Tag

Healing

Kristine Granli, Beitostølen, fødd 1966

Dei fyrste åra mine i arbeidslivet, jobba eg så mykje at eg vart sjuk av det. Eg var fyrst butikksjef for klesbutikken Twins med ansvar for fire butikkar, før eg vart dagleg leiar for klesmerket Ball. Ikkje berre sleit eg meg heilt ut, det kjendest også meiningslaust å berre jobbe for pengar. Eg ville mykje heller gjere noko eg kunne vere stolt av; eg ville hjelpe andre. Derfor tok eg ei rekkje studiar og kurs innan medisin, terapi og massasje, og starta ein klinikk i Oslo som gjekk veldig bra. Sidan eg er veldig glad i fjellet og naturen, og Oslo er hektisk og bråkete, kjøpte eg ei leilegheit på Beitostølen i 2004. Dette vart ein fristad for meg, og det vart mange turar oppover. Men ein dag fann eg ut at eg like gjerne kunne flytte til Beitostølen for godt, for det var her eg likte aller best å vere. På Beitostølen opna eg ein ny klinikk, Helseglad, der eg tilbyr massasje, ulike typar akupunktur, soneterapi, og tre ulike typar healing. Eg er også personleg trenar. For meg er det viktig å gje best mogleg hjelp til så mange som råd, så eg har eit breitt spekter med tilbod. Eg held meg sjølvsagt fagleg oppdatert, og tek stadig utdanningar og kurs for å utvikle meg. Dei ulike behandlingsformene eg tilbyr, med det reint skulemedisinske i kombinasjon med ei åndeleg tilnærming, gjev også ei meir heilskapleg behandling, som betre kan tilpassast kvar enkelt. Om lag 90% av pasientane mine er fastbuande valdrisar, og eg vil nytte høvet til å rette ein stor takk for den tiltrua og openheita dei har vist meg, ved å prøve dei ulike behandlingane mine. Eg angrar ikkje på at eg valte ein annan kurs i livet, for no er eg lykkeleg. Og mykje av det skuldast at det er så mykje meir gjevande å hjelpe folk, enn å berre jage etter pengar. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Knut Fuglesteg, Ryfoss, fødd 1949

Fyrste gongen eg oppdaga at eg hadde spesielle evner, var eg to og eit halvt år. Då såg eg ein kar som hadde døydd eit par dagar tidlegare, som sat på ein benk. Eg fekk ein øyrefik då eg sa kva eg hadde sett, for slike ting var det lita openheit om den gongen. Då eg var smågut flytte vi litt rundt, og budde mellom anna på Fuglesteg i Luster kommune, og i Årdal. Så då eg byrja på skulen, prata eg sogning. Eg var også liten og sint og hadde eit spesielt etternamn, og dette resulterte i at eg vart hardt mobba og utfrosen. Til dømes var det slik at når ein av elevane i klassen hadde bursdag så kom heile klassen, men når eg sjølv fylte år, kom det ingen. Det var vanskeleg å ikkje passe inn i den alderen, men no har det vorte meir akseptert å skilje seg ut. Og om nokon skulle finne på å kalle meg normal i dag, ja då hadde eg vorte fornærma! Dei siste 55 åra har eg drive med healing. Som healar brukar eg hendene, og prøver å styre den energien som finst i oss alle – den energien som gjer at vi «tikkar». Når eg tek på eit menneske kan eg kjenne kor det er vondt, eller eg berre får ei vissheit om kva som er gale. Eg får sjølv smerter i hendene, og dei hovnar også opp. Eg har vore forstandar i Sjamanistisk Forbund sidan 2012. Sjamanisme er ein fleire tusen år gamal åndeleg praksis, der ein må vedkjenne seg at alt er besjela. For meg blir det feil å skulle leve av healing og sjamanisme, så eg tek helst ikkje betaling. Men det hender eg får gåver, og eg forventar også å få dekka utgiftene mine. Eg driv også fjernhealing via telefon. Ved påsketider var det ei fortvila dame i Sverige som ringte meg; ho hadde ikkje vore ute av leilegheita si på 1 ½ år. Men nokre telefonar seinare stod ho ein dag på døra mi, og det var den finaste løna eg kunne få! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Eiril April Gunnarsdottir, Lunde, Etnedal, fødd 1964

Etter ei sterk hending der eg trudde eg skulle døy, kjende eg meg kalla til å gå djupare i meg sjølv, og finne ut av kva som var viktig for meg. Dette førte til at eg valde å selje alt eg hadde, og flytte vekk frå småbylivet i Vestfold. Eg busette meg i ei avsidesliggjande hytte i Enebakk, og tok til på ei holistisk utdanning i Oslo. Eg budde i Enebakk eit par år, utan innlagt vatn og utan straum. Her vart eg fylt av skapartrong og kreativitet, og eg klarte å glede meg over det enkle livet i skogen. Snart fekk eg eit ynskje om å gjere noko for andre som av ein eller annan grunn var utbrende, eller som hadde mista motet. Difor oppretta eg eit tilbod der dei som ynskte det kunne samlast, og lære seg å gå innover i seg sjølve og kjenne, i staden for å berre tenkje. Mange menneske ynskjer endringar fordi dei ikkje er fornøgde, og kjenner eit tomrom i liva sine. Eg trur at den beste måten å fylle dette tomrommet på, kan ein finne i seg sjølv. Ein må ta seg tid til å finne ut av kven ein eigentleg er, og kva ein eigentleg vil. Ein bør akseptere seg sjølv og følgje hjartet sitt, og kanskje ikkje bruke så mykje krefter på å prøve å passe inn. Elles vil eg seie at eg likar å ha det stilt rundt meg, og eg likar å måle. Den seinare tida har eg fått nokre spennande oppdrag knytt til målinga: Eg har illustrert to bøker og eitt cover til ein cd, og eg håpar å få fleire oppdrag framover. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2022 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑