Tag

Islandshest

Anne Svenkerud Bjørgo, Bjørgo, fødd 1964

Eg vart adoptert bort då eg var baby, og vaks opp på Ljan i Oslo. Adoptivfar min var frå Svenkerud gard i Hallingdal, og alle historiene han fortalde heimanfrå, førte til at eg vart ein bonderomantikar. Og når vi var på familiestølen Valdreslia sør på Golsfjellet, og eg reid vidt ikring på islandshesten som budde på stølen om sumaren, vart nærleiken til dyr og natur djupt rotfesta i meg. Det enda med at eg gifte meg med ein odelsgut, og då vi flytte til garden kunne eg endeleg gjere lidenskapen min til ein jobb, og byrje med hest! På det meste hadde eg 17 hestar, og arrangerte rideleirar og ulike kurs, samstundes med at eg dreiv mitt eige rekneskapskontor. Men då eg og mannen min vart skilt, trudde eg at draumen skulle bli knust. Men sidan han ikkje var så ivrig på å drive garden, selte eg stølen på Golsfjellet, og fekk skrapa saman nok til eit lån for å kjøpe han ut. Det vart veldig hektisk å drive så stort med hest, samstundes som eg skulle skjøtte garden og drive rekneskapskontor, og sidan hesteverksemda ikkje kasta så mykje av seg, trappa eg ned den biten. I staden investerte eg i nye kontor i det uinnreidde loftet på huset, og vigde meir av tida mi på rekneskapskontoret. Likevel er draumen å ein gong få til ein aktiv hestegard att, for det er det som ligg hjartet mitt nærast. Eg har fleire gonger vore døden nær. Mellom anna då eg som småjente vart liggjande bevisstlaus under vatn, og då milten min sprakk etter at eg vart sparka av ein hest. Ein annan gong fekk eg kreft som spreidde seg ut i blodet, og legen trudde eg skulle døy. Men eg vart utskriven ei veke før eg skulle gifte meg, så det vart eit bryllaup fylt av mange ulike kjensler. Derfor har eg lært å setje pris på kvar dag, for livet er skjørt, og ein må gjere det beste ut av den tida ein har. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Kine Ramsland, Norda Berget, Ryfoss, fødd 1985

Dei 15 fyrste åra av livet budde eg på Flekkerøy utanfor Kristiansand. Sidan mødrene våre var heimeverande, gjekk vi ikkje i barnehagen. Så om sumrane var det litt som i «vi på saltkråkan», og det yra med ungar ute. Alle ungane var knallbrune på ryggen, fordi vi låg så mykje på brygga og fiska krabber. Eg flytte til Søgne då eg var 15, der eg gjekk tre år på lina for landbruksfag på vidaregåande. Her var det mange praktiske fag, og eg lærte mellom anna å køyre traktor og bruke motorsag, noko som gav nyttige erfaringar inn i yrkeslivet. Skulen hadde også eigen stall der eg var veldig mykje, sidan eg har hatt ei stor hesteinteresse frå eg var 9 år. Andre året på vidaregåande møtte eg ein staut valdris. Han ville bli taksidermist, men etter at skuleåret var omme måtte han flytte til Rindal i Møre og Romsdal for å ta læretida si. Så då eg vart ferdig med tredje året, flytte eg etter. To år seinare var han ferdig med læretida, og vi flytte til Valdres i 2006. Eg jobba mellom anna som landbrukspraktikant, og på meieriet, før eg hausten 2011 byrja på desentralisert lærarutdanning på Leira. No underviser eg ungdomstrinnet ved Vestre Slidre skule i matte, norsk og naturfag, og trivst veldig godt med det. Eg er oppteken av å få elevane engasjert, og ser at det å legge inn ein del praktiske øvingar er ei god hjelp i så måte. Når eg har fri er eg veldig glad i å reise, og har vore særleg mykje i Asia. Det skuldast nok i stor grad den fyrste turen min til Thailand, og møtet med så mykje fantastiske folk, godt klima og fin natur. Eg har også vore mange turar på Filippinane, der eg har fått mange gode vener. Fyrste gongen eg var på Filippinane lærte eg å kite, og vart heilt hekta. Så det er eit fast gjeremål kvar gong vi kjem dit! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Tone Skogen Halnes, Måfå, Heggenes, fødd 1974

Etter ungdomsskulen flytte eg heimanfrå for å ta vidaregåande skule, og tok utdanning som sveisar. Dei neste åra budde eg i hovudsak på Sørlandet, og vart rik på opplevingar. Mellom anna var eg hundeførar, eg dreiv ein Statoilstasjon og eit parkeringshus i Oslo, og ein Narvesenbutikk i Kristiansand. Eg var også mange år i forsvaret, som på den tida var sterkt mannsdominert. Der lærte eg å setje grenser, men også å setje meg høge mål. Då eg kom tilbake til Valdres i 2009 var eg med å starte opp Bufar, der vi forsøkte å få folk til å flytte til, og jobbe i Valdres. Deretter byrja eg som butikksjef på Coop Marked i Rogne, før eg til slutt enda opp som butikksjef på Coop Prix i Heggenes. Dette er ingen ni til fire jobb, og eg er «på» heile tida. Her er 15 tilsette med kvar sine behov, og eg er oppteken av at alle skal få vere seg sjølve, og få gje uttrykk for sine meiningar. Etter ein lang dag på jobb er det godt å setje seg på hesteryggen, for det gjev ei god avkopling. Eg har vore hestejente heilt frå eg var lita, og fekk tidleg min fyrste hest, ein islandshest. Sidan har eg vore eigar av nokre varmblodshestar, og har no to Shagya-araberar. Mannen min har også ein Shagya-araber, samt ein dølahest. Saman driv vi hestetrening, der vi hjelper hesteeigarar med alt frå temjing til utstillingsførebuing, og tilbyr turar for dei som har eigen hest. Men eg har også andre måtar å kople av på, for eg kosar meg stort når eg kan ta meg ein tur til skogs, der eg fyrar opp eit bål og kokar meg kaffi. Så tek eg inn lydane og synsinntrykka rundt meg, og nippar til kaffien som eg kanskje har hatt ein klunk med Baileys i, og let roa sige innover meg. Etter ein slik tur kan eg ta fatt på ei ny hektisk veke, med fornya krefter. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Ida Østvold, Nørsvingardane, Vang, fødd 1988

Det var då eg fekk sumarjobb som budeie i Gudbrandsdalen som 16-åring, at eg fann ut kva eg skulle ta meg til i livet: Eg ville bli gardkjerring på ein gard med stølsdrift! Dette var den sumaren då eg flytte frå Vallset på Hedmarken, der eg vaks opp, for å byrje på vidaregåande på Ottestad utanfor Hamar. Etter vidaregåande gjekk eg på folkehøgskule eitt år, før eg drog på ein åtte månader lang ski- og kanoekspedisjon nordaust i USA, noko som var eit eventyr! Sidan byrja eg på Sogn jord- og hagebruksskule, og der møtte eg kjærasten min, Sigmund, i 2010. Etter skulen flytte vi til Vang – der Sigmund er oppvaksen – og leigde garden til Nils og Liv Leine på Vennis. Her har vi 11 mjølkekyr av rasen Vestlandsk fjordfe, som er ein av seks utryddingstruga norske kurasar. Vi leiger også Ryssenstølen på Slettefjell, og stortrivst med å vere til fjells med kyrne! Men no skal vi ta over garden der Sigmund er oppvaksen. Her var tidlegare sauedrift, så vi må byggje om slik at det blir eit funksjonelt fjøs for mjølkeproduksjon. Dessutan drøymer eg om at vi skal få nytt ysteri på garden. Eg var mykje meir rastlaus før, men no når eg har funne meg kjærast og har vorte mor, er eg rolegare. Eg er veldig godt nøgd med livet slik det er no, og eg har kome dit eg har lyst til å vere. Livet vart slik eg drøymde om då eg var budeie i ungdomen, med gardsdrift, mjølkeproduksjon, støling og ysting. Eg kosar meg kvar dag eg er på jobb, med den store variasjonen i arbeidsoppgåver, med mykje utetid, og der eg styrer min eigen kvardag. Og når eg er ferdig med fjøsstellet, og set meg utandørs med ein kopp nykokt kaffe, der eg ser på utsikta og på kyrne som kosar seg i fjellheimen, då berre nyt eg, og kan ikkje betre ha det! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Inge Høivik, Hyggjande, fødd 1939

Eg har utdanninga mi frå Oslo lærarskule og musikkonservatoriet i Oslo, og fekk etter studiane jobb i Kautokeino, med ansvar for musikkundervisninga ved ein internatskule. Her var eg i tre år; frå 1960 til 1963. Før eg tok til ved internatskulen, hadde skulestyret vedteke at det skulle vere joikeforbod ved skulane i Finnmark, noko eg var sterk motstandar av. Men det var lite hjelp i å protestere, for forbodet vart handheva like til 1987. I Finnmark vart eg kjend med Regine og Frank Juhls, som hadde ei sylvsmie i Kautokeino, og interessa mi for det gamle handverket vart vekt. Derfor byrja eg på metall-lina ved kunst- og handverkskulen i Oslo hausten 1963, før eg flytte til Valdres og starta eigen sylvsmedverkstad i 1964. Men etter nokre års drift steig sylvprisane så mykje, at vi mista heile eksportsalet vårt. Så i 1980 valde eg å etablere ein keramikkverkstad i same bygget som sylvsmia, slik at eg skulle få fleire bein å stå på. Verksemda fekk namnet «Valdres sølvsmie og keramikkverksted», og ligg i Hyggjande i Vang kommune. Eg kan òg nemne at eg på same tomta opna Hyggjande vogn- og sledesamling i 1997, der det no står utstilt 50 gamle hestevogner og sledar. Ein av dei store lidenskapane mine er islandshestar, og eg rir så ofte eg kan. Eg har vore eigar av 25 hestar gjennom livet, og har no to. Sidan 1978 har hestane hatt beite ved foten av Slettefjell, der eg har ei lita hytte. Eg set stor pris på alle dei fine stundene eg har hatt her, for livet er godt på Slettefjell, både for hestane og meg.  (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Anne Margrethe Bergsbakken, Bjødnastølen, Etnedal, fødd 1963

Då eg var 13 år gamal fekk eg for fyrste gong sjå islandshestar, og sidan drøymde eg om å få mine eigne. Men det skulle gå enno 30 år før draumen vart verkeleg. No har eg ein ganske stor flokk, og eg har fordjupa meg i alle tenkjelege emne om hestar, som til dømes hestepsykologi, flokkmentalitet, hovstell og avl, og eg har til og med lært meg å lese islandsk. Eg har òg ein database der alle islandshestane i heile verda er registrert, med stamtavler som går attende til 1800-talet. Det er mykje jobb å skule hestane til å bli tilstrekkeleg trygge på så vel framande folk, som på dei som ikkje har ride før. Men etter kvart håpar eg å byggje opp ei bedrift rundt dette med ridinga, for som den etnedalspatrioten eg er, ynskjer eg å bidra til å skape aktivitet i bygda mi. Av yrke er eg lærar, og i tillegg til lærarskulen, har eg eit årsstudium i friluftsliv frå idrettshøgskulen. Eg har vore lærar ved ungdomsskulen i Sør-Aurdal sidan 1992, og eg elskar jobben min! For det å få jobbe med ungdom og gjere noko for dei, er noko eg verkeleg brenn for. Av og til tek eg med elevane opp til garden min så dei får ri, og då kjenner eg meg ekstra privilegert som kan kombinere interessene mine for ungdom, hest og friluftsliv. Alle elevane set stor pris på å få kome hit, men nokon har av ulike årsakar meir nytte av å vere her, enn andre. Og når eg frå tid til annan får høyre at eg har utgjort ein skilnad i livet til ein elev, ja då blir eg varm om hjartet! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2022 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑