Tag

Høresbygdé

Jon Hålien, Høresbygdé, fødd 1974

Eg er lærar i elektrofag ved Valdres vidaregåande skule, og driv ein gard med vel 100 vinterfôra sau. På garden har vi sett opp nytt hus og verkstad, der eg har gjort det meste av arbeidet sjølv, og no held eg på å byggje om fjøset til sauefjøs. Fram til januar 2017 hadde vi mjølkekyr, men eg brukte så mykje tid til alt på garden at eg ikkje fekk nok tid til familien, som er dei eg har mest lyst til å vere i lag med. Derfor valde eg å slutte med krøtera. Då eg vaks opp var eg ganske liten og tynn, og etter at eg såg filmen «karate kid» for fyrste gong, vart eg veldig fascinert av kampsport. Så eg melde meg på då dei tok til med treningar i jiu-jitsu på Leira i 1990, før eg byrja med boksing i 1993, og karate året seinare. Karate er ein gamal kampsport som starta opp i Okinawa, Japan. Det er nær 200 stilartar i karate, og den eg praktiserer heiter Matsubayashi, som er den stilarten som er mest lik den opphavlege. I 2010 og 2014 var eg i Okinawa og trena med dei store meistrane. Fyrste turen vart eg gradert opp til tredje grad, eller dan, i svart belte, medan seks av dei beste karateutøvarane i verda såg på. Heile opplevinga med å vere i Japan, og få oppleve dette fantastiske landet, folket og kulturen deira, for så å bli vurdert av dei beste utøvarane i verda i ein disiplin som betyr så mykje for meg, ja det det var utruleg stort! Det gav meg minne for livet, som har fått ein stor plass i hjartet mitt. I juni 2017 vart eg gradert til fjerde dan i Bergen, av ein kar på 65 år med sjuande dan i Matsubayashi, som er den høgste graden i Europa. Det er berre to personar i heile verda som har tiande dan i svart belte. Sjølv er eg av dei tre-fire med den høgste graderinga i Norge, og det er eg litt stolt av! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Tron Kittelsen, Høresbygdé, fødd 1954

Eg har bestandig likt å teikne, og noko av det fyrste eg teikna var kart, for eg har alltid vore fascinert av kart og reising. Og etter å ha avtent sivilteneste, dreiv eg med grafikk eit års tid, før eg reiste rundt om i verda med ryggsekk, og eit opent sinn. Vel heime tok eg kunstutdanning, fyrst ved Einar Granums tegne- og maleskole i 1980-81, og deretter kunstakademiet i Trondheim frå 1982 til 1986. Dette med kart og reising er eg framleis oppteken av, og noko av det eg har drive mest med dei siste åra, er kartbaserte teikningar. Eg brukar ofte ein kombinasjon av eit teikna kart, og avtrykket av ei gravstøtte. For å få avtrykk av ei gravstøtte, brukar eg ein teknikk som heiter frottage. Måten eg gjer det på, er å trykkje eit papir mot gravstøtta, og ved hjelp av grafitt, som nærast er eit tjukt, mjukt bly av ein blyant, arbeider eg fram strukturen til, og skrifta på gravsteinen. Filosofien bak teikningane er å vise levd liv, og mennesket si reise, jamført med jorda si reise. Ta til dømes øya Gotland i Sverige, som ein gong låg der Antarktis ligg no. Så kan ein byrje å tenkje på korleis det var på Gotland då det låg langt der nede i sør, samanlikna med at det for 2500 år sidan var eit sentralt handels- og kultursentrum, med vidtrekkande forbindelsar. Det er litt av ei reise, ikkje berre i avstand, men òg historisk! Ei gravstøtte vil på si side seie noko om mennesket si historie. Til dømes såg eg ein gong ei gravstøtte, der det var fire familiemedlemmar under 10 år som hadde døydd i åra 1917-1920. Det var lett å skjøne at dei vart råka av spanskesjuka. Og det er dette forholdet, mellom verda og menneska si reise, eg prøver å få fram i teikningane. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Jorunn Elise Veflen, Høresbygdé, Ryfoss, fødd 1982

Garden, som vi overtok i 2012, har vore i familien sidan 1875. Det var tippoldefar min, som kom frå Hemsedal, som kjøpte han då. Men sjølve garden er eldre, for her har vore drift sidan 1726. Eg trivst veldig godt med å vere bonde, og vere saman med dyra. Og har eg ein dårleg dag er det godt å vere i fjøset, for dyra er takknemlege for å sjå meg, og jagar bort alle vonde tankar. Men det er også mykje ansvar, og mykje å tenkje på når ein har gard, mellom anna det komande lausdyrkravet: Skal vi byggje på det eksisterande fjøset, eller skal vi byggje nytt? Dessutan har vi ein del gjeld på garden, så vi må vere bevisste på korleis vi investerer. Eg har ein mastergrad i matvitskap etter fem år på skulen i Ås, og jobbar til dagleg ved mattilsynet. Men sidan eg vil vere meir heime hjå dei 15 månader gamle tvillingane våre, har eg permisjon, men tek til att å jobbe deltid på nyåret. Elles sit eg i styret i bondelaget i Vang, og i styret i Høre/Ryfoss idrettslag. Når det gjeld idrettslaget, er eg glad for at dei har fått til aktivitetar på skulen nesten kvar dag, både for store og små, sidan det er med på å halde bygda levande. Eg likar å lese bøker, og er veldig glad i handarbeid og baking. Det blir nok til at eg bakar meir enn sju slag til jul, og eg lagar meir enn vi treng sjølve, for det er fint å gje bort noko også. Men det beste eg veit er å vere på stølen i Raudalen. Då likar eg å tenne levande lys og gjere opp i peisen, og anten spele kort saman med vener, eller vere åleine med ei god bok. Her oppe er det så fredeleg og godt, og ein finn også ei indre ro. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2019 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑