Tag

Hjortejakt

Stein Bergum, Øystre Bagn, fødd 1957

Som 18-åring var eg lei av skulen, og flytte til Oslo. Der jobba eg eit par år for eit entreprenørselskap, før eg vart kalla ut til fyrstegongsteneste. Då var eg mykje meir målbevisst og motivert for skule, så eg søkte fleire skular, og kom inn i sjøforsvaret. Det vart to år i Horten, eitt år i Bergen, og to års pliktteneste på ein motortorpedobåt (MTB). Tidlegare hadde eg søkt på flygarskulen, og tankane om å flyge låg heile tida og murra. Så eg las meg opp på alt som hadde med fly å gjere, og det enda med at eg tok sertifikat på privatfly. Noko seinare, i 1982, reiste eg til USA og tok B-sertifikat, som gjev løyve til å flyge kommersielt. Etter kvart byrja eg å flyge for Widerøe, og kort tid etter, i 1988, for SAS. Det vart nokre år med langflyging, og mange fine opplevingar frå alle verdas kantar. Av det eg hugsar best var då eg kom til Tokyo for fyrste gong, og fekk sjå Mount Fuji i klarvêr. Ein grytidleg morgon eit par år seinare besteig eg toppen, og såg sola stå opp i havet. No har eg vore pensjonist sidan 2014, men eg har ikkje fritidsproblem! Eg likar å gå på ski og syklar for CK Valdres, og dei siste åtte-ti åra har eg reist fast på sykkelturar til Thailand og Mallorca. Dessutan er eg med i Bagn Sportskytter-klubb, og på elg- og hjortejakt om hausten. Eg brukar også mykje tid på køyretøya i garasjen. Eg har vore fascinert av bilane av typen Chevrolet Corvette i mange år, og i 1999 kjøpte eg min fyrste; ein 1969 Stingray. Denne vart selt, men eg kjøpte att ein 1976-modell, og så har eg i tillegg ein 2002-modell som eg fekk skilt på i fjor. Eg har også fleire motorsyklar som eg luftar no og då. Elles har eg ingen store planar for framtida, men tek ein dag om senn, og gjer det eg har mest lyst til. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Kjetil Storbråten, Hølera, fødd 1978

Sidan eg var åtte-ni år gamal, har eg vore ein ihuga jeger. Dei siste åra har eg vore jaktleiar i austre Bagn, der vi jaktar elg og hjort, dessutan er eg med på reinjakt kvart år. Elles har eg vore på bjørnejakt i Sverige i 7-8 sesongar, og i 2014 var eg på bjørnejakt i Canada, der eg var så heldig å få felle ein bjørn. Etter at eg var med på gaupejakt for fyrste gong i 16-17-års alderen vart eg heilt hekta, og har sidan den gong skote to gauper. Den fyrste felte eg i 2009, etter å ha følgt spora heile dagen. Gaupa gjekk seg fast ved eit berg, og låg under ei buske då eg nådde ho att. Det var ei stor oppleving å sjå ho, og den kjensla eg fekk då, sit i meg enno. Eg går ikkje på gaupejakt berre for moro skuld, eller fordi eg hatar rovdyr. Tvert i mot er eg både imponert og fascinert av gaupa, av kor smart ho er, og korleis ho oppfører seg. Dessutan er ho ein eminent jeger med gode sansar, og er særs vanskeleg å kome inn på. Nei, hovudgrunnen til at eg er tilhengjar av gaupejakt, er eit ynskje om å forvalte bestanden, slik at naturen ikkje kjem i ubalanse, og at tapet av særleg beitedyr blir redusert. Og for Sør-Aurdal sitt vedkomande var det i fjor elleve gauper innanfor eit lite område, og vi har det nest høgste tapet av beitedyr til gaupe av opplandskommunane. Slik situasjonen er no, er det ingen fare for at gaupa skal bli utrydda. For bestanden har auka dei siste åra, gaupejakta er strengt regulert, og det blir take ut færre dyr kvart år, enn det er ynglingar. Og når vi fyrst er inne på forvaltninga av rovdyr, meiner eg at det bør bestemmast lokalt, med bakgrunn i lokale forhold. Slik kan vi få ei berekraftig forvaltning, som vil gje oss eit betre grunnlag for å hauste av naturens rikdomar. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Elisabeth Hålien, Grindaheim, fødd 1969

Eg har mange interesser, og engasjerer meg i mangt og mykje. Sidan eg ikkje kvir meg for å opne kjeften og seie frå, blir eg ofte valt inn i styre og stell. Til dømes har eg vore involvert i drillgruppa, allidretten, og alpingruppa, og dei siste åra har eg vore oppmann for fotballaget der dottera mi er med. Dei seks åra ungane køyrte snøcross var eg sterkt involvert i det, og då kinoen på Åsvang vart avvikla, fekk eg og ei venninne midlar frå kulturkontoret til oppgradering av utstyret, så bygdekinoen vart redda. Dessutan er eg leiar for bygdelista i Vang, samt styremedlem og sekretær i «Stabburshella». Noko av det eg har engasjert meg sterkast i, var «Dorna-saka». Dorna var fødd og oppvaksen i Vang, men då ho var 11 år gamal, fekk ho beskjed om at familien ikkje fekk opphald. Sidan foreldra hennar kom frå to ulike nasjonar, og ingen av dei fekk lov til å reise til ektefellen sitt land, ville familien bli splitta. Det var ein tidkrevjande prosess, der heile bygda engasjerte seg, og borna skreiv brev til så vel kongen som statsministeren. Heldigvis vann vi fram, og familien fekk opphald. Av andre interesser, kjem jakt høgt på lista. Det er storvilt eg jaktar på, elg og hjort, og eg har mange fine opplevingar å sjå tilbake på. Til dømes når eg går ut tidleg ein morgon, og tåkedisen ligg som eit florlett teppe, og skapar ei trolsk stemning. På veg gjennom skogen høyrer eg fuglane vakne til liv, og ser kanskje eit ekorn på lette føter på veg opp eit tre. Så bryt sola gjennom, disen forsvinn, og den trolske stemninga er med eitt over. Slike naturopplevingar, samt spenninga under sjølve jakta, der eg sit årvaken og ventar på at bikkja får los, ja, det gjev rett og slett sjelefred. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2023 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑