Tag

Hund

Ann Kristin Nysveen, Skogli, Etnedal, fødd 1989

Frå eg var lita tok foreldra mine meg ofte med ut på turar, og alle desse fine stundene i naturen har vore med å forme meg til den eg er i dag. For eg lever eit aktivt liv, og har stor glede av jakt og friluftsliv, og er ofte på turar anten på ski, truger eller til fots. Og hundane mine, Tascha og Idefix, er med meg kvar enn eg dreg! Av yrke er eg lærar ved barneskulen på Fagernes, og er hovudtillitsvalt i Utdanningsforbundet. Jobben er intens, og i tillegg til jobb og friluftsaktivitetar trenar eg ein del, og eg har også ansvar for volleyballtreninga i etnedalshallen ein gong i veka. Dessutan har eg kjøpt eit småbruk som eg ynskjer å ruste opp og få noko ut av, og eg har også ein del planar for to gamle stølar oppe i åsen, så det er nok å henge fingrane i! Pappa er skogbrukar, og har skjøtta skogseigedomen vår på beste vis, medan mamma har rydda kilometervis med turstigar, så dei har på kvar sin måte lagt godt til rette for framtidige generasjonar. Eg ynskjer å vidareføre det gode arbeidet dei har gjort, og har eit mål om å få til ulike aktivitetar for born og unge. For bygda har ein stor plass i hjartet mitt, og eg håpar at planane mine kan ende opp med å bli ei lita næring, og at innsatsen kan vere med på å gjere Etnedal meir attraktiv. Så utdanningane mine innan økonomi, personalutvikling og leiing vil nok kome godt med framover, og eg er sikker på at eg også får med meg nyttige erfaringar frå styret i DNT Valdres, der eg nyleg er valt inn. Sidan eg lever eit så aktivt og hektisk liv, set eg ekstra stor pris på dei stille stundene når eg kan slappe av og gjere ingenting. Då likar eg å gå meg ein tur ut i skogen eller åsen, og fyre opp eit bål. Så steikjer eg gjerne mat på bålet, før eg finn fram svartkjelen, og kokar kaffi. Desse augeblikka er gull verdt, og eg veit å nyte dei! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Inger Ågesdotter Hovengen, Norda Berget, Ryfoss, fødd 1956

Eg hadde ein veldig fin oppvekst på ein gard nørdst i Vestre Slidre, som foreldra mine kjøpte året før eg vart fødd. Som på garder flest måtte vi borna hjelpe til frå vi var små, noko som gav oss eit godt grunnlag å byggje vidare på seinare i livet. Eg vart også tidleg veldig glad i dyr, og det hende faktisk at eg sov saman med sauene! Far min hadde eit sterkt politisk engasjement, noko som også smitta over på meg. Ved sida av å ha hatt ein del verv i AP og i fagrørsla, var eg frå midten av 1990-talet politisk rådgjevar for Jørgen Kosmo og Grete Knudsen, og var også statssekretær fram til regjeringsskiftet. Etter ei særs interessant tid i Regjeringa, var eg næringssjef i Andøy kommune nokre år. Eg likte meg  godt der oppe i Vesterålen, og sjølv om eg hadde ein veldig gjevande jobb, var det også krevjande. Til slutt gjekk det på helsa laus, og eg vart utbrend. Så eg flytte tilbake til min barndoms rike, der eg fekk påfyll av mykje god energi frå familie og vener. Og gode nettverk er viktig. Det fekk eg verkeleg erfare då sonen min, Ståle, døydde av kreft for eit par månader sidan. Far min gjekk bort berre eit par månader tidlegare, så det har vore, og er framleis, ei tøff tid for meg. Når det gjeld politikk, blir eg eitrande forbanna når born, unge og funksjonshemja ikkje får dei tenestene dei har krav på, og at vi, som eit av verdas rikaste land, ikkje har råd til å gje medisin som kan vere livgjevande og livsforlengjande til dei som er sjuke. Og ulven då, denne lystmordaren som er med på å øydeleggje ei heil næring, har ikkje livets rett, spør du meg! Elles er eg glad i å fotografere, særleg dyr, noko som er reine terapien for meg, og eg har dessutan ein hund eg er veldig glad i. Eg har også ein hage eg likar å stelle i, så no ser eg fram til at det skal bli vår! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Karoline Røyset Sveen, Bjørgo, Aurdal, fødd 1988

Vi flytte frå Gol til Valdres då eg skulle byrje i andre klasse på barneskulen. Tidlegare hadde vi også budd på Hareid på Sunnmøre, der mora mi er frå. Far min var glad i fiske og friluftsliv, og var flink til å ta oss med ut på turar. Dermed lærte han også meg å setje pris på natur og friluftsliv, som no er av mine største gleder i livet. Eg var veldig glad i pappa, så det var eit hardt slag då han døydde av kreft i fjor. Og for å heidre han og minnet om han, har eg tatovert eit naturmotiv på armen min. Foreldra mine hadde hund, men eg ville ha ein som var berre min, så eg byrja å mase. Etter å ha venta i noko som kjendest ut som ei eve, fekk eg endeleg min eigen hund då eg var 15, og eg var så lykkeleg at det berre brusa i heile meg. Sidan har eg hatt hund, og har no ein Alaskan malamute, som eg valde fordi han taklar fjell- og skogsturar i all slags vêr. Eg har sete i styret i Valdres Hundeklubb nokre år. Vi tilbyr mellom anna ulike kurs, og har arrangert fleire meisterskap i smeller. Som medlem i hundeklubben kan du dele hundeinteressa di med fleire, og det er både sosialt, triveleg og lærerikt! Skriving er ei anna av mine store interesser. Eg skriv litt på frilanse for eit par nettredaksjonar og aviser, der temaa oftast er born og hund. Eg har også hatt nokre krimnoveller på trykk i ulike vekeblad. Men det eg likar aller best å skrive om, er ei blanding av fantasy og krim. For så lenge eg kan hugse, har eg likt magi. Magi pirrar fantasien og rokkar ved ein del førestillingar, og som skribent står ein mykje friare til å utfalde seg. Draumen er å kunne leve av skrivinga, og om nokre månader får eg min bokdebut. Då blir den fyrste boka i ein serie på tre eller fire bøker gjeven ut, så eg går ei spennande tid i møte! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Anette Kvale Rye, Hippesbygdé, Ulnes, fødd 1988

Samstundes med at eg utdanna meg til førskulelærar, jobba eg ved barneavlastinga i Nord-Aurdal kommune, der vi tok oss av born med særskilte behov. Dette arbeidet var veldig gjevande, og for meg er det ei sjølvfølgje at dei skal få dei same moglegheitene som alle andre, slik at dei kan nå så langt som råd. Sidan eg brenn for ungar, dyr og friluftsliv, tok eg med borna ut på turar med hund, der vi anten gjekk turar med hunden i band, eller dei fekk sitje på i pulk. Slik vart hundeinteressa mi vekt for alvor, så då eg var ferdig med utdanninga mi i 2011, kjøpte eg min eigen hund. No har eg seks trekkhundar av rasen Alaskan Malamute, som er ein reinrasa polarhund. Det går med mykje tid til trening av hundane, og sidan i haust, har eg køyrt snautt 300 mil. Kvar treningsøkt tek fem timar, og det blir tre-fire turar kvar veke. Men no har eg trappa opp treninga, for eg har meldt meg på VM i Sverige i mars, i det som heiter polardistans. Løpet er 160 km langt, og eg reknar med å vere i mål etter eitt eller halvtanna døgn. Eg kjem til å legge inn ein stopp annankvar time, der hundane får ein liten kvil, og litt feitt å ete på. Det blir også ein lenger stopp på opp mot fire timar, der hundane blir fôra, og får ein pust i bakken. Og er eg heldig, får eg kanskje ein liten kvil på auge sjølv også. Eg er glad for å ha fått ein sponsor, som er Link Bingo AS på Fagernes. Det hjelper på, for det kostar litt å vere med, så eg er takksam for denne støtta. Enkelte av venene mine meiner at eg brukar for mykje tid på hundane, og at eg heller burde bruke meir tid på å det sosiale. Men hundane og friluftslivet har ein stor plass i hjartet mitt, og eg er nøgd med livet slik det er no. Så får vi venene heller kose oss ekstra mykje når vi fyrst møtest. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2025 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑