Tag

Himalaya

Liv Vingdal, Gosen/Volbu, fødd 1959

Eg vaks opp på ein gard på vestsida av Volbufjorden, der vi hadde mjølkekyr. Vi hadde støl på Sørre Trollåsen, og det å få kome hit var årets høgdepunkt. Her var vi heile sumaren, og vi ungane hjelpte til på ulikt vis, men hadde mange fristunder der vi mellom anna sykla inn til Etne for å bade og kose oss. Som småjente dreiv eg med langrenn og handball, byrja seinare med fotball og volleyball, og spelte mellom anna for Valdres volleyballklubb i 2.-divisjon. Som mosjonist spelte eg volleyball til eg var 40 år, og eg er framleis ofte ute på ski. Denne idrettsgleda førte til at eg tok ei fire år lang utdanning innan idrett. Deretter jobba eg som idrettslærar på det som då heitte Fagernes vidaregåande skule, og treivst veldig godt med å få jobbe med ungdom og idrett. Men etter 22 år som idrettslærar fekk eg lyst på nye utfordringar, og byrja som dagleg leiar på Friskgården Tyin, før eg vart leiar for folkehelse, frisklivs- og frivilligsentralen i Øystre Slidre kommune for ni år sidan. Dette er ein jobb eg verkeleg brenn for, for eg ser at det å få med menneske på trim og trivselstiltak, er med på å gje dei eit meiningsfylt liv. Vi utgjer også ei motvekt til all skjermbruken som no florerer, med vårt fokus på å dyrke det sosiale og få til møteplassar der vi kan treffast og ha det kjekt. Ei av mine store interesser er å gå i fjellet, og det er nok alle dei fine sumardagane eg fekk oppleve på stølen, som førte til at eg vart så glad i fjellet. No nyleg var eg på ein flott tur i Himalaya, der eg var oppe på 5000 meter. Det var spennande å få oppleve dei flotte fjella, men også Katmandu, med sitt yrande folkeliv, og alle dei eksotiske og framande duftene. Så eg drøymer om at eg ein gong kanskje kan kome tilbake, eller at eg kan få oppleve nye og spennande turmål i andre land. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Marlyn Solhaug Bergeid, Bruflat, fødd 1962

Eg kjem opphavleg frå Dokka, men flytte til Etnedal, fødestaden til mannen min, på midten av –80-talet. Fram til då hadde eg teke handelsskulen,  jobba på Spåtind høyfjellshotell og på Dokka likningskontor. Då eg kom til Etnedal, byrja eg hjå Syver Øverli AS, no Matkroken, men eitt år seinare fekk eg jobb som kontorfullmektig på rådmannskontoret. I 2006 vart eg einingsleiar for service- og kulturkontoret, og for fire år sidan vart eg sakshandsamar i rådmannen sin stab. Elles har eg vore hovudtillitsvalt i fagforeininga KFO/Delta, og har teke vidareutdanningar i organisasjon og leiing, og i arkiv- og informasjonsforvalting. Eg trivst veldig godt i jobben, der eg har ansvar for mange område, og har difor eit variert arbeid. Dessutan jobbar eg sjølvstendig, i eit veldig godt arbeidsmiljø. Ved sida av arbeidet, er eg kasserar i skilaget og leiar i husflidslaget, eg har vore leiar for turngruppa, og eg synest det er viktig å vere med på dugnad. Eg likar godt å gå turar og sykle, og driv med spinning to gonger i veka. Gåturane går ofte til Himalaya. Det er nemleg ein stad på Tonsåsen som heiter Himalaya, og der er eg med jamne mellomrom! Ein annan hobby eg har, er å strikke. Noko av strikkearbeidet blir selt på ulike utstillingar og messer, mellom anna på Etnedalsdagane og på husflidsmessa på Skogtun. Eg likar også godt å knipse naturbilete. Motiva er frå heile Valdres, men dei fleste er nok frå Vang, der vi har hytta vår. Fleire av bileta mine har vore stilt ut på Blaafladt Spiseri, og det synest eg var litt stas! Men det viktigaste i livet mitt er nok likevel dottera vår, som vi adopterte frå Kina for 11 år sidan. Og eg kan love at gleda var stor, då vi vart adoptivforeldre! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2019 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑