Eg er fødd i Valdres, men flytte til Oslo for å ta lærarskulen, og jobba deretter ti år som lærar utanfor dalen. Men så vart eg tipsa om ei ledig lærarstilling i Vang, så eg søkte, og fekk jobben. Etter til saman 40 år i læraryrket, har eg mange gode minne å sjå tilbake på. Mellom anna brukte eg å ta med meg klassen min til Hugakollen. Dette var ei årviss hending rett før skuleavsluttinga, og vi overnatta der, under open himmel. Og det å få liggje ute, med himmelen som einaste tak, og sjå solnedgangen og -oppgangen over Slettefjell, det veit eg at mange av elevane ser tilbake på som eit kjært minne. Etter at eg flytte heim til Valdres for over 50 år sidan, vart eg meir oppteken av lokalhistorie, og har gjennom åra gjeve ut nokre bøker med ulike tema frå Vang. Noko anna eg har hatt stor glede av, er «lesarmøtene» på Vangsheimen kvar fredag, der eg les småstubbar av ymse slag. Når eg kjem inn i rommet, sit dei som har vorte gode vener av meg i ein ring og ventar på meg, og dei er så takksame for at eg kjem, at det er reint rørande. No er eg vel vaksen sjølv, og har nådd ein alder der helsa betyr alt. Derfor prøver eg å halde meg i form, og er mellom anna særs glad i å kome meg ut på ski. Sidan 1952 har eg måla landskapsbilete, og det har vore ein fin hobby å ha. Det er natur, gamle hus og gardstun som er dei motiva eg likar best. Eg er nok ein typisk naturalist, og er fødd eit par hundre år for seint til å bli berømt. Det har eg no aldri gjort noko for å bli heller, men i fjor haust viste eg fram nokre av måleria mine for eit publikum for fyrste gong, under ei utstilling på biblioteket i Vang. Og no har et fått i oppdrag å levere 25 bilete til Valdreskalenderen neste år, og det synest eg er artig! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Eg har vore ein del av folkemusikkmiljøet i Valdres sidan eg var ei småjente. Det heile tok til då eg var seks år, og byrja å danse jazzballett og gamaldans. På ungdomsskulen dansa eg showdans, eg var med på Folkemusikk Ung sine øvingar, og så byrja eg å danse halling. No er eg med og dansar springar på museet annankvar veke, eg har eit vikariat som lærar i showdans på kulturskulen i Vang, i tillegg til at eg dansar mykje heime. Elles byrja eg å spele munnharpe i 2013, og var med på Landskappleiken både i fjor og i år. Utanom Landskappleiken er eg med på kulturkonsertar, og i år fekk eg ein førespurnad om å vere med på sumarsymfonien. Eg øver på munnharpa når høvet byr seg, noko som vil seie om lag ein time kvar dag. Eg går studiespesialisering på Valdres vidaregåande skule, og planen er å gå Musikkteaterhøyskolen etterpå. Det er fordi eg elskar å stå på scenen og formidle ei historie, og kjenne på den sitrande nerven ein får i møte med publikum. No til våren skal eg vere med på ei framsyning under Ung i Valdres, der eg har fått ei rolle i musikalen Ungkarsfesten, og det gler eg meg til! Då Sol av isfolket hadde framsyning på museet i 2010 og 2011, var eg så heldig å få spele «Sol» som lita, noko som var ei utruleg sterk og intensiv oppleving. Det var med profesjonelle skodespelarar, mellom andre Heidi Ruud Ellingsen, som spelte «Sol» som vaksen. Vi fekk god kontakt, og har framleis litt kontakt i dag, og ho vart – og er enno, det store førebiletet mitt som skodespelar. Det var under Sol av isfolket det heile losna, og det var då eg fann ut at det var skodespelar eg skulle bli. Den store draumen er difor å bli ein så attraktiv skodespelar, at eg kan ha det som leveveg. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2023 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑