Eg kjem opphavleg frå Polen, der det var kommunistisk styre dei fyrste åtte åra av livet mitt. Då eg var seks år byrja eg å danse, og frå midten av tenåra reiste eg mykje rundt i Europa og tevla i dans. Eg hadde lyst til å satse vidare, men etter kommunismens fall var det viktig å byggje landet og få ei utdaning, så mor mi sa at eg måtte studere. Derfor gjorde eg det, og valte å utdanne meg som farmasøyt. For snart 15 år sidan møtte eg ein valdris i Krakow, og vi fann ut at det skulle bli oss to. Vi måtte velje om vi ville bu i Polen eller Norge, og det vart til at vi flytte hit. Etter at eg kom til Valdres, jobba eg fyrst i eit par daglegvarebutikkar, før eg vart leiar på Strandefjorden Fritidspark. Så var eg ei tid på Munkekroen, før eg dei neste fem sesongane var ansvarleg for kafédrifta i alpinsenteret i Aurdal. Her lærte eg mykje, og eg vart utruleg glad i dei som jobba her, så det var vanskeleg å ta farvel. Men eg fekk tilbod om jobb på Valdres Mathus, og såg dette som ein stor sjanse. Elles serverar eg på Små Vesen, og har også tolkeoppdrag i Valdres og Buskerud. Det har vorte mykje jobbing, og eg har nok fått eit ord på meg for å vere flink. For er det ein ting eg har lært i livet, er det at ein må jobbe hardt for å lukkast. Når det gjeld dansen hadde eg lyst til å starte ein danseskule då vi kom til Valdres, men eg tenkte at det kanskje ikkje var liv laga, så eg slo det frå meg. Men eg svingar meg framleis når høvet byr seg, anten eg har jentefest heime, eller eg vaskar golvet! Valdres er fantastisk flott, med storslagen natur, og tallause turmoglegheiter. Sjølv var eg nok meir van med høge hælar og selskapskjolar enn anorakk, men dei siste to åra har eg vore på mange fjellturar, og det synest eg er veldig artig! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
Heile livet har eg vore fylt av uro, og mykje av årsaka til det, kjem nok av at eg har flytt 25 gonger. Men då eg såg ein video om meditasjon, vart eg overtydd om at dette var vegen til eit betre liv. 26 år gamal pakka eg, og reiste åleine til India på ein åndeleg søken. Eg var borte i nær eit halvt år. Ei anna viktig hending i livet, var då eg las Markens grøde. Eg vart sterkt inspirert av hovudpersonen i romanen, Isak Sellanraa, som braut ny mark, og levde av det jorda gav. Slik ville eg òg leve! Difor byrja eg på jordbruksskule i Aurland, men etter skulen tok kjærleiken meg til Danmark, og livet som nybrottsmann vart sett på vent. Medan eg budde i Danmark lengta eg tilbake til den norske naturen, og fekk derfor i stand eit samarbeid med to klassekameratar frå jordbrukskulen. Eg flytte til Vang og byrja kafédrift oppunder Mugnetind, der eg selte kvikako og rømmegraut som eg laga sjølv. På dei to sesongane eg dreiv her, rakk eg å bli glad i så vel Vang som Valdres. Så då eg fekk tilbod om å kjøpe eit falleferdig bureisingsbruk av Vang kommune i november i fjor, slo eg til. Bruket ligg litt utanfor allfarveg, og NRK er her og filmar for serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Det synest eg er litt artig! Planane for garden er ikkje spikra, men eg vil byggje ein laftehall, og håpar laftinga kan gje litt inntekt. Eg har gått lina for tradisjonshandverk på Hjerleid, og tek på meg ein del oppdrag innan faget her i Valdres. Eg har også lyst til å få brukt jordbruksutdanninga mi, og ynskjer å dyrke grønsaker etterkvart. Eg kjenner meg heime her på garden, og har etter mange år med kaos funne meir ro. Draumen er at eg endeleg skal slå røter, men då må eg stå imot trongen til å flytte, når det buttar imot. (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)
© 2025 — Avisa Valdres
Utviklet av Ormstad Multimedia — Opp ↑