starte gruppa Spinning Coins få år seinare. Spinning Coins var på god veg til å bli noko, men i 2004 la eg vekk musikken ei tid, for å prioritere familie og bygging av hus. Men musikken er ein stor del av meg, og det var ei sjølvfølgje at det skulle vere lydstudio i det nye huset. Eg hadde hatt lydstudio sidan 1997, der mellom anna opptaka til den fyrste plata til Jupedalen vart gjort. Det var likevel fyrst for fire-fem år sidan at eg starta å spele att, no med gruppa Jowana. Elles har eg jobba mykje med Rune Glimsdal, og eg byrja å spele med Mø Tre i fjor. Saman har vi spelt inn ein del låtar i lydstudioet heime. Dessutan har Spinning Coins lufta planane om eit comeback, men vi får sjå kva det blir til. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Arne Johannes Nygård, Krøsshaugen, Rogne, fødd 1965

Dei tre fyrste leveåra mine budde eg i Etnedal. Sidan flytte vi til Drammen, der vi oppheldt oss i sju år. Der spelte eg fotball for Strømsgodset, og vi var ikkje mindre enn 60 ungar på trening! Så flytte vi tilbake til Etnedal, og etter avtent militærteneste arbeidde eg som kjøtskjerar for Hed-Opp dei neste 25 åra. No har eg mitt virke i Kulturskulen der eg underviser i gitarspel, og stortrivst med det! Elles er eg aktiv i fotballmiljøet i Øystre Slidre. Her har eg vore trenar for ulike jentelag dei siste ti åra, der høgdepunktet var då laget til dottera mi spelte A-finale i Norway Cup i 2014. Ved sida av familien, er fisking og musikk viktig i livet mitt. Far min tok meg med på fisking i Etna frå eg kunne gå, og no går fisketurane ofte til Skamån eller Begna, anten åleine, eller saman med kameratar. I juli skal eg på laksefiske, og draumen er å slå rekorden frå 2011, då eg tok ein rugg på 12,8 kilo. Musikkinteressa har bestandig vore med meg, og eg byrja å spele gitar i sjette klasse. Eg vart med i Jan´s Kvartett i 1980 (seinare Swings), under leiing av Jan Biribakken, og fekk då vere med å spele til dans. Elles har eg spelt i lag med foreldra mine, med Jupedalen Pøbb Ensemble og Mø Tre, og sidan 2013 har eg spelt i Stubbad´n i lag med bror min, Arild. Vi er ein ettertrakta duo som spelar i ein del bryllaup og andre lag, og no, den 30. juni, skal vi spele under Etnedalsdagane. Eg har opplevd veldig mange artige og flotte konsertar, men den likaste var nok då vi hadde sameiningskonsert med Jupedalen under «rakfisken» i 2017. Det å få oppleve så mykje folk, og få sjå ungdomar som ikkje ein gong var komne til verda då songane vart skrivne, men som likevel song med på alle tekstane, ja det var stort! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Halfdan Gimle, Aurdal, fødd 1985

Då eg var yngre, var musikken veldig viktig for meg. Eg byrja å spele fele og piano høvesvis fem og sju år gamal, og i tenåra tok eg til å spele gitar. Musikken var så forførande, at den kunne ta meg ut av ein samanheng, og vere veldig distraherande. Eg var til dømes veldig inspirert av Bob Dylan, og kunne bli heilt oppslukt av metaforane han brukte. Foreldra mine var veldig viktige for meg i oppveksten, og eg hadde ei intens redsle for at ein av dei skulle bli borte. Som femåring høyrde eg songen «Mother» av John Lennon for fyrste gong, medan eg studerte eit bilete av han. Eg kjende at noko brast i meg då, og eg skjønte kor sterkt musikken kunne påverke meg. Det tok lang tid før eg fann ut av kva eg skulle ta meg til i livet. På vidaregåande gjekk eg formgjeving, og då eg var 20 reiste eg til Oslo, der eg utdanna meg til møbel- og interiørdesignar. Eg byrja likevel å jobbe på konsertarenaer og i bar, og hamna i eit miljø med mange musikarar og kreative sjeler. Det vart ein del artige år i byen, med studiar, trivelege kollegaer, og mykje entusiasme, men det førte ikkje til noko handfast. Eg byrja derfor å leite etter ein annan form for entusiasme, ein som kunne bety noko meir. Snart fann eg ut at fleire av forfedrane mine hadde vore handverkarar, så eg tenkte at eg skulle gje det ein sjanse. Det vart full klaff. No er eg i min tredje vinter som murar, og trivst særs godt med det. Det er veldig tilfredsstillande å sjå konkrete resultat av det ein gjer, og skape noko folk har bruk for. Og kjensla eg får når eg kjem heim ein kald vinterdag etter jobb, når eg gjer opp i omnen, tomatsuppa står og putrar på komfyren, og eg veit eg har vore til nytte for samfunnet, det er ikkje mykje som kan måle seg med det! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Tron Kittelsen, Høresbygdé, fødd 1954

Eg har bestandig likt å teikne, og noko av det fyrste eg teikna var kart, for eg har alltid vore fascinert av kart og reising. Og etter å ha avtent sivilteneste, dreiv eg med grafikk eit års tid, før eg reiste rundt om i verda med ryggsekk, og eit opent sinn. Vel heime tok eg kunstutdanning, fyrst ved Einar Granums tegne- og maleskole i 1980-81, og deretter kunstakademiet i Trondheim frå 1982 til 1986. Dette med kart og reising er eg framleis oppteken av, og noko av det eg har drive mest med dei siste åra, er kartbaserte teikningar. Eg brukar ofte ein kombinasjon av eit teikna kart, og avtrykket av ei gravstøtte. For å få avtrykk av ei gravstøtte, brukar eg ein teknikk som heiter frottage. Måten eg gjer det på, er å trykkje eit papir mot gravstøtta, og ved hjelp av grafitt, som nærast er eit tjukt, mjukt bly av ein blyant, arbeider eg fram strukturen til, og skrifta på gravsteinen. Filosofien bak teikningane er å vise levd liv, og mennesket si reise, jamført med jorda si reise. Ta til dømes øya Gotland i Sverige, som ein gong låg der Antarktis ligg no. Så kan ein byrje å tenkje på korleis det var på Gotland då det låg langt der nede i sør, samanlikna med at det for 2500 år sidan var eit sentralt handels- og kultursentrum, med vidtrekkande forbindelsar. Det er litt av ei reise, ikkje berre i avstand, men òg historisk! Ei gravstøtte vil på si side seie noko om mennesket si historie. Til dømes såg eg ein gong ei gravstøtte, der det var fire familiemedlemmar under 10 år som hadde døydd i åra 1917-1920. Det var lett å skjøne at dei vart råka av spanskesjuka. Og det er dette forholdet, mellom verda og menneska si reise, eg prøver å få fram i teikningane. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Oddbjørn Skeie, Filefjell, fødd 1961

Eg har vore musikkinteressert sidan eg var smågut, og då eg var i ni-årsalderen, lærte eg å spele hardingfele av bestefaren min. Frå ungdomsskulealderen tok eg til å spele gitar saman med nokre vener, og tidleg på 1980-talet var eg med i den fyrste oppsetjinga av «Xtase», som var eit kjent band i Valdres. Musikkinteressa førte til at eg satsa på musikken også i yrkeslivet, etter 7 år med musikkstudiar. Eg tok til å arbeide i kulturskulen, fyrst i Kvinnherad i Rosendal, der eg budde i to år, og sidan i Florø, der eg var i 16 år. Ein av elevane mine på kulturskulen i Florø, Håvard Lothe, gjekk seinare på LIPA; skulen i Liverpool som vart grunnlagt av Paul McCartney. Lothe hadde eksamenskonserten sin i Florø, der eg fekk vere med og spele gitar. Konserten var teke opp og gjeve ut på cd, så det var moro å få vere med på. Men i 2008 flytte eg heim til Vang, der eg fekk jobb ved kulturkontoret. Arbeidsoppgåvene her er mangfaldige, men hovudfokuset er på kulturskulen, der eg er rektor. Ved sidan av jobben, har eg to prosjekt gåande som eg trivst veldig godt med. Det eine er konsertar i lag med Nina Bendiksen, som er kjent for mange frå tv-serien «Himmelblå». Ho syng på nord-norsk, medan eg akkompagnerer på gitar. Diktaren Ragnar Olsen har skrive norsk tekst til dei argentinske melodiane vi framfører. Det andre prosjektet er i lag med «Trio Gyllensvärd», der vi spelar ei blanding av jazz og viser. Vi har ikkje spelt så mykje saman dei siste åra, men har teke til att med øvingar no. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2022 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑