Tag

Idrettslærar

Liv Vingdal, Gosen/Volbu, fødd 1959

Eg vaks opp på ein gard på vestsida av Volbufjorden, der vi hadde mjølkekyr. Vi hadde støl på Sørre Trollåsen, og det å få kome hit var årets høgdepunkt. Her var vi heile sumaren, og vi ungane hjelpte til på ulikt vis, men hadde mange fristunder der vi mellom anna sykla inn til Etne for å bade og kose oss. Som småjente dreiv eg med langrenn og handball, byrja seinare med fotball og volleyball, og spelte mellom anna for Valdres volleyballklubb i 2.-divisjon. Som mosjonist spelte eg volleyball til eg var 40 år, og eg er framleis ofte ute på ski. Denne idrettsgleda førte til at eg tok ei fire år lang utdanning innan idrett. Deretter jobba eg som idrettslærar på det som då heitte Fagernes vidaregåande skule, og treivst veldig godt med å få jobbe med ungdom og idrett. Men etter 22 år som idrettslærar fekk eg lyst på nye utfordringar, og byrja som dagleg leiar på Friskgården Tyin, før eg vart leiar for folkehelse, frisklivs- og frivilligsentralen i Øystre Slidre kommune for ni år sidan. Dette er ein jobb eg verkeleg brenn for, for eg ser at det å få med menneske på trim og trivselstiltak, er med på å gje dei eit meiningsfylt liv. Vi utgjer også ei motvekt til all skjermbruken som no florerer, med vårt fokus på å dyrke det sosiale og få til møteplassar der vi kan treffast og ha det kjekt. Ei av mine store interesser er å gå i fjellet, og det er nok alle dei fine sumardagane eg fekk oppleve på stølen, som førte til at eg vart så glad i fjellet. No nyleg var eg på ein flott tur i Himalaya, der eg var oppe på 5000 meter. Det var spennande å få oppleve dei flotte fjella, men også Katmandu, med sitt yrande folkeliv, og alle dei eksotiske og framande duftene. Så eg drøymer om at eg ein gong kanskje kan kome tilbake, eller at eg kan få oppleve nye og spennande turmål i andre land. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Vegard Kjøs Egge, Ellestadbygdé, Lomen, fødd 1988

Fram til eg var 18 dreiv eg med skiskyting, men eg var for dårleg til å skyte, så eg gjekk over til langrenn i staden for. Og då eg var ferdig på vidaregåande flytte eg til Lillehammer, der eg dei neste fem åra satsa på langrenn for fullt. Som beste resultat fekk eg 25. plass i NM for seniorar. Ved sida av langrennssatsinga var eg student. Det vart ein bachelor i idrettsfag, eit årsstudium i økonomi, og eitt år med praktisk pedagogisk utdanning. Deretter vart det eitt år med studiar innan spesialpedagogikk på idrettshøgskulen i Oslo, før eg vende nasen heim, og byrja som idrettslærar på Valdres vidaregåande skule. På skulen underviser eg i langrenn og skiskyting. Eg har med meg nokre nyttige erfaringar i tida frå eg sjølv var aktiv, som eg tenkjer elevane mine kan dra nytte av. For eg lærte mykje om meg sjølv då eg trente regelmessig 10–12 økter i veka. Både om det reint kroppslege og kva som må til av trening, og at ein må evne å hente ut det siste av krefter, men også at ein må vere strukturert og ha evne til planlegging. Dessutan var eg for ivrig, og trente litt feil og for mykje. Eg ville for mykje for fort. Og når ein sjølv har kjent dette på kroppen, er det lettare å sjå teikna hjå andre. Elles er eg oppvaksen på gard, og skal ta over drifta om ikkje så lenge. Eg driv også med jakt og fiske, og unnar meg ein tre veker lang utanlandstur kvar sumar. Då reiser eg gjerne til Frankrike, der eg mellom anna har vore og sett Tour de France eit par gonger, men USA er også veldig fint.   Og sjølvsagt brenn eg for fysisk aktivitet. Eg ser at elevane trivst i aktivitet, og eg er sjølv ein ivrig mosjonist: Eg går mykje på ski, og spelar også fotball for FK Vang. Det er så rart med det; alt går så mykje lettare når ein kjem seg ein tur ut. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2019 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑