Tag

Klimaspørsmål

Gudbrand Silvet Heiene, Slidre, fødd 1968

Eg vaks opp i Hedalen, og måtte flytte på hybel for å gå skule. Og sidan eg var ein ivrig skihoppar, søkte eg meg til skular med hoppbakke i nærleiken. Fyrste stopp var folkehøgskulen i Hurdal, så eit år på maskin og mek. på Raufoss, før eg gjekk tre år på idrettslina på Fagernes. Men eg var også interessert i musikk og song, og medan eg gjekk på idrettslina var eg med og fekk liv att i Arken Ten Sing. Dette gav meirsmak, så eg søkte meg inn på musikklina på bibelskulen i Oslo, og dirigerte også eit par kor medan eg budde i byen. Etter Oslo vart det ein del flytting og fleire studiar innan song, samt arbeid som dirigent både her heime og på Vestlandet, før eg kom attende til Valdres for godt. No er eg busett i Slidre, og har ei halv stilling som rektor på kulturskulen, og ei halv stilling som leiar for kultursektoren i kommunen. Eg syslar også med eit spennande prosjekt for å finne ut korleis vi kan få meir kompetanse på moderne teknologi i Valdres. Kort tid etter at eg kom heim til Valdres starta eg opp koret Kurve, som er eit av hjarteborna mine. Vi skal ha to konsertar no i september, ein på Svalbard og ein i Hedalen. Elles er eg glad i friluftsliv, og eg har tidlegare drive med klatring. Av turane eg hugsar best, var klatreturen opp sydpilaren på Stetind, og då eg hoppa frå det eine til det andre «hornet» på Svolværgeita. Eg har også vore oppteken av den globale situasjonen sidan byrjinga på 1990-talet, og er engsteleg for utviklinga. Eg håpar verkeleg ikkje at det går så langt at vi må slåst for maten. No som ungane våre har byrja på skulen, har eg eit håp om at det skal bli meir tid til sosialt samvære og friluftsliv framover. Og skal eg vere ærleg, drøymer eg om å kome i så god form, at eg kan ta til å hoppe litt på ski att! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

Anne-Guri Ekern, Beitostølen, fødd 1961

Eg hadde ein trygg og god oppvekst i Brumunddal, og dreiv aktivt med idrett og musikk. På vidaregåande fordjupa eg meg i språk, og reiste deretter som au pair til Frankrike for å lære språket betre. Etterpå hadde eg lyst til å studere tysk og fransk, men ein prat med far min gjorde at eg ombestemde meg, og vart fysioterapeut i staden for. Etter å ha jobba som fysioterapeut eit par år, fekk eg ein telefon frå Beitostølen Helsesportsenter, med spørsmål om eg kunne jobbe der eit par veker. Det er no snart 30 år sidan, og eg er framleis her! Eg synest det er artig å bidra til at folk med fysiske og mentale utfordringar kan flytte grensene sine, og ta sine eigne «riddarsprang». Vågar ein å ta spranget kan ein risikere å havne i fossen, men kjem ein seg over, er belønninga stor. Og her er eg nok sterkt påverka av onkelen min, Erling Stordahl, som var oppteken av å gje alle menneske moglegheiter. Elles er eg oppteken av klimaspørsmål, og er med i Beitostølen humleklubb og Besteforeldre mot global oppvarming. Eg var på klimatoppmøtet i Paris i 2015, og der fekk eg ein real vekkar. Vi sit på vår grøne grein her til lands, medan naturkatastrofene – som har vorte stadig større og hyppigare – i fyrste omgang råkar dei fattigaste stroka i verda, og det synest eg er trist. Det kjem til å bli mange klimaflyktningar, og det vil bli tøft å leve på jorda. Kvar og ein av oss må bidra etter beste evne viss vi skal vi klare å snu det, men tida er knapp. Av meir positive hendingar, må eg nemne «Riddarspranget 2018», der eg har vore med i styringsgruppa. Dette er eit stykke med lokale dansarar og skodespelarar, som blir vist i alpinbakken på Beitostølen den 24. og 25. august. Og eg gler meg skikkeleg til framsyning! (Tekst og foto: Arne Martin Bøe)

© 2024 Avisa Valdres

Utviklet av Ormstad MultimediaOpp ↑