Tag

Husflid

Kirsten W. Langedrag, Hølera, fødd 1950

Foreldra mine hadde Svenes camping, og det var stor stas med alle folka som var innom, særleg dei som kom att år etter år, som vi vart ekstra godt kjende med. Då eg var 12 år, vart eg med på Ulnes handballag, der eg var keeper heilt til eg var 47 år gamal. Vi hadde eit godt handballag i mange år, og i 1973 rykka vi opp til 2. divisjon. Heile bygda var sterkt engasjert, og det kokte når vi spelte kampar. Heimekampane måtte vi spele i Golhallen, sidan det ikkje var hall i Valdres. Og ein periode var det endatil køyreforbod på sundagane, og då var vi nøydde til å ta drosje til kampane. Dei siste 15 åra har eg jobba på Bagn skule, og det har vore heilt fantastisk. For eg brenn for dei unge, og har i jobben prøvd å setje meg inn i kva dei er opptekne av så vi har noko å prate om, slik at dei blir sett, og vi kan vere på lag. Vi har sjølve ei dotter og to barnebarn. Dei er busette i Kristiansand, og vi reiser nedover så ofte vi kan, så vi kan vere saman med dei. Elles har eg vore med i ungdomslaget frå 15-årsalderen, eg har drive med neversløyd i 30 år, og eg har vore med i husflidslaget sidan starten. Den siste tida har vi i husflidslaget vore travle med å få alt klart til opninga av julebutikken på Bagnsmoen den 22. november. Her blir det julemarknad frå torsdag til laurdag fram til 15. desember, der vi har mykje bakst og mange flotte handlaga produkt til sals. Det er om lag 60 personar som har levert varer til oss, så her skulle vere noko for alle! Bagnsmoen er no valt til Sør-Aurdal sin 1000-årsstad. Dette var Valdres sin største handelsstad i si tid, med landhandel frå 1880-åra. Bygningen er godt ivareteken, så her får dei besøkjande oppleve den gode gamaldagse stemninga av landhandel, utan noko kjas og mas. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Bjørg Elisabeth Berg, Bergsbakka, Hedalen, fødd 1946

Besteforeldra mine var hedølar, og bygde seg hytte på Teinevassåsen allereie i 1913. Eg nytta meg ein del av hytta i åras løp, og vart tidleg glad i Hedalen. Sjølv er eg fødd i Drammen, men flytte til Oslo i 1964, der eg tok lærarskulen, og gjekk eitt år på idrettshøgskule. Så vart eg gift med ein hedøl i 1968, men vi flytte ikkje til Hedalen før sankthans 1980. Same haust byrja eg som lærar ved Hedalen barne- og ungdomsskole, der eg var i 28 år. Skulane her til lands har nær radert bort formingsfaga, og det gjer meg bekymra: Korleis skal ungane lære seg handlag, og løyse praktiske oppgåver no? All fokus er på teori, og ein må vel snart teikne pannekakene på skulekjøkenet! Sjølv har eg bestandig hatt glede av handverksarbeid, og har også arrangert skinnfellkurs gjennom  mange år. Så det gler meg stort at vi har eit husflidslag som arrangerar strikkekaféar, kurs i knivmaking, teger- og skinnfellarbeid, for eg brenn for å ta vare på dei rike handverkstradisjonane våre. Elles er eg aktiv i foreiningslivet i Hedalen, mellom anna i Bautahaugens venner, som har hatt ei rekkje utstillingar der hedalskulturen blir vist fram. Eg synest det er viktig at vi kjenner våre tradisjonar og historie, for blir det gløymt, mistar vi mykje av identiteten vår. Eg er glad i å reise, og av store opplevingar kan eg nemne turane til høvesvis Sør-Afrika før jul, og til Nord-Norge i fjor sumar. Sør-Afrika var fylt av kontrastar, med alt frå stor fattigdom, til safari og mykje fint å sjå. Nord-Norge var fantastisk, med vakker natur, midnattssol, og store reinflokkar. Så i fjor var eg både på Nordkapp og Kapp det gode håp, og vart mange gode minner rikare! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2019 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑